Smak

Smak på bestilling

Det er eit mangfald av lokale produsentar i verdarvområdet, nokon produsera for direkte sal, andre til sal gjennom andre verksemder. Det er  òg fleire stadar der ein kan tinge ei skreddarsydd matoppleving eller tinge lokalt produsert mat.

Opplevingar:
Sivle gard, 

Eldhuset Undredal, Tradisjonsmat og visningssenter på bryggja i Undredal.

Skjerdal Stølsysteri og Kafe

Li Gardstun.

Stigen Gard.

Flåm Oppleving.

Midt-Ljøsne Gard i Lærdal

Smalahovetunet på Voss. 

Brandseth Fjellstove. 

Produsentar:
Haugen Gardsmat.

Undredal Stølsysteri.

Rotfesta.

Alm Gard.

Andre utsalsplassar for lokalmat:
Gardsbutikken på Sogn Jord og Hagebruksskule.

Smak på direkten

Det finst fleire stadar der ein kan få smaka på lokale produkt på direkten utan å tinge på førehand. Dette gjeld spesielt små grupper eller enkeltpersonar, større grupper bør kontakte verksemda på førehand. Sjå òg kva enkelt produsent for meir informasjon om opningstider og tilgjengelegheit.

Skjerdal Stølsysteri og Kafe

Erna Underdal Skarsbø Bonde og osteprodusent i Undredal.

Rallarrosa Stølsysteri sal av ost og enkel stølskost i Flåmsdalen.

Underdalsbui, smaksprøvar og utsal for den lokale osten samt anna lokalmat.

Marianne Bakeri og Kafe, har eit bevisst fokus på lokalmat og bruk av økologisk produkt.

Kort og Godt i Lærdal er ein kombinert serveringsstad og utsalsstad for lokalmat frå regionen.

Green Norway, servering/catering med fokus på bruk av lokale produkt.

Vik Ostebar, utsal av ulike meierivarer fra Tine. I tillegg tilbyr dei påsmurte rundstykker og ostetallerken.

Ægir Bryggeri og Restaurant, på Flåmsbrygga.

Bakkastova kulturkafe  i Flåm.

Flåm Marina.

Vangsgarden i Aurland.

Store Ringheim. 

Brimost frå Sogn- Eit Slow Food presidia

Brimosten i frå Sogn vart i 2005 det fyrste produktet med status som Slow Food Presidia i Noreg.  Presidium kan samanliknast med EU og den norske merkeordninga for beskytta produkt. Slow Food sine kriterium er ofte strengare.

Sidan 2005 har fleire produkt i Noreg fått status som Slow Food presidia desse er, tørrfisk fra Sørøya, røykesild fra Sunnmøre, den norske villsauen, klippfisk fra Kristiansund samt pultost fra Oppland og Hedmark.

Brimosten er laga av upasteurisert mjølk. Osten vert laga ved innkoking av mysa som blir til overs etter framstilling av tradisjonell kvit geitost. 

Produsentane av Brimost i Aurland er: 

Undredal Stølsysteri. 

Erna Underdal Skarsbø.

Rallarrosa Stølsysteri.

Sogn Jord- og Hagebruksskule. 

Skjerdal Stølsysteri. 

Eit kart over produsentane kan du lasta ned her. 

I Undredal arrangera dei Geitostfestivalen siste helga i juli annakvart år.

Det har òg vorte laga ein film om Brimosten i frå Sogn. 

 
Les om våre partnarar