Stokko

 

Middels

Type: Fottur

Lengde: 5,7 km

Varighet: 3 timer

Sesong: Heile året

Turen er delvis skilta og merkt, og går både på asfalt og grusveg i starten, litt traktorveg, men for det meste sti i kuppert terreng. 

Turen startar ved Pottefot (parkeringa rett før bebyggelsen). Følg Undredalsvegen om lag 200 meter nedover mot sentrum, ta deretter til venstre mot Undredal stavkyrkje. Vidare går du forbi stavkyrkja og gjennom eit gardstun og vidare ovanfor nokre hus til du kjem inn på ein traktorveg, der vil du sjå namneskiltet "Krossnes". Følg traktorvegen gjennom slåttemarka langs fjorden til du kjem til eit grønt naust, her går traktorvegen over til sti. Stien held fram i nedkant av slåttemarka og stig deretter opp og over nokre svaberg rett bak eit raudt naust. Svaberget kan opplevast noko skummelt om ein er redd for høgder og/eller slit med balansen, men skal vera godt sikra. 

Vidare herifrå går stien oppover og gjennom ei noko grov steinur til du er komme opp på det høgast punktet på stien, 40 moh. Stien svingar seg ned att gjennom ura mot Dorganes nede ved fjorden. Her kan det vera fint med ein liten pause. Herifrå går stien litt småkupert over små slåtteteigar og gjennom småskog til den endar opp på Stokko. 

På Stokko er det offentleg utedo om det er behov for det.

PS: sjølv om turen kan virke enkel og lett framkommeleg er det lurt å ha godt skotøy då turen går gjennom ein del ur.

God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under

 

Sporlaus ferdsel

  • Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

  • I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

  • Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

  • Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

  • Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

  • Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.

  • Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

  • Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

Gasta Design