Styvi-Bleiklindi

 

Middels

Type: Fottur

Lengde: 5,2 km

Varighet: 2 timer

Sesong: Heile året

Vegen mellom Bleiklindi og Styvi var ein viktig del av postvegen mellom Bergen og Oslo i gamledagar. Den gamle postvegruta gjekk vanlegvis med båt mellom Lærdal og Gudvangen innerst Nærøyfjorden, men seinhaustes og til ut i april kunne det ligge is inne i Nærøyfjorden. Då måtte ein legge til kai ved Styvi og frakte med seg posten til fots til Bleiklindi, og deretter krysse fjorden på isen til grenda Bakka som hadde kjerreveg vidare innover fjorden mot Gudvangen. 

Vegen mellom Bleiklindi og Styvi følgjer i hovudsak strandlina der det er mogleg. Vegen har vakre bakkemurar, stikkrenner og grøfter. I Galdane, like vest for Styvi, er det bygd ei trebru langs fjellet slik at ein kan passera dette bratte fjellpartiet. I sommarsesongen kan ein møte på beitedyr dei ulike slåtteteigane og turen er i seg sjølv ei kulturhistorisk perle som passar for heile familien. 

Ein kan starte turen frå både Bleiklindi og Styvi, og ein kan gå tur-retur om ein vil. Men det ein må merke seg er at ein uansett må ha båtskyss for å komme til start. Kan lett kombinerast med padletur i kajakk. 

God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under:

 

Sporlaus ferdsel

  • Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

  • I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

  • Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

  • Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

  • Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

  • Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.

  • Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

  • Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

Gasta Design