Geologidagar i Verdsarvparken
I løpet av dei siste vekene har det blitt utført elleve geologidagar for skular og barnehagar i verdsarvkommunane.
Lokalitetar som har vore nytta som læringsarena er mellom anna Feios- og Fresvikdalen, Borlo bygdetun, Hove steinkyrkje, Nærøydalen, Lærdalsøyri, Flåmsdalen og Aurlandsvangen.
Tema i barnehagane har vore "Stein som ressurs", kor barna har lært om ulike bergartar, kva stein kan nyttast til, samt forvandla steinar til vakre kunstverk. Hjå skulane har temaet "Landskapsdanning" vore i fokus, der elevane har lært om isbrear, fjordar, korleis elva jobbar og kva som er kjenneteikn på ein dal.
Parken takkar deltakarane for mange fine dagar med læring!