Open helg på Styvi 15-16 juni 2019




20160613_115848.jpg

Bli med og opplev Styvi, Kongevegen og Nærøyfjorden på den finaste tida på året!
Me byr på guida tur på Kongevegen, ope gardsmuseum, servering i kafeen på kaia og andre aktivitetar for både vaksne og born denne helga.

Kl. 10.30 - 15.30 begge dagar
Nærare program og informasjon om transportmoglegheiter vert kunngjort innan 01. mars.

NB:
- Den guida turen på Kongevegen vert arrangert søndagen 16. juni og det vert påmelding til turen.
- Ein må ta med kontantar ved kjøp av mat og drikke i kafeen.

Kontaktperson:
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ parkforvaltar Gry Mørk
E-post: gry@naroyfjorden.no
Tlf.: 95 14 14 38

Arrangørar:
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Nærøyfjorden verneområdestyre
Familien Hov, grunneigar

Les om våre partnarar