Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste den 14. juli 2005 og som eit ledd i den vidare oppfylginga av den tildelte statusen vart Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap oppretta den 31. januar 2006.

Verdsarvrådet har som si fremste oppgåve å medverke til ei utvikling i områda som er i tråd med intensjonen for verdsarv. Rådet skal fremje og sikre samarbeid og samordning mellom dei regionale verdsarvstiftingane samt medverke til naudsynt informasjonsutveksling mellom lokale, regional og nasjonale aktørar i dei to delområda.

Rådet har som målsetjing å være ein viktig arena for diskusjon, rådgjeving og avklaring i saker som kan ha verknad for oppfylging av verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap. Desse retningslinene vart fyrste gong fastsett den 31. januar 2006; no sist revidert og fastsett av Verdsarvrådet den 27. mars 2014.

 

RETNINGSLINER - VERDSARVRÅDET FOR VESTNORSK FJORDLANDSKAP

Føremål: - å syte for eit godt samarbeid om ei oppfylging av verdsarvstatusen som er i tråd med intensjonen med verdsarvkonvensjonen, retningslinene for verdsarvkonvensjonen og forvaltningsplanen for verdsarvområdet.

 

Samansetjing: Medlemar:

- ordførar i Stranda kommune                                                                    - ordførar i Norddal kommune

- ordførar i Aurland kommune                                                                    - ordførar i Lærdal kommune

- ordførar i Vik kommune                                                                            - ordførar i Voss kommune

- fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune                                   - fylkesordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune

- fylkesordførar i Hordaland fylkeskommune                                               - Fylkesmannen i Møre og Romsdal

- Fylkesmannen i Sogn og Fjordane                                                            - Fylkesmannen i Hordaland

 

Observatørar: 

- ein repr. for SNO Geiranger                                                                      - ein repr. for SNO Aurland

- ein repr. frå Miljødirektoratet                                                                    - ein repr. frå Riksantikvaren (RA)

- Verneområdeforvaltar Nærøyfjorden                                                         - Verneområdeforvaltar Geirangerfjorden

- Styreleiar Geirangerfjorden Verdsarv                                                         - Styreleiar Nærøyfjorden Verdsarvpark

- ein repr frå Miljøverndepartementet (deltek etter behov)

 

Sekretariat

Fast deloppgåve for Verdsarvområdekoordinator. Kvar medlem kan om ønskeleg/naudsynt ha med eigen bisitjar.                     Observatørane har møte og talerett - men ikkje stemmerett. 

 

Sjå òg Retningsliner for arbeidet til Verdsarvrådet (2014). 

 

Les om våre partnarar