Styringsdokument

Vedtekter

Stiftinga skal ha som føremål å samordne den samla innsatsen i høve verdsarvstatusen for Nærøyfjordområdet.  Stiftinga sine vedtekter kan du lese her

 

Parkplan

”Parkplanen er ein langsiktig strategi- og handlingsplan som omtalar verdiplattform/ visjon, utfordringar, målsetjingar samt peikar ut overordna satsingar og tiltak.

Dokumentet har m.a.o. som siktemål å vere eit sentralt grunnlag for samarbeid og eit styringsdokument for Nærøyfjorden Verdsarvpark. Arbeidet med denne utgåva av Parkplanen bygger på førsteutgåva av planen frå 2009 og ein grundig planprosess. Prosessen vart innleia med eit arbeidsmøte i Verdsarvparken sitt arbeidsutval sommaren 2013. 
Hausten 2013 vart eit planutkast presentert for kommunestyra i Lærdal, Aurland, Vik og Voss. I tillegg vart det orientert om hovudtrekka i planen på Verdsarvparken sitt partnarmøte i Gudvangen den 2. oktober 2013.

Framlegg til revidert parkplan vart lagt ut til høyring hjå stiftarar og partnarar i november 2013. Stiftarane vart under høyringa særskilt oppmoda til å legge dokumentet fram for relevante politiske organ til handsaming. Det vart registrert 13 innspel i samband med høyringa. Desse vart drøfta i Parken sitt arbeidsutval den 16. desember 2013.

Parkstyret godkjende og vedtok Parkplan med endringar i møte den 8. januar 2014”

Last ned parkplan her (1 MB)

 

Handlingsplan 

”Verdsarvparken sin årlege handlings – og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarar, parken sitt styre, arbeidsutval og tilsette. Handlingsplanen konkretiserer tiltak og innsats i tråd med dei langsiktige satsingsområda fastsett i Parkplanen. 

Dokumentet er parkorganisasjonen sitt grunnlag for ei rekkje søknader om midlar til delfinansieringa av prosjekta og tiltaka omtalt i Handlingsplanen. Dette er òg ein dynamisk tiltaksplan som vert oppdatert i tråd med initiativ og tilgjengelege ressursar. 

Handlingsplanen er slik sett ikkje eit endeleg tilsegn om ressursar/ midlar frå parken si side, men parken vil ta kontakt og orientere prosjekteigar etter kvart som tilsegn ligg føre. Ta gjerne kontakt med dagleg leiar om de lurer på noko i denne samanheng.”

Retningslinjer for innspel til handlingsplanen finn du her. 

Skjema for innspel til handlingsplanen finn du her. 

Handlingsplanen for 2015 finn du her
Handlingsplanen for 2014 finn du her
Handlingsplanen for 2013 finn du her
Handlingsplanen for 2012 finn du her 
Handlingsplanen for 2011 finn du her

 

Restaureringsplan

Restaureringsplan for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden (2014).

Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde planen til handsaming i Hovudutval for kultur sitt møte den 23. september.
Fyljande vedtak vart gjort:
- Restaureringsplanen for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden skal vere retningsgjevande for fylkeskommunen sitt engasjement for bevaring og istandsetjing av verneverdige bygningar i verdsarvområdet.
- Restaureringsplanen skal vere retningsgjevande i samband med fylkeskommunen si fordeling av midlar frå statsbudsjettet kap. 1429 post 79 Verdsarv.

Verdsarvparken vil spesielt takke eigarar av bygningar i verdsarvområdet for engasjement og konstruktive innspel i den tida arbeidet med planen har vart. Me håper planen vil bidra til mange nye, gode restaureringsprosjekt!

Planen skal rullerast kvart 5. år.

Les om våre partnarar