Regionalpark

Regionalparkar er godt innarbeidd i andre Europeiske land, men i Noreg er dette eit konsept som stadig er under utvikling. Konseptet har som mål å skape ei integrert områdeforvaltning og auka verdiskaping bygd på lokale natur- og kulturressursar.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein av dei første norske utgåvene av regionalpark og er eit resultat av utviklingsprosessar som har starta på grasrota. Etableringa sprang ut av eit ønskje om eit heilskapleg grep om natur- og kulturbasert samfunnsutvikling og eit behov for å samordne kommunar og aktørar tilknyting til verdsarvområdet. 

Frå volum til nisje

Som mange andre bygdesamfunn har Aurland utfordringar i høve til fråflytting, svak næringsutvikling, konfliktar rundt naturvern og ivaretaking av natur og kulturarv.  Ei dagsaktuell problemstilling er den dramatiske omstillinga i landbruket. I Aurland meir enn dei fleste stader aktualiserer dette eit tidsskilje frå volumproduksjon til nisjeproduksjon. Stadig fleire i landbruket ser nye mogelegheiter i å tilby innhald i eit til no relativt gjennomfartsdominert og passivt reiselivsprodukt. Kan den regjerande transport-, overnattings- og serveringsfokuserte reiselivsnæringa finne eit interessefellesskap med den nye opplevingsbaserte landbruksnæringa? Kan ei slik økonomisk utvikling sameine vern og utvikling på ein forpliktande måte?

Felles plattform og møteplassar

Erfaringar frå dei europeiske regionale naturparkane viser at dette faktisk er mogeleg under føresetnad av to vilkår er til stades: – at ein maktar å samle seg om ei felles kvalitativ plattform – at ein maktar å etablere møteplassar og rammeverk for strategisk samhandling mellom alle aktørar med legitime roller å ivareta i dette biletet.

Dette er noko av bakgrunnen for opprettinga av Nærøyfjorden Verdsarvpark.

 

Verdsarvområde

Vestnorsk fjordlandskap fekk offisiell status som UNESCO verdsarv i 2005. Nærøyfjorden er eitt av delområda i Vestnorsk fjordlandskap. Verdsarvområdet femner om dei verna områda, men i tillegg kjem dei busette områda i Undredal, Dyrdal, Bakka, Styvi, Tufte, Gudvangen og Nærøydalen.

Dei tre naturreservata og  dei to landskapsvernområda omfattar eit område  på om lag 683 km2. Dei vart vedtekne som verneområde mellom 1995 og  2004. Nærøyfjorden landskapsvernområde, vedteke i  2002, var nyskapande ved at verneforskrifta vart utv

Verneområde

Dei tre naturreservata og dei to landskapsvernområda omfattar eit område på om lag 683 km2. Dei vart vedtekne som verneområde mellom 1995 og 2004. Nærøyfjorden landskapsvernområde (2002), var nyskapande ved at verneforskrifta vart utvikla med høg grad av involvering av lokalsamfunna. Nærøyfjorden verneområdestyre med verneområdeforvaltar har ansvaret for verneområda.

Verdsarvparken

Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som ei stifting i 2008. Føremålet er å drive samfunns- og næringsutvikling. Utviklingsarbeid, skjøtsel og restaurering bidreg til å ivareta verdsarven og lokal kultur. Verdsarvparken skal vera eit fyrtårn og ein pådrivar for verdsarv som kvalitetsplattform.