Takk for bidraga til Jubileumskonkurransane!

Takk til alle deim som tok seg litt tid til å reflektera over det "Å leva med verdsarven"!  Fristen for innsending av bidrag var 31. januar,. Me fekk inn om lag 100 bilete frå 35 innsendarar og 2 filmar. 

Me er no i prosessen med å sortera bileta, og me ser allereie no at oppgåva har vorte løyst på mange, utruleg, flotte måtar. 

Så snart me har fått kåra ein vinnar  kjem me med informasjon og ikkje minst vil me syna fram dei bileta som vert premierte. Fram til dess må de gjerne dela bilete frå Verdsarvparken med oss på facebooksida vår eller på instagram under knaggen #Ålevamedverdsarven