2019

Signering av samarbeidsavtale

Bak frå venstre: Ingrid Dixon, Glacier Bay National Park Service (GLNPS), Scott Gende, GLNPS, Katrin Blomvik, Vestnorsk fjordlandskap (VNF), Erling Oppheim,VNF og Leif Inge Underdal, VNF. Framme frå venstre ved bordet: Superintendent Philip Hooge, GLNPS, og Arne Sandnes, leiar av Verdsarvrådet.  Foto:UNESCO/ Daniel Correia.

Bak frå venstre: Ingrid Dixon, Glacier Bay National Park Service (GLNPS), Scott Gende, GLNPS, Katrin Blomvik, Vestnorsk fjordlandskap (VNF), Erling Oppheim,VNF og Leif Inge Underdal, VNF. Framme frå venstre ved bordet: Superintendent Philip Hooge, GLNPS, og Arne Sandnes, leiar av Verdsarvrådet.

Foto:UNESCO/ Daniel Correia.

Signering av samarbeidsavtale mellom verdsarvområda Glacier Bay National Park, Alaska, og Vestnorsk fjordlandskap, Norge.

Fjord- og verdsarvområda Glacier Bay, Alaska, ved National Park Service og Vestnorsk fjordlandskap ved Verdsarvrådet, signerte laurdag 7. september ei felles samarbeidsavtale framfor Lamplughbreen.

« Det er virkelig ei historisk stor hending at desse unike verdsarvområda no formelt styrkjer samarbeidet med føremål ivareta og utvikle dei framifrå flottaste fjordlandskapa på kloden», melder leiar av Verdsarvrådet Arne Sandnes.

Samarbeidsavtala er resultat av ein prosess som starta etter ei oppmoding frå UNESCO sitt Verdsarvsenter i Paris og fyrste innleiande kontakt i 2010. Denne kontakten la igjen grunnlaget for ei vitjing frå Glacier Bay til Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet i 2015 og med påfylgjande vitjing frå Vestnorsk fjordlandskap i 2016. Sistnemnde var sterkt motiverande for Verdsarvrådet sitt pådriv mot nasjonale styremakter og Sjøfartsdirektoratet for ei betre forvaltning av verdsarvfjordane. Dette har så langt har resultert i eit regelverk som strengare regulerer utslepp til sjø og luft frå m.a. cruiseskipa.

I tillegg til eit mål om betre styring av cruiseindustrien i ei miljø- og berekraftig retning har samarbeidsavtalen ambisjon om å styrke forvaltninga av verdsarvfjordane gjennom utveksling av kunnskap og røynsler knytt til m.a. formidling/ interpretasjon, involvering av barn og unge samt lokalsamfunnsutvikling/ samarbeid mellom ei rekkje ulike aktørar.

Kontaktinfo:

- Arne Sandnes, leiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap,

arne.sandnes@norddal.kommune.no tlf: +47 976 69 990.

- Erling Oppheim, verdsarvsekr., erling@naroyfjorden.no, tlf: +47 95 17 25 95.

- Katrin Blomvik, verdsarvsekr., katrin@verdsarvfjord.no , tlf. +47 95 42 73 90.

Superintendent Philip Hooge, GLNPS, og Arne Sandnes, leiar av Verdsarvrådet.  Foto: UNESCO/ Daniel Correia

Superintendent Philip Hooge, GLNPS, og Arne Sandnes, leiar av Verdsarvrådet.

Foto: UNESCO/ Daniel Correia

Strandryddedag 2019

58616497_2346329902252168_6864615223827890176_n.jpg

Etter ein flott dugnad i fjor, visste me at desse dagane kom til å bli bra! Me hadde fått positiv respons også dette året, og ambisjonane var auka - no ville me rydde endå fleire område!

Torsdag 25.april var store og små klare til å gå ut i Verdsarven og rydde søppel i Aurland kommune. Me fekk særs god hjelp av Aurland barne- og ungdomsskule og Flåm skule, og ikkje minst mange av partnarane av Parken som mellom anna hjalp til med å forflytte dei flinke hendene!

Fredag 26.april var det Vik kommune som stod for tur og Fresvik og Feios sine skular som rydda - flott innsats og godt humør! Me som var med frå Nærøyfjorden Verdsarvpark hadde ein flott dag med små og store som var positive og engasjerte - tusen takk for ein kjempeinnsats!

Me ynskjer å takke alle som bidrog til ein slik stor dugnad - det er flott at de stiller opp! Det er berre på denne måten me kan få gjort ein så grundig jobb. Og så vonar me å sjå alle saman til neste år igjen!

Me har samla litt bilete som fortel om innsatsen:

Og du? Det er lov å plukke med seg det søppelet du finn - kvar dag :) Ha ein strålande vår!

Kontordagar i Verdsarven - april 2019

20190211_142347.jpg

Me som arbeider i Verdsarvparken kjem på besøk til kommunane som femner verdsarven vår.  Det er viktig for oss å ha kontakt både med kommuneadministrasjon og andre samarbeidspartar. Me vonar du vil ta kontakt med oss dersom du har noko på hjarta, eller berre vil helse på oss denne dagen.

Om du ynskjer å avtale møte, så kan du kontakte oss på epost eller telefon - all informasjon finn du her:

KONTAKTINFORMASJON

Voss besøker me tysdag 9.april, og du finn oss på Rådhuset denne dagen.

Lærdal besøker me onsdag 10.april og du finn oss på Rådhuset denne dagen

Vik besøker me torsdag 11.april og du finn oss på Blix hotell denne dagen

Me vonar de vil nytte høve til å snakke med oss!

Les om våre partnarar