Foredrag med Oscar Puschmann 7. mai 2026

fotograf: Oskar Puschmann, Opphavsrett: NIBIO

📅 7. mai 🕠 17:30 - 18:30📍 Trudvang kino

Gratis og ope for alle. Del gjerne!

Korleis har landskapet rundt oss endra seg – og kva kan gamle og nye bilete fortelje om fortid, notid og framtid?

Landskapsgeograf og fotograf Oskar Puschmann, kjend for sitt omfattande arbeid med refotografering i Utvalde kulturlandskap, viser fram unike før- og etterbilete som avslører både store og små endringar i norske kulturlandskap.

 

Gjennom refotografering av eldre foto, vert spor etter fangst og fiske, aktivt landbruk eller attgroing dokumentert. Ein kan lett sjå korleis landskapet har vorte forma av naturen, bonden og sammfunnet over tid. Foredraget gir eit fascinerande innblikk i kva vi tapar, kva vi tek vare på, og korleis nyskaping i landskapet vil prege framtida vår.

Nokre biletpar er frå verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – og fleire skal det bli! Kanskje du har eitt eller fleire bilete som du vil dele? Gjerne med folk og fe i arbeid i landskapet.  Nærøyfjorden og Nærøydalen frå Undredal til Stalheim skal refotograferast og Puschmann leiter etter gode bilete frå tida mellom 1990-2005. Vis dei gjerne til oss etter foredraget, så kanskje dei blir med i refotograferingsarbeidet det neste året. Du kan óg ettersende bilete.

 

Velkomen til eit lærerikt og visuelt foredrag for alle som er opptekne av natur, landbruk, historie og lokalsamfunn.

Neste
Neste

Oppsummering Parkmøte 2026