Aurlandsprisen 2018 til Leif Inge Underdal

Leiar i Omsorg, oppvekst og kultur Monica Finden, prisvinnar Leif Inge Underdal og ordførar Noralv Distad

Leiar i Omsorg, oppvekst og kultur Monica Finden, prisvinnar Leif Inge Underdal og ordførar Noralv Distad

Under kommunestyremøtet torsdag 13.desember vart Leif Inge Underdal heidra med Aurlandsprisen 2018.

Leif Inge var styremedlem i Verdsarvparken frå 2012 til 2018. Han er ein engasjert og talefør kar som har lagt ned mykje tid og krefter for sakene han har vore oppteken av, for menneska rundt seg og for bygdene han lever i.

Merittlista til kulturarbeidaren Leif Inge Underdal er lang og innhaldsrik. Den syner tydeleg at han har hatt eit brennande engasjement for kultur og fellesskap.

Me gratulerer Leif Inge med prisen!

Du kan lese meir om Leif Inge sitt engasjement og mangeårige arbeid her: https://aurland.custompublish.com/aurlandsprisen-2018-er-tildelt-leif-inge-underdal.6174311-155908.html?fbclid=IwAR3ydv9bWqtjM9BHylt8y9A-VZGovS9DZzA9cTqFqkzEZSFbvnXcOZ_A4cM

Les om våre partnarar