Pressemelding - besøksstrategi

besøkstrategi-høyringsdok-bilde.png

Lagar strategi for folk og natur

 

Nærøyfjorden verneområdestyre har i lengre tid jobba med ein besøksstrategi som no blir sendt ut på høyring.

Styreleiar Noralv Distad seier at besøksstrategien omhandlar verneområda i Nærøyfjordområdet med innfallsportar, og skal søke å oppnå ein god balanse mellom å ta vare på naturverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og legge til rette for lokal verdiskaping.

  • Området har eineståande kvalitetar, dei skal vi verne om og forvalte til glede og nytte for fastbuande og dei mange besøkande. Styret vonar på stort engasjement i høyringsfasen, seier Distad.

I strategien blir det mellom anna sett på korleis ein kan styre ferdsel på fjorden slik at både reisande og innbyggjarar får gode opplevingar. Det blir vurdert i kva grad ein skal ha tilrettelagte ilandstigningsplassar for padlarar langs fjorden, og kva stiar og turmål som skal tilretteleggast for besøk, og kva område som bør haldast urørte.

  • Vi ser ei stor auke i folk som ynskjer å oppleve naturen rundt Nærøyfjorden, men det er ikkje alle område som toler større belastning. Då er det viktig å prøve å styre ferdsel til utvalde og godt tilrettelagte område, seier verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad.

I strategien blir mellom anna Brekkefossen, Bakkanosi og Rimstigen peikt på som populære turmål som kan trenge større grad av tilrettelegging, medan Undredalshalvøya, Bleia – Storebotnen og Grånosmyrane er lagt fram som områder der ein bør unngå ny tilrettelegging.

  • Dette er foreløpig eit framlegg, understrekar Vallestad. Sit du på kunnskap som burde vore med i planen? Eller har du innspel til område, stiar og turmål som burde bli betre tilrettelagt for ferdsel, eller område der ein bør unngå ny tilrettelegging? Då håpar vi du sendar oss forslag innan høyringsfristen 11. november.

Besøksstrategien er å finne på nettsidene til Nærøyfjorden verneområdestyre og blir lagt ut til gjennomsyn på kommunehuset i Aurland, Lærdal, Vik og Voss.

Du finn den også her: Besøksstrategi - høyringsdokument

For meir info kontakt: 

Styreleiar Noralv Distad tlf: 91374976 eller verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad tlf: 97567934

Les om våre partnarar