Nytilsett prosjektleiar for satsinga "Vandring og verdiskaping"
Bengt Erlend Skjerdal (32) er nyleg tilsett som prosjektleiar for Parken si 3-årige satsing på "Vandring og verdiskaping".
Referat og oppsummering frå Parkmøtet 2016
Parkmøtet 2016 vart arrangert 3.mai på Fretheim Hotell i Flåm. Som før var møtet delt i to der fyrste delen var open for partnarar, medan del to var eit oppfølgingsseminar for dialogkonferansane som vart arrangert i 2015.
Ledig stilling som Prosjektleiar.
Nærøyfjorden Verdsarvpark har no for snarleg tilsetjing, Ledig stilling som prosjektleiar.
Nærøyfjorden Verdsarvpark søkjer etter ein person med allsidig kompetanse og god røynsle frå 
organisering og gjennomføring av større kulturarrangement og - festivalar. I tillegg vil stillinga få ansvar for Parken sitt samla interne og eksterne informasjons- og kommunikasjonsarbeid. 
Fylgjande to sentrale arbeidsfelt ligg til stillinga:
Jurien har talt, vinnaren av fotokonkurransen "Å leva med Verdsarven" er......
Brita Underdal frå Undredal er vinnaren av fotokonkurransen«Å leva med Verdsarven»
Kven er Framtidsbonden, og kva er framtida for norsk landbruk?
NRK Brennpunkt har laga ein dokumentar som omhandlar framtidsbonden og om det finst eit alternativ til dagens jordbrukspolitikk.
Takk for bidraga til Jubileumskonkurransane!
Takk til alle deim som tok seg litt tid til å reflektera over det "Å leva med verdsarven"! Fristen for innsending av bidrag var 31. januar,. Me fekk inn om lag 100 bilete frå 35 innsendarar og 2 filmar.
Me er no i prosessen med å sortera bileta, og me ser allereie no at oppgåva har vorte løyst på mange, utruleg, flotte måtar.
Så snart me har fått kåra ein vinnar kjem me med informasjon og ikkje minst vil me syna fram dei bileta som vert premierte.
Østerbø Fjellstove er ny partnar i parken!
Me ynskjer Østerbø Fjellstove velkomen som ny partnar i parken!
Østerbø Fjellstove ligg 820 m.o.h. like ved Aurdalsvatnet i Aurlandsdalen og er eit utmerka utgangspunkt for korte og lengre turar i den vakre Aurlandsdalen. Fjellstova har òg røter attendes til 1600-talet, med bygningar og spor etter lafta bygg frå 1740-tallet.
Sjekk ut nettsida deira for meir informasjon om Østerbø Fjellstove.
Søknadsfrist for midlar til turstiprosjekt-15. februar 2016!
Føremålet med det nasjonale «Turskiltprosjektet» er å medverke til at friluftsferdselen der folk bur og oppheld seg, vert auka og tryggja.
Det vil vi gjere gjennom informasjon, skilting og merking. Dette inneber at fylkeskommunen saman med Gjensidigestiftelsen har sett av tilskotsmidlar til merking og gradering av turløyper i Sogn og Fjordane. Det er, for Sogn og Fjordane sin del, ei vidareføring av Vestlandsprosjektet for merking og gradering av turløyper, som starta opp i 2011.
Frist for søknader til Aurland Naturfond er 1. mars 2016!
Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond som vart etablert i samband med avviklinga av Aurland Naturverkstad BA.
Fondet har til føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings –og kompetanseutvikling innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling. Fondet skal i utgangspunktet fordelast gjennom årlege søknadar/ ubetalingar over ein periode på 20 år; noko som pt. tilsvarar om lag kr. 26 500,- pr. år.
I 2015 mottok fondsstyret 6 søknader kor 3 søkjarar fekk tilsegn om midlar.
Nytt styre for Nærøyfjorden Verdsarvpark!
Onsdag 13. januar vart årets fyrste styremøte for Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangert på Flåmsbrygga i Aurland kommune.
I tillegg til val av ny styreleiar var det òg ein del nye ansikt som var med på møtet for fyrste gong frå både verdsarvkommunane og fylkeskommunen i etterkant av valget hausten 2015.
Frist for å søka på midlar for UNESCO-føremål
Frista for å søka midlar for UNESCO-føremål hjå den norske UNESCO-kommisjonen er 1. februar 2016.
Desse kan søke: Frivillige organisasjonar, instituasjonar innan forsking eller utdanning, andre ikkje-kommersielle aktørar. Søkarar skal òg vera registrert i Brønnøysundregisteret.
Ein kan søka midlar til arbeid som fremmar UNESCO-relaterte spørsmål.
Satsingsområda for 2016:
- Fressefridom/Ytringsfridom
 - Berekraftig utvikling
 - Immatriell kulturarv
 - Verdsarven
 - Demokratiutvikling
 
Sjå den norske UNESCO-kommisjonen si heimeside for meir informasjon om dei ulike satsingsområda for 2016. Der vil du òg finna elektronisk søknadsskjema.
Infrastrukturmidlar reiseliv til Brekkestien i Flåm.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har nett gjeve tilsegn om kr. 121 000,- til Verdsarvparken og planlagde tiltak knytt til utbetring og istandsetjing av Brekkestien i Flåm. Verdsarvparken har med dette henta inn tilsaman kr. 521 000,- til dette samarbeidsprosjektet mellom grunneigarane, Parken, Aurland kommune og verneområdeforvaltning.
Planlagt tiltak har til føremål å utbetre stien frå Grindahølen til Brekkefossen, eit mykje nytta turmål for både gjester til og busette i området.
Oppstart vil venteleg skje våren 2016.