Brekkefossen/Raokjen

 

Middels

Type tur: Fottur

Lengde: 1,3 km

Tid: 1 time, 30 minutter.

Sesong: Heile året

Det er ikkje mange fossar ein kan få sjå på så nært hald som Brekkefossen. Turen hit er populær blandt både turistar og lokale turgåarar. Her kjem ein fort opp i høgda og får god utsikt nedover mot nedre delen av Flåmsdalen og fjorden utover mot Aurland. 

Sjølve stien startar ved Brekkevegen, ca 2 km frå Fretheim (Flåm stasjon). Følg vegvisarpila mot Grindaflethytta og Brekkefossen / Raokjen. Turen går gjennom oreskog og bjørkeskog. Starten er ein godt grusa sti, deretter følgjer 578 trappetrinn i stein heilt opp på Raokjen. 

Opprinneleg er stien ein del av kløvvegen til stølane i Ljosdalen, så om ein ynskjer ein litt lengre tur kan ein følge stien vidare på ei T-merka løype gjennom ei grind og oppover kløvvegen mot Ljosdalen eller heilt over til Grindaflethytta. Stien som er merka av DNT er lett å finna, men bratt og litt ulendt enkelte stader. 

OBS: Ved stor vassføring kan fossesprøyten drive over på utsiktspunktet og ein kan risikere å bli våt.


 

God tur i verdsarven!
Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under:

Sporlaus ferdsel

  • Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

  • I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

  • Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

  • Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

  • Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

  • Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.

  • Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

  • Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

 
 
Gasta Design