Stalheimsfossen

 

Enkel

Type: Fottur

Lengde: 1,3 km

Varighet: 1 time

Sesong: Heile året

Kort vandring til ein mektig foss!

Dette er ein kort og lett tur til foten av mektige Stalheimsfossen. Stien startar ved ei informasjonstavle ved botnen av Stalheimskleiva og går innover på venstre side av elva. Stien er brei og lett å gå, godt tilrettelagt for både rullestol og barnevogn. 

Nærleiken til elva gjer det til ei stor natoroppleving å gå her. Ein går gjennom mykje skog innover det vetle "juvet" heilt til det opnar seg opp ca 200 m frå fossen. Her kjem ein tilslutt fram til ei rampe/utsiktspunkt det ein kan nyte fossen på trygg avstand. Fossen har ei total fallhøgd på 126 meter og er med det den 95. høgaste fossen i Noreg.

OBS: Ved stor vassføring kan fossespruten drive nedover forbi utsiktspunktet og ein må rekne med å bli våt.

God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under

 

Sporlaus ferdsel

  • Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

  • I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

  • Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

  • Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

  • Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

  • Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.

  • Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

  • Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

 
 
Gasta Design