Styringsdokument

Vedtekter

Stiftinga skal ha som føremål å samordne den samla innsatsen i høve verdsarvstatusen for Nærøyfjordområdet.  Stiftinga sine vedtekter kan du lese her

 

Parkplan

”Parkplanen er ein langsiktig strategi- og handlingsplan som omtalar verdiplattform/ visjon, utfordringar, målsetjingar samt peikar ut overordna satsingar og tiltak.

Dokumentet har m.a.o. som siktemål å vere eit sentralt grunnlag for samarbeid og eit styringsdokument for Nærøyfjorden Verdsarvpark. Arbeidet med denne utgåva av Parkplanen bygger på førsteutgåva av planen frå 2009 og ein grundig planprosess. Prosessen vart innleia med eit arbeidsmøte i Verdsarvparken sitt arbeidsutval sommaren 2013. 
Hausten 2013 vart eit planutkast presentert for kommunestyra i Lærdal, Aurland, Vik og Voss. I tillegg vart det orientert om hovudtrekka i planen på Verdsarvparken sitt partnarmøte i Gudvangen den 2. oktober 2013.

Framlegg til revidert parkplan vart lagt ut til høyring hjå stiftarar og partnarar i november 2013. Stiftarane vart under høyringa særskilt oppmoda til å legge dokumentet fram for relevante politiske organ til handsaming. Det vart registrert 13 innspel i samband med høyringa. Desse vart drøfta i Parken sitt arbeidsutval den 16. desember 2013.

Parkstyret godkjende og vedtok Parkplan med endringar i møte den 8. januar 2014”

Last ned parkplan her (1 MB)

Parkmøtet

Kvart år arrangerer Nærøyfjorden Verdsarvpark Parkmøtet, som både skal fungere som årsmøte og som fast, årleg samlingsstad for partnarane våre og andre som er nysgjerrige på og som har særskild interesse for parken og det me jobbar med.

Parkmøtet skal òg vera ein arena for fagleg kunnskapsauke og inspirasjon ut frå tema som er særleg relevante for parksatsinga og partnarane våre.

 
 

 

Handlingsplan 

”Verdsarvparken sin årlege handlings – og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarar, parken sitt styre, arbeidsutval og tilsette. Handlingsplanen konkretiserer tiltak og innsats i tråd med dei langsiktige satsingsområda fastsett i Parkplanen. 

Dokumentet er parkorganisasjonen sitt grunnlag for ei rekkje søknader om midlar til delfinansieringa av prosjekta og tiltaka omtalt i Handlingsplanen. Dette er òg ein dynamisk tiltaksplan som vert oppdatert i tråd med initiativ og tilgjengelege ressursar. 

Handlingsplanen er slik sett ikkje eit endeleg tilsegn om ressursar/ midlar frå parken si side, men parken vil ta kontakt og orientere prosjekteigar etter kvart som tilsegn ligg føre. Ta gjerne kontakt med dagleg leiar om de lurer på noko i denne samanheng.”

Retningslinjer for innspel til handlingsplanen finn du her. 

Skjema for innspel til handlingsplanen finn du her. 

 

Handlingsplan for 2024

Handlingsplan for 2023

Handlingsplan for 2022

Handlingsplan for 2021

Handlingsplan for 2019

Handlingsplan for 2018

Handlingsplan for 2017

Handlingsplan for 2015

Handlingsplan for 2014

Handlingsplan for 2013

Handlingsplan for 2012 

Handlingsplan for 2011

 

Restaureringsplan

I innskrivinga av Vestnorsk fjordlandskap på verdsarvlista vert dei kulturhistoriske verdiane i området trekt fram:

«Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.»


Hovudutval for kultur idrett og inkludering handsama revideringa av Restaureringsplan for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden i sitt møte den 26. oktober 2021.

Restaureringsplanen har som mål å bidra til at verdiane til kulturminna i verdsarvområdet vert tattvare på i eit langsiktig perspektiv, og gjennom dette bidra til å oppretthalde verdsarvområdet sine eineståande universelle verdiar. Kulturminna i verdsarvområdet representerer mange ulike verdiar og moglegheiter knytt til kunnskap, oppleving og bruk.

Ved å setje istand kulturminna på ein god måte kan dei brukast, samstundes som dei kulturhistoriske verdiane dei har vert tatt vare. Godt bevarte kulturminne bidreg også til å skape grunnlag for verdiskaping, kunnskapsbygging og gode opplevingar i verdsarven.

Restaureringsplan for Vestnorsk fjordlandskap - delområde Nærøyfjorden (2021)

Planen som no er vedteken byggjer på restaureringsplanen frå 2014. Den finn du her:

Restaureringsplan for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden (2014).

Ei viktig endring å merka seg er at restaureringsplanen av 2021 representerer ei utviding i høve til typar kulturminne som er tekne med, samanlikna med den eldre utgåva av planen. No omfattar restaureringsplanen ikkje berre verneverdige bygg og bygningsmiljø, men t.d. og historiske ferdslevegar, murar og heilskapelege kulturlandskap. Det bidreg til å gjere den nye planen viktig og relevant for alle dei fire verdsarvkommunane i Nærøyfjordområdet, både for forvaltning og eigarar, og den vert såleis eit viktig dokument for enno fleire, t.d. i samband med søknad om prosjektmidlar innafor verdsarven.

AURLAND NATURFOND SINE VEDTEKTER

Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond som vart etablert i samband med omorganiseringa av Aurland Naturverkstad frå BA-selskap til AS der BA-selskapet vart avvikla. BA-selskapet sine verdiar vart lagt inn i Aurland Naturfond. 

Fondet har til føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings –og kompetanseutvikling innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling.

Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet. Midlane kan nyttast til ma. kurs, studiereiser, eller opphald i samband med opplæring. Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eiga bedrift/ næring.

Vedtekter for fondet kan de lasta ned her