Ny leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Pressemelding 5. januar 2016

Ny leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremja av verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.

Leiar av Verdsarvrådet:  Hans Erik Ringkjøb

Kontaktinfo: 56 51 94 20/ 97 13 87 20
Epost Hans.Erik.Ringkjob@voss.kommune.no

Ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb, vart den 1. desember 2015 valt til ny leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2016 - 2017. Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, vart på same tid valt til nestleiar.

Hovudsekretariatet følgjer leiar og vertfom.  dd. lagt til stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark  for dei neste to åra.

Kommentar frå Hans Erik Ringkjøb

                 
«For meg så blir det spennande å få lov til å jobba endå tettare med det som fleire gonger er kåra til verdas vakraste reisemål, nemleg fjordane våre. Dei vestnorske fjordane er ein enorm ressurs for Noreg som turistnasjon. Det i seg sjølv gjer det meiningsfullt å vere ein del av Verdsarvrådet. Vidare er det vår oppgåve å ta vare på arven, noko som er ei utfordrande oppgåve der mange interesser må takast omsyn til. I det arbeidet vil vår viktigaste oppgåve alltid vera å sikra at verdsarvstatusen ikkje på nokon måte vert trua.»

 

 

 

 Nestleiar: Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune.

Kontaktinfo: 70 26 80 00/                                                  46 41 10 01
Epost: jantry@stranda.kommune.no

 

 

 

 

 

 

Kommentar frå Jan Ove Tryggestad:


 «Eg har hatt 2 svært spennande år som leiar av Verdsarvrådet. Vi har i perioden arbeidd med store og viktige saker for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Vi har mellom anna det siste året knytt band til eit fjordlandskap i Alaska Glacier Bay, som kan gje oss ny kunnskap om forvaltninga og utviklinga av vårt eige fjordlandskap. Eg ser fram til å fortsatt kunne samarbeide med nyvald leiar Hans Erik Ringkjøb dei neste 2 åra i Verdsarvrådet. Vi har store oppgåver som ligg framfor oss i åra som kjem, ei av desse er å vere ein pådrivar for ivaretaking og styrking av kulturlandskapet i verdsarvområdet, samt å bidra til å styre utviklinga av verdsarvområdet i ei berekraftig retning til beste for levande bygdesamfunn og bevaring av verdsarvverdiane», avsluttar ein engasjert nestleiar Jan Ove Tryggestad.

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinfo Verdsarvsekretariatet:

Sekretariat  Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap/

Sekretariat Nærøyfjordområdet:

Erling Oppheim

Tlf: 57 63 29 09 / 95 17 25 95

Epost: erling@naroyfjorden.no

Postadresse: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland.


Sekretariat Geirangerfjordområdet:

Katrin Blomvik

Tlf:  70 26 38 10 / 95 42 73 90

Epost: katrin@verdsarvfjord.no

Postadresse: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, 6216 Geiranger.

 

Nettside Vestnorsk fjordlandskap:

www.verdensarv.com

Finn meir informasjon om Verdsarvrådet her.