Huldafossen

 

Middels

Type: Fottur

Lengde: 5,5 km

Varighet: 2 timer og 30 min

Sesong: Heile året

Frå Fresvik kan du ta turen til Huldafossen. Turen til Huldafossen er ein lett tur på ca 2,5 km ein veg. Stien går til Storøyna, eit ope område som vert nytta til sauebeite. Hugs å lat att grindar på turen. For å koma til området kan du køyra på bilvegen frå bygda til stølen Engi. Ynskjer du ein lenger tur kan du parkera lenger nede i dalen, og gå grusvegen til stølen. Frå Engi går det sti inn Stordalen med flott utsikt til Huldafossen og Fresvikbreen. 

Ver forsiktig med å gå for nær opp til fossane, på grunn av fare for steinsprang. På Bjørkehaug, før Storøyna, er det ei trimkasse. Herifrå går stien bratt opp til høgre til stølen Helgedalen. Denne stølen er ikkje lenger i bruk, og det er berre tufter att av dei gamle stølshusa.

God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under

 

Sporlaus ferdsel

  • Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

  • I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

  • Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

  • Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

  • Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

  • Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.

  • Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

  • Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

Gasta Design