Pressemelding frå Verdsarvrådet

 MSC Meraviglia (skip sjøsett 2016), 16. juli 2018 Geirangerfjorden

MSC Meraviglia (skip sjøsett 2016), 16. juli 2018 Geirangerfjorden

Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjorden- og Nærøyfjorden med omland vart i 2005 innskriven på UNESCO si liste over verdas natur- og kulturarv. Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremje verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.

Forureininga i verdsarvfjordane må bort

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap helsar strengare regulering i verdsarvfjordane velkommen. Endringa i regelverket til Sjøfartsdirektoratet for ferdsel i verdsarvfjordane er ein milepæl for forvaltninga av verdsarvområdet. Det er svært viktig at miljøutsleppa til vatn og luft i dei norske verdsarvfjordane vert kraftig redusert og til slutt heilt eliminert i åra som kjem.

Verdsarvstatusen er ei nasjonal forplikting til det internasjonale samfunn og framtidige generasjonar. Det kviler store forventningar til at Noreg skjøttar dette ansvaret på ein framifrå måte. Heilt sidan inskripsjonen av naturarven Vestnorsk fjordlandskap i 2005, så har forureiningssaka vore på agendaen i Verdsarvrådet frå første stund. Det vart tidleg avdekka svakheiter ved den norske forvaltningsmodellen for verdsarvfjordane. Ei strengare regulering av verdsarvfjordane er difor heilt naudsynt for å få bukt med forureininga, for å sikre verdsarvstatusen, folkehelsa til lokalbefolkninga og ei berekraftig utvikling av lokalsamfunna og lokalt næringsliv kring desse verdskjende fjordane.

Verdsarvrådet ynskjer særreglar for verdsarvfjordane for å unngå at verdsarvstatusen vert truga. Ingen andre fjordar i Noreg er innskrivne på UNESCO si liste over verdas natur- og kulturarv, ei heller er andre fjordar så truga av forureining og omdømmesvekking som vårt fjordlandskap. Dette fordrar difor heilt særskilde tiltak og det hastar med å rydde opp. I Stortingsmelding 35 (2012-13) og 19 (2016-17) heiter det at «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga».

- Det er verdt å merke seg at den internasjonale cruisenæringa må møte strengare miljøkrav andre stader på kloden. Etter nok ein sommar med blårøyk og store nasjonale medieoppslag i saka, så er vi på overtid med å innføre ei innskjerping av regelverket for verdsarvfjordane. Vi set all vår lit til at Sjøfartsdirektoratet ryddar opp i forureininga ein gong for alle, avsluttar ein engasjert leiar i Verdsarvrådet Arne Sandnes.

- Vi er overtydd om at verdsarvfjordane og Norge kan ta ein internasjonal posisjon som pådrivarar i ei maritim klima- og miljøvenleg utvikling. Dette handlar ikkje berre om strengare regulering, men òg om å skape eit nytt rom for utvikling, avsluttar Hans Erik Ringkjøb, nestleiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Kontaktinfo: Arne Sandnes, leiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, arne.sandnes@norddal.kommune.no Tlf: 976 69 990.

Hans Erik Ringkjøb, nestleiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Hans.Erik.Ringkjob@voss.kommune.no Tlf: 971 38 720.

Les om våre partnarar