Strandryddedag 2019

Etter ein flott dugnad i fjor, visste me at desse dagane kom til å bli bra! Me hadde fått positiv respons også dette året, og ambisjonane var auka - no ville me rydde endå fleire område!

Torsdag 25.april var store og små klare til å gå ut i Verdsarven og rydde søppel i Aurland kommune. Me fekk særs god hjelp av Aurland barne- og ungdomsskule og Flåm skule, og ikkje minst mange av partnarane av Parken som mellom anna hjalp til med å forflytte dei flinke hendene!

Fredag 26.april var det Vik kommune som stod for tur og Fresvik og Feios sine skular som rydda - flott innsats og godt humør! Me som var med frå Nærøyfjorden Verdsarvpark hadde ein flott dag med små og store som var positive og engasjerte - tusen takk for ein kjempeinnsats!

Me ynskjer å takke alle som bidrog til ein slik stor dugnad - det er flott at de stiller opp! Det er berre på denne måten me kan få gjort ein så grundig jobb. Og så vonar me å sjå alle saman til neste år igjen!

Me har samla litt bilete som fortel om innsatsen:

Og du? Det er lov å plukke med seg det søppelet du finn - kvar dag :) Ha ein strålande vår!