Høgfjellet er eit av dei viktigaste rekreasjonsområda i verdsarvområdet. Det er nytta mykje om både sommar og vinter i form av ski- og fotturimse, og til dømes jakt og fiske. Fjordane er òg populære, med kajakkar, kanoar og robåtar i bruk. 

I området finst det ei mengd turar både for dei som ønskjer lette gåturar, dagsutflukter eller skikkelege langturar. Både Verdsarvparken og Den Norske Turistforening (DNT) har merka mange flotte turruter i området. I tillegg finns det fleire stølsvegar som er lette å følgje, gjerne med vandring på fjellet og lengre inn i området. Moglegheitene er størst innan spontane turar, men nokre organiserte turar vert arrangert kvart år. Ein turkalender er å finne på nettsida til Nærøyfjorden Verdsarvpark.

 

    • Aurlandsdalen

    • Rallarvegen i Flåmsdalen

    • Dei historiske vegane Vindhellavegen, Seltåsen og Sverrestigen -alle mellom Husum og Borgund stavkyrkje i Lærdal

    • Øvsthusdalen frå Stalheim

    • Ljosanddalen frå Mjølfjell

    • Ljosdalen frå Flåm

    • Jonadalen frå Undredal

    • Vegen frå Engi i Fresvik, om Fresvikbreen til stølsdalen Fresvik-Jordalen

    • Den gamle stølsvegen til Rimstigen med startpunkt på Bakka i Nærøyfjorden

    • Verdsarvturen på Rimstigen

    • Kongevegmarsjen på postvegen frå Bleiklindi til Styvi

    • Aurlandsmarsjen i Aurlandsdalen

    • Den norske Turistforening (DNT)

    • Stigen gard og Turer

    • Sivle gard

    • Dyrdal gard

    • Kystled Nærøyfjorden

    • Utsikten frå Prest i Aurland

    • Rasteplassen Stegastein på Aurlandsvegen mellom Aurland og Lærdal

    • Fjellet Beitelen som skil Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden

    • Bakkasundet i Nærøyfjorden

    • Fresvikbreen

    • Utsikta frå toppen av Stalheimskliva

    • Fjellet Bleia mellom Aurlandsfjorden og Sognefjorden

Allemannsretten – gleder og plikter

Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er eit gratis fellesgode som gir deg rett til å bruke utmarka, uavhengig av grunneigar. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Ein grunnregel for alle som nyttar seg av allemannsretten: Forlat naturen slik du gjerne vil finna den sjølv!

På beina og på ski kan du ferdast fritt i naturen, så lenge du viser omsyn og tek med deg alt avfall.

Ri og sykle kan du gjere på stiar og vegar.

Du kan plukke bær, sopp og vanlege blomar, men plukk ikkje trua og freda artar, som t.d. orkidear.

Kulturminne som gamle murar, fangstanlegg og gravrøyser er freda. Ikkje flytt på steinane.

Jakt og fiske er lov dersom du har jakt-/ fiskekort. Stongfiske er gratis for barn under 16 år. Det er ikkje lov å bruke levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk eller vått fiskeutstyr frå eit vassdrag til eit anna.

Motorisert ferdsel, med unntak av båt på fjorden, er forbode i verneområda, med mindre du har særskilt løyve. Dette gjeld også elsykkel.

Vêret i fjellet kan skifte brått både sommar og vinter. Sommaren kan by på låge temperaturar og tjukk skodde. Vintersola kan fort skifte til tett snødrev.

Du er sjølv ansvarleg for å vurdere vêr og føre, form og ferdigheiter og å førebu deg med eigna klede og utstyr.

Dei ulike verneområda har eigne reglar. Sjå informasjon om det enkelte verneområde her.


Sporlaus ferdsel