Dialogmøte 08.01.26

I går deltok Verdsarvparken på dialogmøte på Fretheim hotell, der ei rekkje representantar frå reiselivet var samla til engasjerande diskusjonar og idémyldring. Målet med samlinga var å leggja til rette for dialog om felles utfordringar, noko som særleg vart vektlagt gjennom ein workshop med fokus på idear for eit meir berekraftig reiseliv.

Dagen starta med mingling og kaffeprat, før ordførar Kjell Bjørgum opna programmet. Deretter gav han ordet vidare til verneområdeforvaltar Steinar Sørli, som hadde sett saman og leia programmet for dagen.

Programmet tok for seg fleire sentrale tema, mellom anna naturglede for dei reisande, resultat frå tåleevneanalysen, landbruk i verdsarvområdet, berekraftig reiseliv og ei introduksjon til Miljøpatruljen.

Britt Dalland, prosjektleiar for besøksforvaltning i Vestland fylkeskommune, leia ein workshop om kva god besøksforvaltning inneber. Nokre av spørsmåla som vart drøfta, var mellom anna:

  • Korleis sikrar vi bruk og ikkje forbruk av verdsarvområdet?

  • Har vi nådd ei grense – og korleis klarer vi å avgrense denne bruken av fjorden og områda ved fjorden?

  • Korleis skal vi sikre at eit levande landbruk fortsett er ein viktig del av verdsarvområdet?

  • Har vi den gjesten vi ønsker oss?

  • Kan vi betre styre ferdsel og trafikk gjennom kommunikasjon?

  • Kan erfaringane frå pilotprosjektet med Miljøpatruljen vere noko vi kan ta vidare til andre tiltak?

Verdsarvparken er svært nøgd med dagen og takkar for dei mange gode tilbakemeldingane, ideane og – ikkje minst – bidraga som gjer at Miljøpatruljen kan halda fram arbeidet sitt i framtida. Patruljen står klar for å rydda nye stiar, ta fatt på spanande oppgåver og styrkja formidlinga av verdsarvverdiane til gjestene i fjorden.

Tusen takk!


Neste
Neste

Aurland Naturfond 2026