Filtrering etter: arrangement

feb.
14.
6:00 p.m.18:00

Næringskveld for bønder med tema: Landbruk - styreform, økonomi og utvikling

Synes du det er vanskeleg å veta kva som vert riktig å velge? Då kan det vere kjekt å koma på denne næringskvelden!

Sognefjorden Næringshage og Felles Landbrukskontor ÅLA arrangera næringskveld!

Stad:  Kommunestyresalen, rådhuset i Lærdal

Når:   14. februar klokka 18-21

 

  • Tollefsen advokater fortel om kva slags styreform som lønar seg innan landbruket

  • Informasjon om finansieringsordningar for dei som ynskjer å satsa på tilleggsnæring innan landbruk

Velkomen til ein informativ kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær.

Me stiller med kaffi og noko attåt!

Påmelding innan 06.02.2023 til beate.stolen@laerdal.kommune.no

Med atterhald om endring i programmet!

 

Vis arrangement →
okt.
12.
5:30 p.m.17:30

Verktøykveld og slipekurs

Har du interesse for gamle verktøy og reiskapar?

Høgdegarden Hovland Gard på Vangsnes held open verktøykveld i oktober i samarbeid med Fortidsminneforeningen Sogn lokallag og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Denne kvelden blir det høve til å studere og diskutere gamle verktøy og reiskapar frå garden. Har du sjølv noko liggjande heime, som du ynskjer å vise fram eller som du lurer på kva er? Ta det gjerne med hit.

Eirik Tistel frå Tistel Gard i Vik blir med denne kvelden og gjev ei innføring i sliping med både slipestein og bryne. Har du gamle verktøy som treng å slipast, så kan du ta dei med.

Vel møtt til ein hyggeleg haustkveld på Hovland Gard!

Praktisk informasjon:

Inga påmelding

Arrangementet er gratis

Ha med varme klede

Enkel servering

Kontaktperson:

Gry Mørk - tlf 95141438

e-post: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
sep.
3.
11:30 a.m.11:30

Kulturhistorisk vandring på Bakka

Vi markerer Kulturminnedagane 2023!

Her får du moglegheita til vere med dei som kjenner Bakka best og lære om busetnads- og gardshistorie, om husmenn og endringar i landbruket opp gjennom hundreåra og fram til i dag.

Vi går først ein runde med gardbrukar Svein Tufte frå Borgen Gard, gjennom dei bratte bøane over garden hans og nedom strandsitjarmiljøet ved fjorden. Så tek vi ein stopp i tunet til Dyrdal Gard og Camping, der Olav Magne og Katrine Dyrdal møter oss, og vi får høve til å sjå det eldgamle eldhuset på garden. Vandringa blir avslutta med besøk i kyrkja frå 1859.

Grenda Bakka ligg i ein majestetisk og kraftfull natur, verna som landskapsvernområde og på verdsarvlista til UNESCO som blant dei viktigaste naturområda i verda. Dette får du og høyre meir om denne dagen. Det blir høve til å kjøpe kaffi/ te og noko å bite i, elles er turen gratis.

PRAKTISK INFO:

Vanskegrad: lett

Oppmøte: skulehuset

Parkering på: tilrettelagte p-plassar

Kan ha med: vasstett skotøy

Kontaktinformasjon:

Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
jul.
5.
12:30 p.m.12:30

Fagdag om biologisk mangfald

Fagdag om biologisk mangfald - vandring langs fjorden til Stokko

Tid:    5. juli 2023
Stad: Oppmøte ved nærbutikken i Undredal kl 12.30 

Med oss på markdagen vert biolog Geir Gaarder. Han er godt kjend i området her, og har stor kunnskap om artsrikdomen me finn lags ruta til Stokko. 
På turen vert det fleire stopp, for å sjå på dei ulike lokalitetane me passera. Det meste område me vandrar i, ligg i Nærøyfjorden landskapsvernområde.
På Stokko er det slåttemarker, og eit av temaene me tek opp her, er kva som er den beste måten å hauste dei artsrike engene på. Både med tanke på fôrkvalitet og på haustetidspunkt.  

Litt info om Stokko: 

Område langs fjorden frå bygdi Undredal til Stokko har vore nytta til slåtteteigar i lang tid. Det var, og er, avgjerande for husdyrhaldet for bøndene i Undredal å haust fôr i dette område.
Den langvarige bruken av område til slått, har ført til at artsrikdommen i slåttemarkene er stor. Me finn mange artar her av blomster og gras, og det er stor artsrikdom av insekt.

Bruken av område, har ført til mange spor i landskapet av både bakkemurar og steinopplegg. Og det er bygd opp fleire løer i område.

I dag er turen frå Undredal til Stokko mykje nytta til turgåing, og langs fjorden er det mange som går i land for overnatting. Samspelet mellom friluftsliv, turgåing, verneområde, biologisk mangfald og det aktive landbruket er her omfattande.

Meir info om Stokko kan du lesa her: UNDREDAL-STOKKO I NÆRØYFJORDEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE SKJØTSEL AV SLÅTTEMARK MED BLODDRÅPESVERMERE (nasjonalparkstyre.no)

Det vert enkel servering på Stokko. 


Vel møtt til ein lærerik, inspirerande og triveleg fagdag. 

Påmelding til beate.stolen@laerdal.kommune.no seinast 1.juli 

Arr:  
Verneområdestyret i Nærøyfjorden 
Felles Landbrukskontor ÅLA 

Vis arrangement →
jun.
5.
11:30 a.m.11:30

Seminar om ombruk av gamle hus i landbruket

Kvifor ombruke, korleis ombruke? Og korleis få det til?

Nærøyfjorden Verdsarvpark og Landbrukskontoret ÅLA ynskjer deg som eig, forvaltar eller jobbar med gamle hus – særleg i landbruket - velkomen til eit nyttig og inspirerande seminar!

Program for dagen

· Velkomst med varm lunsj v/ Sivle Gard

· «Lokal verdiskaping og bærekraft. Hvordan kan gamle hus bidra?»

v/ Ola Fjeldheim, generalsekretær Fortidsminneforeningen

· «Kva er god – og mindre god – ombruk av gamle gardshus»

v/ Inga P. Lindstrøm, seniorrådgjevar Vestland fylkeskommune

· Beinstrekk

· «Til deg som vil ha ny og nyttig bruk i gammelt hus»

v/ Tove E. Ihler, inspirator / Følk&Glød

· Servering av kaffi/ te og lappar

· Omvisning på Sivle Gard v/ eigar Randi E. Eide

· «Korleis lukkast med gjenbruk? Om tilgang på handverkarkompetanse og gjenbruksmaterialer som vilkår.»

v/ Bjørn Vike, restaureringshandverkar / eigar 29/2 Aurland

· «Plan- og bygningslova og eldre bygningar på landbrukseigedomar - Kva må ein tenke på?»

v/ Stefan Karlstrøm byggesakshandsamar, Aurland kommune

· Byggjeskikkrettleiing på film

· «Retningslinjer for ombruk av hus i naturvernområde»

v/ Anbjørg Nornes, verneområdeforvaltar Nærøyfjorden verneområde

· Orientering om tilskotsordningar knytt til istandsetjing og utvikling

· Open post

· Besøk til Gudvangen Gard og Camping, med omvisning og orientering om løa

v/ Lene Hagen, eigar

Pris: 500,-

Påmelding innan 02. juni!

Kontaktperson:

Gry Mørk / Nærøyfjorden Verdsarvpark

Tlf. 95141438

E-post: gry@naroyfjorden.no

NB! Når du fyller ut påmeldingsskjema må du skrive inn opplysningane - ikkje bruke “autofyll” - då virkar ikkje skjema!

Vis arrangement →
mar.
24.
9:30 a.m.09:30

Kurs i forteljarkunst

Endeleg! Her er kurset som du har ønska deg lenge! Her får du nyttige tips om forteljing som eit verktøy for bedrifter som sel unike produkt med ein historie som det er viktig at gjestene får del i.

BLI MED!

Innhald:

Utvikling av guida opplegg – rammer, innhald, teknikkar og flyt

Historieforteljing – korleis lære seg å fortelje?

Oppfølgingskveld – forteljarkunst (seinare på våren)

Fullstendig program får du ved påmelding

Praktisk informasjon:

Stad: Sogn Jord- og hagebruksskule

Tid: Fredag 24.mars kl 0930 – kl 1600

Pris: kr 500,- som inkluderer kurs, servering, hefte og oppfølgingskveld på Skaldegard, m/servering fredag 21.april kl 1900-2200.

Frist for påmelding: fredag 17.mars NB! Max antal plassar er 20

E-post til: anne.karin.hatling@alb.no

Hjarteleg velkomen til å bli med når An-Magritt tek oss med inn i forteljarkunsten!



Vis arrangement →
feb.
25.
12:00 p.m.12:00

AVLYST! Guida skogsvandring om skogskjøtsel og trevirkekvalitet

VIKTIG MELDING: Denne turen er dessverre avlyst. Me kjem med ny dato seinare.

Bli med på ei vintervandring i den flotte skogen i Fresvikåsen og lær om både skogskjøtsel, trevirkekvalitet og skogbrukshistoria i området!

Turen er ein rundtur med utgangspunkt i Svida, og det blir fokus på ungskog og ungskogpleie, kvistfritt virke, grøfting av myr, eldre skog, dimensjonar, kjerneved, m.m. Ein får og høyra litt om historia knytt til skogsdrifta her.

Det blir og litt info om verdsarven.

Turguidane, Ruben Bøtun frå Skogselskapet i Sogn og Fjordane og Geir Ove Bøthun, er begge frå Fresvik. Dei har både ferdast og jobba mykje i skogen i Fresvikåsen.

Turarrangementet er eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark og Skogselskapet i Sogn og Fjordane.

Praktisk info:

-Parkering ved Svida.

-Ta med varme klede, sitjeunderlag og eiga matpakke.

-Relativt lett tur.

-Pris: Vaksne kr. 100,-, born/ungdom gratis.

Betaling på VIPPS: 107632 (eller kontant)

Påmeldingsfrist: 23. februar

Kontaktperson: Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
feb.
13.
5:30 p.m.17:30

Kurs for nye bønder

  • Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland (kart)
  • Google Calendar ICS

Velkommen til kurs for nye bønder!

 

Det er mange tema og spørsmål som er viktige ved overtaking av ein landbrukseigedom. Å starta med eit kurs, kan vera ein fin start. 
Med dette kurset ynskjer me å få inspirera og vera til hjelp når den nye bonden skal overta gardsdrifta og finna sin veg for vidare drift. 

 Tema:  
Juridiske og menneskelige utfordringar ved eigarskifte – advokat Lasse Sælthun 
Bondelaget informerar -  Aurland Bondelag – Tomas Rastad 
Vår historie og våre val - Hovland Gard v. Ole Bjarne Hovland 
God agronomi for å lukkast med matproduksjon - Børre Solberg – rektor ved SJH 
Finansieringsordningar hjå Innovasjon Norge v.Vemund Aarthun 
Kva kan kommunen bidra med – næringsrådgjevar Linn-Janette, Aurland kommune og Felles landbrukskontor ÅLA Magnhild Aspevik og Beate Stølen 

Velkommen til ein triveleg kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær. 

Enkel servering. 
 
Påmelding innan 08.02.2023 til beate.stolen@laerdal.kommune.no
 
Med atterhald om endring i programmet

Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland
Tid: Måndag 13.2.2023 kl 17.30-20.30 

Påmelding til Beate Stølen på e-post: beate.stolen@laerdal.kommune.no

Vis arrangement →
okt.
20.
10:00 a.m.10:00

Næringskonferansen i Flåm

Photo: Jon Hunnålvatn Tøn

Saman blir me sterkare

Næringskonferansen i Flåm blir arrangert på Fretheim Hotel av Norway’s best, med Sognefjorden Næringshage, Sogn Næring, Visit Sognefjord og Backline Voss som gode partnarar. Målet er å skapa ein årleg konferanse om utvikling, samarbeid, innovasjon, kunnskapsformidling, innovasjon og omstilling for norsk næringsliv.

Årets konferanse vil vera eit møtepunkt med fokus på framsnakking av tida som kjem og samarbeid er ein raud trå gjennom arrangementet.

Konferansierane Finn Tokvam og Line Bjelde frå Sogn Næring losar oss gjennom ein dag fylt med interessante foredrag. Gjennom konferansen vil me få læra meir om korleis ulike bedrifter og aktørar samhandlar for å ta posisjon i marknaden.

Velkomen til ein dag med inspirasjon og fagleg påfyll i hjarta av Vestland fylke!

Her kan du lese meir og finne link til påmelding

Vis arrangement →
sep.
18.
12:00 p.m.12:00

Flåm gjennom 2000 år - kulturhistorisk vandring med arkelolog Svein Indrelid

Ynskjer du meir kjennskap til bygda Flåm si histore - om korleis ho blei til og har utvikla seg dei siste 2000 åra?

På denne guida vandringa i Flåmsdalen tek Svein Indrelid oss med på ei reise inn i Flåm si eldste tid, før det kom folk hit. Me får kjennskap til oldfunn og kulturminne, dei eldste gardane, mellomalderen. Det blir og trekt linjer framover mot vår tid, med busetnadshistora dei siste 500 åra, glimt frå bygdesoga, skulen og kyrkja.

Me går strekninga Fretheimshaugane - samfunnshuset - Lunden - Heimdal - Flåm skule - Flåm kyrkje.

Turen vert avrunda i kyrkjestova med kaffi/te.

Svein Indrelid er fødd og oppvasken i Flåm, han er arkeolog og forfattar av bygdebøkene om Flåm.

PRAKTISK INFORMASJON:

pris kr 100,- for vaksne, gratis for born/ungdom

Begrensa tal plassar!

Påmelding innan 15.september til:

Gry Mørk

tlf: 95141438

epost: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →