Innspel til handlingsplan 2018

Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane  (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen. 

Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:

 -SKAPE NÆRING OG KULTUR.

- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.

- TA VARE PÅ KULTURARV.

I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2018 ber vi no om innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år. 

Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no. 

 

Skjema og retningsliner finn du og Her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/

Frist for innsending er sett til måndag 4.desember 2017. 

Utkast til handlingsplan vert vidare lagt fram for Verdsarvparken sitt arbeidsutval til drøfting/ uttale. Endeleg handsaming og godkjenning i  i Parkstyret truleg medio desember 2017.

Sjå òg gjerne innom heimesidene våre:  http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De og finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen. 

Ved evt. spørsmål  ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen. 

Gro Nesse-Bremer