Kontordagar i verdsarven!

Frå venstre: Bengt Erlend Skjerdal, Gro Nesse-Bremer, Gry Mørk, Erling Oppheim og Snædis L.Bjarnadottir

Frå venstre: Bengt Erlend Skjerdal, Gro Nesse-Bremer, Gry Mørk, Erling Oppheim og Snædis L.Bjarnadottir

Me som arbeider i Verdsarvparken ynskjer å kome på besøk til kommunane som femner verdsarven vår.  Det er viktig for oss å ha kontakt både med kommuneadministrasjon og andre samarbeidspartar. Me vonar du vil ta kontakt med oss dersom du har noko på hjarta, eller berre vil helse på oss denne dagen. Alle 5 som er tilsette i parkorganisasjonen vil vere tilstades.

Om du ynskjer å avtale møte, så kan du kontakte oss på epost eller telefon - all informasjon finn du her:

KONTAKTINFORMASJON

Voss besøker me tysdag 5.mars, og du finn oss på Rådhuset denne dagen.

Lærdal besøker me onsdag 6.mars og du finn oss på Rådhuset denne dagen

Vik besøker me torsdag 7.mars og du finn oss på Blix hotell denne dagen

Me vonar de vil nytte høve til å snakke med oss!

Les om våre partnarar