Utstillingsopning “Vår verdensarv”

Fredag 8.mai kl 1300 ynskjer me hjarteleg velkomen til staseleg opning av utstillinga «Vår verdsarv» i Heradshuset i Aurland.

Me har fått på plass den nasjonale utstillinga som alle verdsarvområda i Noreg har fått tilbod om. Mange timar intenst arbeid frå ufatteleg mange menneske ligg bak dette resultatet.

Firma og desingnarar i fleire land har sett sitt preg på utforminga, og dyktige lokale handverkarar  har lagt grunnlaget for å kunne plassere den i dette flotte bygget på Aurlandsvangen. Mange gode krefter har stilt sin kunnskap og erfaring til rådvelde, kvar einaste så viktig for å få dette til!

Nærøyfjorden Verdsarvpark er stolte over å no kunne invitere deg inn i ei slik flott utstilling, og saman med Riksantikvaren vonar me at du vil vere med å feire oss og alle dei gode hjelparane våre!

Programmet:

Velkomen v/ Gro Nesse-Bremer

Sang v/elevar frå ABU

Ordførar Kjell Bøe Bjørgum – tale

Dagleg leiar NVP Gry B.Mørk – tale

Sang v/elevar frå ABU

Ass. Riksantikvar Audun Skeidsvoll – tale og snorklipping

Utstillinga er open for publikum

Servering av kake, kaffi m.m.

Hjarteleg velkomne alle saman!

Forrige
Forrige

Geologidagar med Verdsarvparken 2026!

Neste
Neste

Foredrag med Oscar Puschmann 7. mai 2026