Infrastrukturmidlar reiseliv til Brekkestien i Flåm.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har nett gjeve tilsegn om kr.  121 000,-  til Verdsarvparken og planlagde tiltak knytt til utbetring og istandsetjing av Brekkestien i Flåm. Verdsarvparken har med dette henta inn tilsaman kr. 521 000,- til dette samarbeidsprosjektet mellom grunneigarane, Parken, Aurland kommune og verneområdeforvaltning.  

 

Planlagt tiltak har til føremål å utbetre stien frå Grindahølen til Brekkefossen, eit mykje nytta turmål for både gjester til og busette i området.

Oppstart vil venteleg skje våren 2016.

Linn-Janette Skarsbø