Tilbake til alle arrangementer

Gratis kurs i vindaugsrestaurering


  • Borgund Lærdal kommune Norway (kart)

På kurset får du lære praktisk vedlikehald og reparasjon av gamle vindauge: Demontering, fjerning av gamal kitt, restaurering av hengslar og beslag, skjæring av glas, overflatebehandling, gjenoppbygging. Ein får og innblikk i restaurering av treverk.

Kursobjekta er vindauga i det gamle skulehuset på Borgund, (vis a vis Nærbutikken). Huset skal setjast i stand gjennom kurs og opne som vedomnbakeri neste år. Det er fint om kursdeltakarane har med eigne reiskapar, om ein har det. Liste over aktuelle reiskapar vert sendt ut før kurset.

Det blir sosial kveld på puben på Borgund laurdag kveld, for dei som vil vere med på det.

NB: Kurset er gratis, i og med at det ikkje er høve til å ta med eigne vindauge til restaurering på dette kurset, og inkluderer mat og drikke under kursdagane. Evt. overnatting må deltakarane betale sjølv.

Instruktør: Anders Slinning, 28 år, bur i Sogndalsdalen. Han har bakgrunn frå Ornes Båtbyggeri og har oppretta eige snekkarfirma som er samlokalisert med Solvorn Laft og Bygg. Han har erfaring med restaurering av gamle vindauge, m.a. frå Stedje kyrkje i Sogndal og Munthe-huset i Luster.

PRAKTISK INFO

NB: Det er plass til 8 deltakarar, så førstemann til mølla!

Kurset kan verte avlyst om færre enn 4 deltakarar melder seg på.

Påmelding innan 5.juli til: Nærøyfjorden Verdsarvpark tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Tid: 08. - 09.juli 2023 Kl. 10.00-16.00 begge dagar.

Tidligere arrangement: 5. juli
Fagdag om biologisk mangfald
Senere arrangement: 3. september
Kulturhistorisk vandring på Bakka