Miljøpatruljen takkar for i år!
Miljøpatruljen ute på oppdrag!
Miljøpatruljen takkar for seg etter ni veker med godt arbeid rundt i verdsarvområdet. Det har vore både spennande og kjekt å ha ein slik sommarjobb og dei har teke utfordringane på strak arm!
Ein stor jobb er gjennomført med skilting, merking av stiar, bygging av bru, plukking av boss, tilsyn med landingsplassar, rydding av vegetasjon og mange timar med kantklippar. Miljøpatruljen har også hatt ein viktig jobb med å møte gjester i verdsarvområdet på fjorden, langs stiane og på utsiktspunkta, der formidling av verdsarv og stadkunnskap har vore i fokus. Ein gong i veka har også verdsarvhuset på Bakka vore ope, der utstillinga er besøkt av mange gjester.
Miljøpatruljen har ikkje tilbrakt mykje tid innandørs, og gode døme på arbeidsplassar er Postvegen, Dyrdal, Stigen og Beitelen, husmannsplassen Nåli, Stokko, Hovdungo i både Aurland og Undredal, Jordalen, Kulturstien, Aurlandsdalen, Fresvikåsen og Flåmsdalen.
Det har vore travle arbeidsveker, men dei unge vaksne som har vore i sving, har gitt gode tilbakemeldingar om ein kjekk sommarjobb. Parken takkar for god innsats og ser tilbake på eit godt stykke levert arbeid.
Her kan du sjå nokre glimt frå arbeidsdagane me har hatt: