Filtrering etter: kurs

feb.
26.
6:00 p.m.18:00

Søknadskurs med Sparebankstiftinga

Søknadskurs med Sparebankstiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar.
Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.

I framkant av søknadsfristen 1. mars 2024 inviterer Sparebankstiftinga til kurs i søknadsskriving.

Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.

I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.

KURSPLAN
Onsdag 24. januar 2024 – Stryn

Stryn, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00

Måndag 12. februar 2024 – Dale
Dale, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00

Måndag 19. februar 2024 – Florø
Florø, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 17.30-19.30

Torsdag 22. februar 2024 – Førde
Førde, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00

Måndag 26. februar 2024  – Sogndal
Sogndal, møtelokale v/ Sogningen Storsenter
Kl. 18.-20.00

Påmeldingsskjema

Ønskjer du eit møte med stiftinga?
Send førespurnad per e-post til; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

Har du spørsmål – kontakt Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane v/ Yngve Thorsen
E-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no
Tlf. nr.: 90 80 25 75

Vel møtt!

Vis arrangement →
okt.
12.
5:30 p.m.17:30

Verktøykveld og slipekurs

Har du interesse for gamle verktøy og reiskapar?

Høgdegarden Hovland Gard på Vangsnes held open verktøykveld i oktober i samarbeid med Fortidsminneforeningen Sogn lokallag og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Denne kvelden blir det høve til å studere og diskutere gamle verktøy og reiskapar frå garden. Har du sjølv noko liggjande heime, som du ynskjer å vise fram eller som du lurer på kva er? Ta det gjerne med hit.

Eirik Tistel frå Tistel Gard i Vik blir med denne kvelden og gjev ei innføring i sliping med både slipestein og bryne. Har du gamle verktøy som treng å slipast, så kan du ta dei med.

Vel møtt til ein hyggeleg haustkveld på Hovland Gard!

Praktisk informasjon:

Inga påmelding

Arrangementet er gratis

Ha med varme klede

Enkel servering

Kontaktperson:

Gry Mørk - tlf 95141438

e-post: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
sep.
25.
5:00 p.m.17:00

Kurs i sliping av gardsreiskap

Foto: Christian Olai Hegglund

Har du lyst å lære om gamle gardsreiskap og korleis å slipe dei?

I samband med Økoveka – 23 arrangerer me eit innføringskurs i sliping av gamle verktøy på Framigarden i Flåmsdalen, med Terje Hilstad som formidlar. På kurset blir det litt teori og historikk, gjennomgang av gamle gardsreiskap, demonstrasjon av sliping på slipestein.

Ein får høve til å prøve å slipe sjølv. Ta gjerne med eigne reiskap som treng og slipast, som ljåblad, økser, snidlar, evt. anna.

Enkel servering.

Kurset er gratis.

PRAKTISK INFO:

Parkering og oppmøte: ved Flåm kyrkje

Bekledning: varme klede, som toler litt søl

Påmeldingsfrist: 23. september

Kontaktperson: Gry Mørk tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

NB: Begrensa med plassar!

Vis arrangement →
sep.
9.
10:00 a.m.10:00

Kurs i bygging av naturleikeplass

På kurset får du lære korleis å lage naturleikeplassar på naturen og ungar sine premissar, og korleis dette kan gjerast med enkle og rimelege hjelpemidlar.

Du lærer om ulike typar trehusker og karusellar, zipline, klatreveggar, hytter mm. Friluftsakademiet har med alt av utstyr ein treng til bygginga.

Kurset tek utgangspunkt i bøkene “Lag ein naturleikeplass” og “Endring med natur - i barnehage og skole”, som byggjer på Norsk standard for leikeplassutstyr.

Kursinstruktør Tor Egil Bagøien frå Friluftsakademiet har hatt mange kurs landet over med fokus på nærnatur og bygging av naturleikeplassar. Han har og lang erfaring frå undervisning i barnehage- og lærarutdanning.

Sjå også: www.friluftsakademiet.no

Det blir delt ut kursbevis etter fullført kurs.

Praktisk informasjon:

Kursavgift: kr 1200,- inkl varm lunsj og drikke

Påmeldingsfrist: 01.september 2023

Kontaktperson: Gry Mørk tlf 95141438, epost: gry.b.moerk@gmail.com

Laurdag 9.september 2023, Draumeplassen, Flåm

Kursarrangør: Draumeplassen i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark

Kurset er støtta av Sogn Sparebank

Vis arrangement →
jul.
8.
til 9. jul.

Gratis kurs i vindaugsrestaurering

  • Borgund Lærdal kommune Norway (kart)
  • Google Calendar ICS

På kurset får du lære praktisk vedlikehald og reparasjon av gamle vindauge: Demontering, fjerning av gamal kitt, restaurering av hengslar og beslag, skjæring av glas, overflatebehandling, gjenoppbygging. Ein får og innblikk i restaurering av treverk.

Kursobjekta er vindauga i det gamle skulehuset på Borgund, (vis a vis Nærbutikken). Huset skal setjast i stand gjennom kurs og opne som vedomnbakeri neste år. Det er fint om kursdeltakarane har med eigne reiskapar, om ein har det. Liste over aktuelle reiskapar vert sendt ut før kurset.

Det blir sosial kveld på puben på Borgund laurdag kveld, for dei som vil vere med på det.

NB: Kurset er gratis, i og med at det ikkje er høve til å ta med eigne vindauge til restaurering på dette kurset, og inkluderer mat og drikke under kursdagane. Evt. overnatting må deltakarane betale sjølv.

Instruktør: Anders Slinning, 28 år, bur i Sogndalsdalen. Han har bakgrunn frå Ornes Båtbyggeri og har oppretta eige snekkarfirma som er samlokalisert med Solvorn Laft og Bygg. Han har erfaring med restaurering av gamle vindauge, m.a. frå Stedje kyrkje i Sogndal og Munthe-huset i Luster.

PRAKTISK INFO

NB: Det er plass til 8 deltakarar, så førstemann til mølla!

Kurset kan verte avlyst om færre enn 4 deltakarar melder seg på.

Påmelding innan 5.juli til: Nærøyfjorden Verdsarvpark tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Tid: 08. - 09.juli 2023 Kl. 10.00-16.00 begge dagar.

Vis arrangement →
jun.
5.
11:30 a.m.11:30

Seminar om ombruk av gamle hus i landbruket

Kvifor ombruke, korleis ombruke? Og korleis få det til?

Nærøyfjorden Verdsarvpark og Landbrukskontoret ÅLA ynskjer deg som eig, forvaltar eller jobbar med gamle hus – særleg i landbruket - velkomen til eit nyttig og inspirerande seminar!

Program for dagen

· Velkomst med varm lunsj v/ Sivle Gard

· «Lokal verdiskaping og bærekraft. Hvordan kan gamle hus bidra?»

v/ Ola Fjeldheim, generalsekretær Fortidsminneforeningen

· «Kva er god – og mindre god – ombruk av gamle gardshus»

v/ Inga P. Lindstrøm, seniorrådgjevar Vestland fylkeskommune

· Beinstrekk

· «Til deg som vil ha ny og nyttig bruk i gammelt hus»

v/ Tove E. Ihler, inspirator / Følk&Glød

· Servering av kaffi/ te og lappar

· Omvisning på Sivle Gard v/ eigar Randi E. Eide

· «Korleis lukkast med gjenbruk? Om tilgang på handverkarkompetanse og gjenbruksmaterialer som vilkår.»

v/ Bjørn Vike, restaureringshandverkar / eigar 29/2 Aurland

· «Plan- og bygningslova og eldre bygningar på landbrukseigedomar - Kva må ein tenke på?»

v/ Stefan Karlstrøm byggesakshandsamar, Aurland kommune

· Byggjeskikkrettleiing på film

· «Retningslinjer for ombruk av hus i naturvernområde»

v/ Anbjørg Nornes, verneområdeforvaltar Nærøyfjorden verneområde

· Orientering om tilskotsordningar knytt til istandsetjing og utvikling

· Open post

· Besøk til Gudvangen Gard og Camping, med omvisning og orientering om løa

v/ Lene Hagen, eigar

Pris: 500,-

Påmelding innan 02. juni!

Kontaktperson:

Gry Mørk / Nærøyfjorden Verdsarvpark

Tlf. 95141438

E-post: gry@naroyfjorden.no

NB! Når du fyller ut påmeldingsskjema må du skrive inn opplysningane - ikkje bruke “autofyll” - då virkar ikkje skjema!

Vis arrangement →
mar.
24.
9:30 a.m.09:30

Kurs i forteljarkunst

Endeleg! Her er kurset som du har ønska deg lenge! Her får du nyttige tips om forteljing som eit verktøy for bedrifter som sel unike produkt med ein historie som det er viktig at gjestene får del i.

BLI MED!

Innhald:

Utvikling av guida opplegg – rammer, innhald, teknikkar og flyt

Historieforteljing – korleis lære seg å fortelje?

Oppfølgingskveld – forteljarkunst (seinare på våren)

Fullstendig program får du ved påmelding

Praktisk informasjon:

Stad: Sogn Jord- og hagebruksskule

Tid: Fredag 24.mars kl 0930 – kl 1600

Pris: kr 500,- som inkluderer kurs, servering, hefte og oppfølgingskveld på Skaldegard, m/servering fredag 21.april kl 1900-2200.

Frist for påmelding: fredag 17.mars NB! Max antal plassar er 20

E-post til: anne.karin.hatling@alb.no

Hjarteleg velkomen til å bli med når An-Magritt tek oss med inn i forteljarkunsten!



Vis arrangement →
feb.
13.
5:30 p.m.17:30

Kurs for nye bønder

  • Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland (kart)
  • Google Calendar ICS

Velkommen til kurs for nye bønder!

 

Det er mange tema og spørsmål som er viktige ved overtaking av ein landbrukseigedom. Å starta med eit kurs, kan vera ein fin start. 
Med dette kurset ynskjer me å få inspirera og vera til hjelp når den nye bonden skal overta gardsdrifta og finna sin veg for vidare drift. 

 Tema:  
Juridiske og menneskelige utfordringar ved eigarskifte – advokat Lasse Sælthun 
Bondelaget informerar -  Aurland Bondelag – Tomas Rastad 
Vår historie og våre val - Hovland Gard v. Ole Bjarne Hovland 
God agronomi for å lukkast med matproduksjon - Børre Solberg – rektor ved SJH 
Finansieringsordningar hjå Innovasjon Norge v.Vemund Aarthun 
Kva kan kommunen bidra med – næringsrådgjevar Linn-Janette, Aurland kommune og Felles landbrukskontor ÅLA Magnhild Aspevik og Beate Stølen 

Velkommen til ein triveleg kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær. 

Enkel servering. 
 
Påmelding innan 08.02.2023 til beate.stolen@laerdal.kommune.no
 
Med atterhald om endring i programmet

Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland
Tid: Måndag 13.2.2023 kl 17.30-20.30 

Påmelding til Beate Stølen på e-post: beate.stolen@laerdal.kommune.no

Vis arrangement →