50°North - ein viktig støttespelar for Verdsarvparken

Reiselivsselskapet 50 Degrees North har for 2. år på rad vald å støtte Nærøyfjorden Verdsarvpark sitt viktige arbeid med besøksforvaltning, formidling og involvering av born og ungdom gjennom sitt Bærekraftsfond (Impact Fund). Fondet skal medvirke til å verne om og revitalisere stadar som blir verdsett av selskapet og som kundane deira besøker. 50 Degrees North har Norden som sitt virkeområde, og bringer kvart år mange besøkande frå både USA og Australia til Nærøyfjordområdet og Aurland. 

Den økonomiske støtta frå 50 Degrees North vil halde fram til og med 2028 og vil vil vere av svært stor betydning for Verdsarvparken sitt arbeid. Forutan den økonomiske støtta har 50 Degrees North og blitt ein støttespelar og samarbeidspart for konkrete satsingar i Parken. Det vil og leggje vårsamlinga si til Nærøyfjordområdet sist i april, vere med og teste ut tilbod som Verdsarvparken skal igang med, og i tillegg bidra med dugnadsarbeid i området vårt framover. 50 Degrees North er med andre ord oppteken av å bidra til og vise veg for eit meir ansvarleg reiseliv for miljøet og lokalsamfunna.

Du kan lese meir om 50 Degrees North her.

Neste
Neste

Føredrag om fangstanlegg på Aurlandsfjellet 26.01 kl. 18