Hovdungo

 

Krevende

Type: Fottur

Lengde: 6,4 km

Varighet: 3 timer

Sesong: April-november

Turen er skilta og delvis merka, og den vekslar mellom grusveg, traktorveg og godt synleg sti. Mesteparten av turen går i furuskog før den i det høgaste partiet går i fjellvegetasjon med lyng og fjellbjørk.

 Frå parkeringsplassen på Vikesland startar turen på ein slak grusveg. Etter ca 1 km er det eit vegskille, følg pilskilt som syner veg vidare mot Hovdungo langs ein traktorveg med god stigning. Etter ca 300 m på traktorveg skal ein ta av på ein sti på venstre kant, herifrå er det relativt bratt stigning til ein kjem til Klantadokki som er det høgaste punktet på turen. Det siste partiet er slakt til ein kjem til stølsvollen rundt Hovdungo som ligg på 780 moh. Her får ein utsikt over Aurlandsfjorden og dei kringliggande fjella.

Frå stølsvollen kan du gå vidare 500 m til utsiktspunktet Berget 808 moh, der du ser innover Vassbygdi mot Aurlandsdalen og får god oversikt over området rundt Prest, Stegastein og Turlifossen. Ynskjer du ein lengre tur er det mogleg å gå vidare til Hovdungovarden (1.243 moh) eller Blåskavlavarden (1.443 moh).

PS: Hald deg på stien! Fjellområdet har mange "joer" (sprekker i grunnen) som kan vere vanskeleg å sjå i terrenget. Mange av desse kan bli svært djupe og kan vere livsfarleg å falle ned i.

God tur! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under

 

Sporlaus ferdsel

  • Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

  • I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

  • Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

  • Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

  • Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

  • Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.

  • Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

  • Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

 
 
Gasta Design