Berekraftsdagane 2025

Frå Otternes

Berekraftsdagane i Aurland skal bidra til meir kunnskap og medvit og evne blant folk til å få «ting» inn i sirkulære kretsløp. Målet med satsinga «Berekraftsdagar i Aurland» har vore å kople handverk (i vid forstand), nevenyttigheit og bygningsvern tydelegare saman med miljømessig berekraft og derigjennom auka medvitet om at dette ikkje er noko berre for dei få og spesielt interesserte, men at det er høgaktuelt og framtidsretta å engasjere seg i dette.

Auka medvit og engasjement for kulturarven i fjordlandskapet vårt er ein føresetnad for ei god forvaltning av denne delen av verdsarven og andre delar av kulturarven vår. Kulturarven er essensiell både i den sosiale, kulturelle, økonomiske og miljømessige verdiskapinga i regionen.

Du er hjarteleg velkomen til å vere med!

Forrige
Forrige

FJORD//FORSK

Neste
Neste

GUIDA TUR TIL BLÅSKAVLEN