Jubel hjå Norske Parker!

 Frå venstre: Kjell Mongstad, Sognefjorden Kystpark Jørand Ødegård Lunde, Valdres Natur- og kulturpark. Tore Storehaug, Krf. Ketil Kjenseth, Venstre Trude Søilen, Sognefjorden Kystpark Kristian Botten Pedersen, Finnskogen Natur- og kulturpark. Herdis Bragelien, Finnskogen Natur & kulturpark. Kristian Bjørnstad, Norske Parker Erling Oppheim, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Aurland. Eivind Brenna, Valdres Natur- og kulturpark.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er inne på statsbudsjettet gjennom organisasjonen Norske Parker.

Idag (29.11.18) var det jubel på Stortinget. Statsbudsjettavtalen mellom Krf og regjeringa fekk på plass 5 millioner kr på budsjettet for 2019.

-Dette er eit stort gjennomslag for dei 9 norske regionalparkene, seier styreleiar Eivind Brenna i Norske Parker. Frå Varanger i nord til Telmarkskanalen i sør, frå Finnskogen i aust til Solund i vest. Mellom her ligg Nærøyfjorden, Valdres, Haldenkanalen, Vefsna og Okstindan. Alle desse områda har valgt Regionalpark som samarbeidsplattform for privat og offentlig samarbeid om ivaretaking og utvikling på grunnlag av lokale ressursar.

-I 15 år har vi jobba for at regionalparkane skal bli anerkjent av statlige myndigheter og nå kommer det endelig, sier Brenna.

-For Nærøyfjorden Verdsarvpark betyr det svært mykje at ein no har ein nasjonal aksept og økonomisk støtte for det langsiktige arbeidet som vert utført gjennom både parkorganisasjonen og park – og partnarsamarbeidet. Det vil utan tvil gje eit betre fundament for å halde fram med satsingar og tiltak som fremjar og støttar opp under både utvikling og ivaretaking i Verdsarvparken, seiar dagleg leiar Erling Oppheim.

På Stortinget møtte representantene for parkane representantene Kjell Storehaug fra Krf i Sogn og Fjordane og Ketil Kjenseth fra Venstre i Oppland. Det blei mange gode ord frå parkane om gjennomslaget i budsjettet. Vi fekk og ei klar oppmoding frå stortingsrepresentantene om å fokusere på bærekraftprosjekt i parkane.

Kontakt: Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ dagleg leiar Erling Oppheim, 95 17 25 95.

Les om våre partnarar