Nettbutikk

Nærøyfjorden Verdsarvpark har forskjellige bøker om Nærøyfjorden verdsarvområde og området rundt til utsal frå kontoret vårt på Heradshuset i Aurland. Me har og fått produsert ulike andre varer som òg er til salgs. 

Me sender òg med post, men då kjem det ein tilleggskostnad for porto. 

 

Bøker:

 

Gaute Gneis Får eit Oppdrag
Ei fantasifull forteljing om geologien som ligg til grunn for verdsarvstatusen til Vestnorsk fjordlandskap.  Forfattar: Merete Løvoll Rønneberg, Illustrasjon: Berit Barlaup 

Bergartar, miniralar, elvar og isbrear vert gjort levande gjennom  historia om Moder Mantel, Bergfolket og Gaute Gneis.  Boka kan skapa ei interesse for natur, geologi  og dei elementa som har vore med på å forma fjordlandskapet vårt, og forfattaren har fletta i saman fakta og fantasi på ein måte som forenklar det samstundes som at det skapar ein nysgjerrigheit.

Geirangerfjorden Verdsarv har frå fyrste dag arbeidd mykje med formidling av verdsarven til barn og unge. «Gaute Gneis får eit oppdrag» er den første boka i ein serie av bøker om verdsarven tilrettelagt for skulebarn.

Denne boka har òg vorte dramatisert av kreative elevar på Flåm skule.

Pris: kr.  248,-

 

 

Opptur Nærøyfjorden – 88 turar kring verdsarvfjordane

OPPTUR Nærøyfjorden tek deg med på 88 turar i verdsarvområdet i Indre Sogn, frå Vik i vest til Lærdal i aust, frå Sognefjorden i nord til Voss i sør. Her finst noko av det flottaste fjordlandskapet i verda. Opplev vill og vakker natur og rik kulturhistorie ved Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, i Flåmsdalen og Aurlandsdalen, på Fresvikbreen og Bleia.

Alle rutene er teikna inn på flyfoto og har fyldig turomtale. Boka inneheld 86 fotturar, ein sykkeltur og ein padletur gjennom kommunane Aurland, Lærdal, Voss og Vik.

Dette er femte boka i den populære OPPTUR – serien. Tidlegare bøker er om Sogn og Fjordane (2005), Hordaland (2007), Geirangerfjorden (2009) og Jotunheimen (2009). Samla har bøkene 849 turskildringar i kremen av norsk natur.

Forfattar: Tom Dybwad. Fotograf: Finn Loftesnes.

Pris: kr. 398,-

 

 

Verdsarv Nærøyfjorden 

Praktbok med vill og vakker vestlandsnatur, no på UNESCO si verdsarvliste. Forfattar: Tom Dybwad.
Fotograf: Finn Loftesnes.
Nærøyfjorden i Sogn er saman med Geiranger på Sunnmøre på verdsarvlista som Vestnorsk fjordlandskap. Området i Sogn omfattar fjord- og fjellandskap ved Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, med kjende bygder som Stalheim, Gudvangen, Undredal og Flåm. Her er det styggbratt, fossane kastar seg nedover fjellsidene. Ein båttur på fjorden gjev fleire hundre tusen turistar kvart år eit minne for livet. Praktfulle foto i ekstra stort format. Norsk og engelsk tekst. 

Pris: kr.  398,-

NB! Denne boka er ikkje lenger i produksjon og Parken har under ein pall med bøker att.
Dette er difor siste gongen denne boka vert lagt ut for sal.

 

 

Nærøyfjorden

Fjordlandskapet rundt Nærøyfjorden vart i 2005 innskrive på UNESCO si Verdsarvliste over dei mest spesielle og verneverdige naturområda i verda.                                

Kvart år reiser over 300 000  inn denne tronge fjorden som er omkransa av dramatiske fjell og høge fossefall. Til dette landskapet tar Johs. B. Thue oss med på ei reise – i fortid og notid, sommar og vinter. Forfattaren fortel om korleis fjordlandskapet vart forma, om fjorden som ferdsleveg og om korleis folk har levd her. Vi møter viking og geitebonde, diktar og spelemann. Han let oss òg få smake på lokale matvarer som geitost og røykelaks. Boka inneheld kart og er rikt illustrert. 

NB! Denne boka kan ein få kjøpt på både norsk og engelsk. 

Pris kr. 149,-

 

Andre varer: 

 

Handleveske i bomull:

Pris Kr. 150,- 

 

Ynskjer du å kjøpa bøker eller andre varer hjå oss, send din bestilling med post adresse og anna kontakt informasjon til oss på post@naroyfjorden.no 

Fotograf Bannerbilete: Astrid Aunan