Revisjon av Parkplanen

 Oppstartsmelding for rullering av parkplanen for Nærøyfjorden Verdsarvpark

Nærøyfjorden Verdsarvpark sitt viktigaste styringsdokument, Parkplanen, vart sist oppdatert i 2014: No har Verdsarvparken sett i gong ein prosess for å fornye planen.

 

Det er utarbeidd ein prosjektplan for arbeidet. Om målsettinga for rulleringa vert det her sagt:

«Grunnleggande målsettingar for Nærøyfjorden regionalpark må stå fast. Det er eit mål uttalt frå parkleiinga å revitalisere parken i brei forstand, der ein likevel held på retningsvala som er gjort i tidelgare planar. Rulleringa skal dessutan gje planen ei oppdatering av tekstleg innhald til dagens situasjon

Vidare er det eit mål for sjølve prosessen å gje «… ei revitalisering av stiftarane sin bevisstheit kring verdsarven og om parken, og ei revitalisering av partnarane sin forankring i-, bruk av-, og skaping for parken

Ein prosjektplan for prosessen vart godkjend av styret for Nærøyfjorden Verdsarvpark i styremøte 23.06.2023. Her vart det og bestemt at styret si arbeidsgruppe, som består av 3 styremedlemmar inkl. leiar, skal være prosjektet si styringsgruppe. Planen vil få fokus i komande Parkmøte. I tillegg til dette vil det verte nedsett ei referansegruppe beståande av representantar frå stiftarar, partnarar, parkadministrasjonen samt verneområdeforvaltinga. Det vert og etablert ei fagleg rådgjevingsgruppe til støtte i arbeidet, beståande av Hanne Lykkja (rådgjevar besøksforvalting, Nordland fylkeskommune), Kristian Bjørnstad (dagleg leiar, Norske parker) og Morten Clemetsen (forskar innan landskap og stadutvikling, NMBU). For å involvere kommunane, også på politisk nivå, vil me legge opp til å besøke dei nye kommunestyra i løpet av hausten. Verdsarvparken har engasjert Siri W. Bøthun frå Sogn Naturforvalting som prosjektleiar. Bøthun vil arbeide i tett samarbeid med parkleiinga.

 

Arbeidet vil gå gjennom 3 fasar, der det vert lagt til rette for medverknad frå stiftarar, partnarar og samarbeidspartnarar i alle fasane. Prosessen er tenkt gjennomført frå sommaren 2023 til våren 2024, slik:

  1. Evaluering av noverande plan, tidsperiode: Juli – oktober:

´  Spørjeundersøking

´  Dialogar

´  Drøfting i referansegruppe

´  Prosjektnotat «Evaluering»

2. Utarbeiding av planframlegg, tidsperiode: Oktober til februar:

´  Bruke evalueringsnotatet

´  Besøk i kommunestyra

´  Workshop i Parkmøtet

´  Drøftingar i referansegruppa

´  Framlegg for styringsgruppa

3. Høyring, tidsperiode: Mars:

´  Utsending av høyringsframlegg til alle partar

´  Vurdering av innspel, innarbeiding av endringar

Det er eit mål å få eit vedtak av ny plan i løpet av april månad.

 

I nær framtid vil utvalde representantar verte invitert til å sitte i referansegruppa. Denne gruppa vil samlast to gonger gjennom prosessen, ein gong under evalueringa og ein gong i samband med utarbeidinga av planframlegg. 

Alle partnarar vil elles få høve til å kome med input til ny plan ved tre høve; i spørjeundersøkinga tidleg i prosessen, under Parkmøtet hausten 2023, og under høyringa av planframlegg våren 2024. Spørjeundersøkinga vil være ein viktig del av evalueringa, denne vert send ut til alle partnarar, inklusive stiftarane. Me håpar så mange som mogleg vil sjå seg tid til å svare på denne, og at nokre av dei som svarar og er villige til å verte intervjua for å fylle ut biletet.

Kvar og ein er velkomen til å kome med spørsmål og innspel direkte til parkleiinga eller til prosjektleiar undervegs. Me håpar så mange som mogleg vil engasjere seg, slik at me får eit tidsriktig og godt styringsdokument i åra framover.

 

Beste helsing

 

Erling Oppheim                                                                                 Siri Wølneberg Bøthun

Dagleg leiar                                                                                      Prosjektleiar

Nærøyfjorden Verdsarvpark                                                               Sogn Naturforvalting AS

erling@naroyfjorden.no                                                                     siri@sbnatur.no