Ny leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.
Ny leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.
Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremja av verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.
Ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb, vart den 1. desember 2015 valt til ny leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2016 - 2017. Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, vart på same tid valt til nestleiar.
Hovudsekretariatet følgjer leiar og vertfom. dd. lagt til stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark for dei neste to åra.
Tepper frå Aurland til heimar verda rundt
Ingeborg Breisnes Lunde gjer noko som ikkje på langt nær alle kan, nokon vil å seie at det er ein døyande kunst. Ho har emna til å veva dei flottaste motiva og formidle ei historie gjennom desse bileta. Ho har kundar i alle verdshjørne og teppe laga i stova hennar heng no på vegger eller ligg fint på bord i heile 38 statar i USA, ho har eit mål om å selja til dei 14 andre statane òg.
Verdsarvrådet vil ha strengare miljøkrav på verdsarvfjordane
Leiar av Verdsarvrådet, Jan Ove Tryggestad seier at "Mundigheitene må stilla strengare krav til fartøya som får trafikkera på verdsarvfjordane. Ved neste anbodsrunde bør samferdsleutvala stille krav om nullutsleppferjer."
Frist innspel til handlingsplanen 2016 er 30. november 2015
Verdsarvparken sin årlege handlings- og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarar/ stiftarar, parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.
Lansering av rettleier for forvaltning av kulturminne i område verna etter naturmangfaldlova
Riksantikvaren og Miljødirektoratet har utarbeida ein rettleier som informera om korleis kulturminne i verna områder skal forvaltast. Dokumentet skal avklara korleis kulturminna er beskytta i verneområda, og kva ansvar forvaltningsmyndigheita har for å ivareta kulturminne i forvaltninga av verneområda.
Det skjer i Verdsarvparken sommaren 2016
Nærøyfjorden Verdsarvpark har laga ein oversikt med nokre av arrangementa i verdsarvkommunane våren 2016. Sjå kva som har skjedd i verdsarvparken i 2015.
Jubileumskonkurranse «Å leva med Verdsarv»
Den 14. juli 2015 er det 10 år sidan at Vestnorskfjordlandskap med delområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste for natur- og kulturarv av universell verdi. Dette ynskjer me å markere med film-, foto-, og litteraturkonkurransar under temaet «Å leva med...
Vestnorsk Fjordlandskap feirar 10 år med Verdsarvstatus
2015 markerar 10 år sidan Vestnorsk Fjordlandskap med delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden vart innskrive på UNESCO si liste over kultur- og naturarv av eineståande og universell verdi. Nærøyfjorden Verdsarvområdet inkluderar områder i Aurland, Lærdal, Vik og Voss