Oppsummering Parkmøte 2026
Tysdag 24. mars gjennomførte Nærøyfjorden Verdsarvpark sitt årlege årsmøte, Parkmøte. I år vart møtet halde i Jordalen grendehus, der nærare 40 deltakarar tok turen opp den spennande vegen.
Møtet starta med ein god lunsj med lokale ostar, eplemost frå SJH og nybakte rundstykke frå Mariannes bakeri.
Nestleiar i styret, Bjørn Vike, opna parkmøtet og fortalde om positive haldningar til verdsarvparken og god medvind i arbeidet.
Gry oppsummerte fjoråret og delte innsikt i spennande prosjekt, samt korleis ho har arbeidd for vidare drift av parken i ei tid prega av økonomisk uro.
Vidare presenterte Gro, Bengt Erlend og Maiken prosjekta sine, og gav eit innblikk i kva året skal fyllast med – både stort og smått. Verdsarvutstilling, Fjord Ranger, miljøpatrulje, skilting, geologidagar og FJORD//FORSK er nokre av prosjekta som er i planlegging.
Det vart òg gjennomført obligatorisk styreval.
Til lunsj vart det servert suppe med focaccia frå Mariannes.
Hildegunn Opdal, prosjektleiar i Nordhordland UNESCO biosfæreområde, forklarte kva eit biosfæreområde er. Ho presenterte òg forprosjektet til UNESCO-ruta Vestland.
Gunnar Bergo, forskar og miljøvernsjef, viste ein film med vakre opptak frå alle årstidene i Voss herad sin del av verdsarvlandskapet. Han presenterte også bilete og delte eigne observasjonar av endringar i dyreliv og artsmangfald.
Guri Bugge frå organisasjonen KVANN og rektor ved SJH, Børre Solberg, fortalde om arbeidet med å kartleggje historia til nytteveksten kvann. Dei løfta fram at Vossa-kvann er den einaste arten i Noreg som ikkje er importert, og stilte spørsmålet om denne igjen kan nyttast i utvikling av nye og spennande produkt.
Parkmøte vart avslutta med presentasjon av forslag til ny partnarordning, etterfølgt av workshop og diskusjon.
Tusen takk til alle som deltok og bidrog med livlege diskusjonar, gode prosjektforslag og stort engasjement for verdsarvparken.
Ein ekstra stor takk til Jordalen grendalag for framifrå gjennomføring og god hjelp med arrangementet.