Geologidagar med Verdsarvparken 2026!

I løpet av dei siste vekene har geolog Maiken gjennomført tolv geologidagar for skular og barnehagar i verdsarvkommunane.

Som læringsarenaer har vi mellom anna nytta isbreavsetningane på Ljøsne og Lærdalsøyri, morenen på Haugen, elva i Flåm, terrassane i Vik, flaumelva i Fresvik, landskapet i Nærøydalen, museet på Stalheim og Aurlandsvangen.

I barnehagane har temaet vore «Stein som ressurs». Barna har fått lære om ulike bergartar, kva stein kan nyttast til, og dei har forvandla steinar til vakre kunstverk.

For skulane har «Landskapsdanning» stått i sentrum. Her har elevane lært om isbrear, fjordar og istida, korleis elver sorterer lausmassar, og kva som kjenneteiknar ein dal.

Til saman har 192 born fått tilbod om å delta på geologidagane – noko vi synest er utruleg kjekt!

Verdsarvparken takkar skulane, barnehagane og alle andre bidragsytarar for eit godt samarbeid. Tusen takk!

Neste
Neste

Utstillingsopning “Vår verdensarv”