Stegastein

 

Krevende

Type: Fottur

Lengde: 6,3 km

Varighet: 3 timer og 30 min

Sesong: Mars-Oktober

Frå Aurlandsvangen startar turen på asfalt opp mot Vinjane lags Vinjavegen, og når Vinjavegen går over frå asfalt til grusveg er det etter omlag 50 meter skal ein ta av gjennom ei lita grind på oppsida av vegen. Der startar sjølve stien. Dersom du startar ved parkeringa ved Aurland stadion kan du gå vegen Bakkane til du gjem inn på nemnte Vinjavegen og følgje samme skildring derfrå. 

Stien er merka med raude merke, og har mellombels skilt som syner retning. Det er satt opp gjerdeklyv der ein må krysse gjerder for å unngå bruk av grinder. Dersom ein går med hund kan desse bli ein utfordring dersom ein ikkje klarar å løfte hunden over gjerdet. I sommarsesongen er det beitedyr på delar av strekninga, hugs båndtvang for hund.

Stien startar med bratt stigning og går i starten gjennom ei steinur som kan vera noko utfordrande for enkelte. Stien svingar seg oppover gjennom bjørkeskogen og har nokre bratte parti, og kan vera glatt å gå når det er mykje regn.

Etter omlag 1,5 km passerar ein Dagsturytta som ligg ca. 50 meter frå stien og er lett synleg. Denne er eit populært turmål og byr på vakker utsikt. Ein perfekt plass å ta seg ein liten pause før ein går vidare.

Omlag halvvegs kryssar turstien ein traktorveg, og der kan stien vere litt vrient å finne i skogen på oppsida. Det er både skilta og merka med raude merker, men om ein overser det første raude merket når ein går av traktorvegen er det fort gjort å gå forbi stien. (Ta til høgre på traktorvegen som anvist med pilskilt. Ta av til venstre etter omlag 15 m, hold venstre opp i skogen og sjå etter saude merker) Følg merkinga vidare langs etter ein bergvegg ca. 100 meter så kjem ein fram til eit nytt pilskilt, Der går turen vidare på gamal kløvveg. 

Kløvvegen vert brukt av bøndene i aurland for å komme seg opp på stølane på fjellet, men og av bøndene på høgdegardane for å komme seg ned til bygda. Kløvvegen er delvis oppmurt i svingar og har jamn og fin stigning til den passerar utsiktspunktet Stegastein. Før ein kjem heilt opp til Stegastein vil ein kunne skimte turmålet gjennom skogen over seg. 

God tur!

 
 
Gasta Design