Nye miljøkrav skal redusere forureininga i verdsarvfjordane

Foto: Ø.Heen

Foto: Ø.Heen

Sjøfartsdirektoratet har i dag sendt ut ei pressemelding om innføring av nytt og strengare regelverk for skipsfarten i verdsarvfjordane.

* «Det er svært gledeleg at Sjøfartsdirektoratet no iverksetter sitt regelverk for å bli kvitt forureininga frå sjøfarten i verdsarvfjordane. Dette har vore ei sak vi har arbeidd for i lang tid og det er difor ekstra gledeleg at dagen no er komen for at det nye regelverket trer i kraft, dette er ein historisk viktig dag for eit betre miljø i verdsarvfjordane», - utroper ein entusiastisk leiar for Verdsarvrådet Arne Sandes.

Frå 1. mars gjeld nye miljøkrav for utslepp til luft, kloakk og gråvatn i verdsarvfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Krava er utarbeidd av Sjøfartsdirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Vidare blir det gradvis strengare krav til utslepp av NOx og strengare regulering av bruk av eksosvaskesystem. Det kjem også krav om ein miljøinstruks for kvart enkelt skip og forbod mot forbrenning av avfall om bord. Utslepp av svovel skal følgja internasjonale krav i alle verdsarvfjordane.

Gjennom miljøkartleggingar utført av Sjøfartsdirektoratet dei siste par åra er det avdekka store utslepp frå skip i verdsarvfjordane, særskild i sommarsesongen. Det er difor heilt avgjerande at nye miljøkrav vert innført for å redusera utsleppa. Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap helsar strengare regulering i verdsarvfjordane velkommen. Endringa i regelverket til Sjøfartsdirektoratet er ein stor milepæl for forvaltninga av verdsarvområdet. Det er svært viktig at miljøutsleppa til vatn og luft i dei norske verdsarvfjordane vert kraftig redusert og til slutt heilt eliminert i åra som kjem.

* «Det er vidare svært gledeleg at Sjøfartsdirektoratet kjem til å følgja opp krava gjennom utsleppsmålingar og inspeksjonar om bord på fartøya, overvaking er svært viktig i åra som kjem. Vi forventar ein reduksjon av utsleppa i åra som kjem, noko som både må overvakast og målast», - avsluttar Arne Sandnes.

I Stortingsmelding 35 (2012-13) og 19 (2016-17) heiter det at «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga». Det nye regelverket for skipsfarten i verdsarvfjordane har allereie resultert i eit nytt oppdrag til Sjøfartsdirektoratet om å greie ut ei utviding av regelverket til ein større del av landet. På denne måten vil ny politikk i verdsarvfjordane kunne danne modell for ny klima- og miljøpolitikk for skipsfarten i Noreg. Dette er fyrtårnspolitikk i praksis.

* «Vi er overtydd om at verdsarvfjordane og Norge kan ta ein internasjonal posisjon som pådrivarar i ei maritim klima- og miljøvenleg utvikling. Dette handlar ikkje berre om strengare regulering, men òg om å skape eit nytt rom for utvikling», avsluttar Hans Erik Ringkjøb, nestleiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Kontaktinfo: Arne Sandnes, leiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, arne.sandnes@norddal.kommune.no Tlf: 976 69 990.

Hans Erik Ringkjøb, nestleiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Hans.Erik.Ringkjob@voss.kommune.no Tlf: 971 38 720.

Les om våre partnarar