Aurland Naturfond 2026

Søknad om midlar frå Aurland Naturfond

Føremålet med fondet er å gje personar med bustadadresse Aurland kommune høve til erfarings- og kompetanseutvikling innan feltet naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling.

Det kan søkjast midlar til kurs, studiereiser og opphald i samband med opplæring el.l., samt til nettverksbygging og til gjennomføring av seminar o.l. arrangement som vert halde i Aurland kommune og som er berekna på kompetanseutvikling i natur- og kulturbaserte næringar.

Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eigen bedrift/næring.

Søknaden må innehalde ei prosjektskildring som forutan opplysningar om søkjar, gjer greie for bakgrunnen for aktiviteten/ tiltaket, innhaldet, korleis og når det skal gjennomførast, og kva ein har som mål om å oppnå. Det skal og leggjast ved budsjett med kostnadsoverslag og finansieringsplan. Det er ikkje eiga søknadsskjema.

Beløp som kan omsøkast i 2026 er kr. 39 000,-

Det vert ikkje stilt krav om særskild eigenandel.

Beløpet kan tildelast ein enkelt søkjar eller delast på fleire.

Søkjarar som får tildelt midlar pliktar å levere inn rapport for tiltaket/ aktiviteten seinast 3 mnd. etter at det er gjennomført. Midlane vert utbetalt på bakgrunn av godkjend rapport og rekneskap.

Vedtekter for fondet finn De her: www.naroyfjorden.no/aurland-naturfond

Søknad sendast pr. post eller e-post til Nærøyfjorden Verdsarvpark, som administrerer fondet:

E-post:         post@verdsarvparken.no

Postadr.:       Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ leiar, Helabrotet 2A, 5745 Aurland

Kontaktinfo: post@verdsarvparken.no / tlf. 95141438

Neste
Neste

Dialogmøte