Verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap på studietur til Alaska

Inspirerande, storslagent og lærerikt

- eit reisebrev av Merete Løvoll Rønneberg frå  studieturen til Glacier Bay, Alaska.

I ei dryg veke har ein delegasjon frå verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap vore på studietur til Glacier Bay, eit verdsarvområde i Alaska som har mykje til felles med vårt eige verdsarvområde. Målsetjinga med turen var å lære meir om korleis dei forvalta sitt område, korleis cruisetrafikken var regulert og organisert, og korleis dei dreiv formidling. Undervegs var vi innom fleire cruisedestinasjonar, og vi fekk sjå nærmare på fleire av tilboda og opplevingane dei reisande møter i desse områda.

Delegasjonen var samansett for å gje brei fagleg forankring:

Frå Geirangerfjordområdet:

  • Katrin Blomvik, Site koordinator og direktør i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
  •  Jan Ove Tryggestad, nestleiar i verdsarvrådet og ordførar i Stranda kommune
  • Willy J. Loftheim, styreleiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og assisterande fylkesrådmann i Møre og Romsdal
  • Merete Løvoll Rønneberg, formidlingsleiar

Frå Nærøyfjordområdet:

  • Erling Oppheim, Site koordinator og dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark
  • Noralv Distad, ordførar i Aurland kommune og styreleiar i Aurland hamnevesen
  • Anbjørg Nornes, verneområdeforvaltar i Nærøyfjorden landskapsvernområde m.fl.
  • Odd Rune Turvoll, næringssjef i Vik kommune

Andre:

  •  Bjørn Pedersen, avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet
  • Sandra Bratland, dagleg leiar i Cruise Norway

 

Laurdag 25. juni: Verdas fyrste landstraumanlegg

Etter 28-29 timars reising dagen før, var vi alle komne ut av køyene klokka 5 om morgonen: Programmet var tett, og vi starta på hamna i Juneau med å sjå på verdas fyrste anlegg for landstraum. Anlegget vart etablert i 2001, og det var cruisenæringa sjølve som tok initiativet til anlegget. Ynskjet var ei meir miljøvenleg hamn. Vi fekk sjå korleis sjølve koplinga til landstraum skjer – ein prosess som tok kring 1 ½ time på dette skipet, men vanlegvis går det langt raskare då nyare skip har meir moderne system. Selskapet som eig og driv sjølve kraftanlegget, er privat.

I Juneau tek dei årleg imot knapt 400 cruiseskip. Av skipa som kjem hit i år, kan knapt 90 kople seg på landstraum, og ei av utfordringane med landstraum er ulike tilkoplingssystem.

 

Tilkopling til landstraum krev nøyaktige prosessedyrar

Medan vi var på skipet fekk vi både høyre om og sjå korleis avfallshandteringa på cruiseskipa skjer. Skipa er i seg sjølve små (store!) samfunn som sjølve må handtere ei heil rekkje utfordringar. I søppelsorteringsrommet var det forbløffande reint og ryddig – noko som var ein medviten strategi. Her vart så å seie alt avfall sortert, og mykje vart brent. Ein del gjekk òg til resirkulering. Likeeins vart vatn frå dusjar og liknande reinsa og brukt på nytt. Handteringa av avfall og vatn har både ei økonomisk og ei miljømessig side for skipa.

Etter orienteringa på skipet, vart det høve til ein kort tur i byen Juneau. I hamna hadde mange av butikkane eit klart cruisepreg, og mange av dei var drivne og dels eigde av eksterne aktørar. Når sesongen var slutt, vart desse stengde og bygga ståande som «tomme kulissar» gjennom vinteren.

Etter lunsj fylgde vi Nord-Amerikas einaste gondolbane til Mount Roberts. Bana var eigd og driven av eit selskap som la stor vekt på lokal verdiskaping, og dei satsa mykje på å bidra til å byggje opp produkt og tilbod både for lokalbefolkinga og for dei tilreisande. M.a. hadde dei bidrege med midlar til å byggje ut eit flott stinett oppe i fjella der bana hadde toppstasjonen. Likeeins hadde dei fokus på produktutvikling knytt til urbefolkinga i området, Tlingit folket, og bruk av lokale arbeidskrefter.

I tillegg til tilbodet om vandring, hadde dei òg eit lite natursenter på toppstasjonen for gondolbana: Enkel kombinasjon av formidling og butikk. Dei hadde òg ein nydeleg film om urbefolkinga – historia deira og korleis dei lever i dag. Vakkert og tankevekkande.

Søndag 26. juni: Vandring og shopping

I løpet av opphaldet var det lagt inn ein «fridag», og det var godt å få denne så tidleg at ein kunne roe ned og omstille kroppen etter ei land reise og store tidsforskjellar.

Mange av oss nytta fyrste delen av dagen på tur langs stiane oppover dalen der Alaskas fyrste veg vart etablert. Turen gjekk dels på denne vegen, som naturleg nok var knytt til gullgravinga, og undervegs kunne vi lese om gulleventyret på dei mange og gode informasjonsskilta som var sett opp.

Tlingit folket, urbefolkinga i Alaska, var dei fyrste innbyggjarane i Juneau området, og dei dreiv fiske og jakt her i mange hundre år før det i 1870-åra vart starta gruvedrift her. I 1880 fann dei store mengder gull her, og gullgravarane strøymde til. Slik vart byen Juneau etablert. Gruvedrifta nådde toppen i 1915, men to år etter vart næringa betydeleg redusert: Eit ras førte til øydelegging av store delar av gruvene. Men framleis er lengda av gruvegangar i fjellet Mt.Roberts lengre enn alle gatene og vegane i Juneau tilsaman!

Juneau har vore hovudstaden i Alaska sidan 1959 og har 32.000 innbyggjarar. Framleis er det slik at ein må reise med båt eller fly for å komme hit, for det går ingen vegar inn til byen!

Både skilt undervegs og våre lokale vertar rådde oss bestemt om å halde oss til dei etablerte stiane. Dette var det tryggaste – også for å unngå å møte på bjørn. Då vi kom oss ut, freista det elles lite med alternative vegval: Vegetasjonen var umåteleg tett og høg, og skulle ein gå utanom stiane, måtte ein vere budd på å rydde seg veg. Plantelivet var svært frodig, men så hadde ein også her temperert regnskog! Mange artar likna slike vi er kjende med heimanfrå, men fleire var større og høgare.

Måndag 27. juni: Møte med lokal forvalting og næring i Juneau

Allereie klokka 7 om morgonen sat vi samla kring møteborda på Centennial Hall. Det var lagt opp til nokre timar der vi fekk møte representantar frå kommunen, cruisenæringa og lokale næringsaktørar i Juneau. For oss alle var det svært interessant å høyre korleis dei planla og tenkte kring cruiseturisme og stadutvikling.

Cruisenæringa veks no med om lag 2% årleg i Juneau og er ein stor økonomisk drivar i byen. Byplanleggjaren var såleis svært medviten på korleis turismen påverka dei aller fleste forhold – alt frå behovet for helsetenester og politi, til arealplanlegging, vatnforsyning, orden og forholdet lokalbefolking – reiseliv. Bodskapen hans var heilt klar: Ein må lytte til både cruisenæringa og andre aktørar, men ikkje svelje rått alt som vert sagt. Det gjeld å ta leiarskap og kjempe for dei verdiane ein meiner er viktige, og så må ein planleggje langsiktig- minst 20-30 år fram i tid.

Byen har hatt, og har del framleis, ei viss «konflikt» mellom innbyggjarar og cruisenæring, men dei fleste innser viktigheita av turismen for byen. Frå fleire hald vart det peika på kor viktig det er å vise respekt for kvarandre. Eit av satsingsområda var m.a. å få til transport av cruiseturistar på ein mest mogleg smidig måte, og i samband med dette kom det fram at byen i større grad enn i Noreg nyttar hamneavgiftene til infrastrukturtiltak som ikkje nødvendigvis ligg i sjølve hamneområdet. Poenget var at det var tiltak som var viktige for å handtere cruiseturismen.

Frå business-aktørane fekk vi mellom anna høyre korleis frivillige vart nytta som vertskap og informasjonspunkt i byen, og korleis einskilde hadde arbeidd for å etablere heilårlege arbeidsplassar og tilbod. Det var særs interessant å høyre korleis dei tidleg hadde utvikle «management program» og korleis dei tenkte kring produktutvikling, men på direkte spørsmål om definisjon av tålegrenser, viste det seg at dei ikkje har definert dette. Svaret vart at når ein ikkje lenger kan handtere cruiseturismen på ein god måte, er tålegrensa nådd.

Ettermiddagen nytta vi fyrst på kvalsafari. Ein skyssbåt tok oss med til eit område der vi fekk sjå kval på nokså nært hald: Fasinerande med dei enorme dyra som bevegar seg så elegant i vatnet.

Seinare drog vi til Mendenhall Glacier Visitor Centre. Senteret har høg fokus på å drive mest mogleg berekraftig, og dette gjennomsyrer opplegga deira frå transport til søppelsortering til formidling. Det vart tid til ein rask tur inn til eit flott fossefall, ikkje så langt unna brefronten, og undervegs fortalde John Neary (direktør i US Forest Service ogved Mendenhall Glacier besøkssenter) om korleis dei driv sitt arbeid.

Tysdag 28. juni: Skagway – eit møte med gullgravande reiselivsnæring

Avgang frå hotellet klokka 5 om morgonen og seks-sju timar med ferje opp til Skagway. Ferjeturen var langdryg, men gav òg høve til å bli betre kjent med Alaskalandskapet – utan tvil eit av dei mest storslagne og minst menneskepåverke i verda.

Såleis vart møtet med Skagway eit lite kultursjokk: Her låg fire cruiseskip til kaia – to av dei tett inn til ei fjellside med ferske sår etter ras. Dèt hadde neppe skjedd i Noreg.

Fyrste møte med Skagway

Landsbyen Skagway var utruleg sjarmerande. Bygningane minte mest om kulisser frå ein eldre cowboy- og westernfilm, og det vart knipsa flittig medan vi rusla langs fortaua i tre. Byen har om lag 1000 innbyggjarar og kring 100 born i barnehage/skule (opp til 18 år). Skagway si historie er basert på gullgravinga, og denne forankringa syner òg tydeleg att i reiselivsnæringa. Dei fyrste gullgravarane kom med båt inn fjorden, held fram til fots over White Pass, før dei reiste vidare inn i landet med båt. Då ryktet om gullfunna spreidde seg på slutten av 1800-talet, lokka staden til seg mange lukkejegerar, men mange kom for seint til å finne gull, og vart verande i byen Skagway. Slik vart byen etablert, og slik vart gullgravarane på mange måtar dei fyrste turistane.

Orientering ved Park Ranger i Skagway

Mange av dei originale bygningane i byen er no eigde av Park Service. Dei er velhaldne, og nokre er utvikla til museum. Andre er utleigde til ulike forretningsdrivande, nokre er kontor, og i nokre bur det faktisk folk. Den vesle landsbyen tek årleg imot kring ein million cruisepassasjerar, og cruise står for kring 90% av verdiskapinga i byen.

Det vart eit spanande møte med ordførar, næring og andre nøkkelpersonar i byen denne kvelden. Her var det tydeleg at cruiseindustrien styrte det meste, og som ein av dei frammøtte sa: «Dei som ikkje likar det, flyttar». Det virka ikkje som om nokon såg det som eit problem.

Mike Trandel (superintendent i Klondike Gold Rush, National Historical Park) hadde tidlegare vist oss rundt i byen, og han fortalde at dei hadde tre sentrale mål: God kvalitet på opplevingane, økonomisk berekraft og ivaretaking av byen og bygningane.

Mange som var tilstades hadde flytta hit. Dei kalte det eit livsstilsval. Men byen har endra seg mykje frå byrjinga av 1970-talet. Den gongen hadde dei 35.000 besøkande årleg. Det tilsvarar besøket på to sommardagar no! Eit nøkkelord for dei var logistikk: Mykje dreia seg om å få flytta dei reisande på ein smidig måte – unngå opphoping av folk og køar. Slik skapte dei òg betre opplevingar.

Elles var det stort fokus på kor mykje cruise hadde betydd for byen, og kva dei hadde fått til for cruisepengane. Fleire påpeika kor viktig det var at ein ikkje la restriksjonar på cruisenæringa slik at det vart vanskeleg. I staden måtte ein sjå sine eigne moglegheiter der ein var og utvikle attraktive produkt ut frå dette. Marknadsdirektøren sa det slik: Folk er stort sett positive. Dei vil ha glede. Dei vil ha det ekte. Dei vil sjå staden din.

Også i Skagway var det mange operatørar utanfrå som dreiv forretning i byen, og hotellet vi budde på var eigd av eit cruiserederi. Representantane frå byen såg ikkje ut til å vere kritiske til desse forholda, men det var tankevekkande at dei i byplanlegginga hadde funne det naudsynt å reservere einskilde område for lokalbefolkinga.

Frå den norske sida vart det stilt spørsmål ved mangelen på lokalt eigarskap, drøftingar kring tolegrenser og kva opplevingar turistane sjølve meiner dei får. Frå representantane som møtte oss fekk vi generelt inntrykket av at her er det forretningane som gjeld framfor det meste (alt) anna. Opplegget deira er fyrst og fremst styrt av kva som gagnar det økonomiske resultatet.

Onsdag 29. juni: White Pass og møte med Glacier Bay

Togtur til White Pass

Før vi forlet Skagway, fekk vi med oss eit av byens fremste reiselivsprodukt: den gamle jarnbana frå Skagway over White Pass mot Canada, ei bane som på mange måtar kan minne om Flåmsbana. Ruta vert òg kalla «Scenic Railway of the World» og var ferdig bygd i 1900. Jarnbana vart ein langt lettare veg til Klondike. På strekninga frå Skagway ved fjorden kleiv toget i jamn stigning oppover i terrenget, og berre vi kom oss over det mest skogvekste – stort sett prega av nasjonaltreet Sitka Spruce (gran) – vart utsynet upåklageleg: Ville toppar, brear og flotte fossefall. Mektig! Nokre av oss fekk òg eit glimt av fjellgeitene i det høgastliggande området. Artig!

Lunsjen åt vi på eit særs triveleg gjestehus inne i eit tidlegare gartneri. Mange av rettane var økologiske og baserte på lokale råvarer, og både innandørs, men særleg utandørs, var det ei fantastisk blomeprakt.

Ettermiddagen baud på eit av dei største høgdepunkta på turen. I sjøfly vart vi tatt frå Skagway og utover områda som utgjer verdsarven Glacier Bay. Piloten gav oss ei rundreise over eit makelaust naturlandskap med enorme og ville brear, ville toppar og grøne, breie fjordar. Med berre litt geologikunnskap i bakhovudet, vart dette ei reise der landskapet sjølv fortalde historiene om korleis fjordlandskapet ein gong vart danna hos oss, og korleis det vert danna i Alaska i dag.

Torsdag 30. juni: Med Park Rangerane på cruiseskip

Torsdagen vart det litt ulike program i gruppa. Underteikna fekk følgje av ein av leiarane for formidlinga i National Park Service og vart med henne for å sjå og lære meir om korleis dei driv formidling på cruiseskipa i Glacier Bay.

Natur Park ranger i aksjon på cruiseskip

Resten av gruppa held seg på senteret til National Park Service der dei fekk presentasjonar om korleis ein handterer trafikken av ulike farty i nasjonalparken, cruisetrafikken, planverkty og konsesjonsgjeving. I løpet av dagen hadde òg den norske delegasjonen presentasjonar om korleis ein arbeider i vårt verdsarvområdet – både med forvalting, utvikling og formidling.

Damene på turen samla framfor John Hopkinsen breen: F.v. Sandra, Anbjørg, Merete og reiseleiar Jan.

Å vere med på cruisebåten vart ei stor oppleving. Formidlingskonseptet var umåteleg heilskapleg og samarbeidet med kapteinen var prega av gjensidig respekt. I løpet av turen inn i Nasjonalparken, var det jamleg informasjon ved ein av National Park Rangerane frå brua. Samstundes hadde dei etablert ein stand på ein sentral plass på båten. Her hadde dei ulikt informasjonsmateriale, men òg bøker og anna til sal. Ut på dagen vart det køyrt eit eige barneprogram, og likeeins gjennomførte dei eit eige program for dei vaksne i kinosalen. Alt dette gjennomsyra av stoltheit, omsorg for verdiane i nasjonalparken og god tilpassing til dei ulike målgruppene. Imponerande!

Som avslutting på dagen vart vi invitert til Gustavus der bygdefolket inviterte «the Norwegians» utandørs bygdakveld. Fantastisk sjarmerande, og koseleg å prate med folket på den vesle plassen som hadde om lag 350 innbyggjarar. Snakke meg om gjestfriheit og herlege folk!

Fredag 1. juli: Møte med villmarka

Katrin Blomvik vart med vertskapet på eit av cruiseskipa for å sjå nærmare på korleis cruisetrafikken vert handtert i praksis, og for å drøfte korleis vi skal ta samarbeidet med Glacier Bay vidare.

Resten av gruppa fekk prøve seg som turistar på ein av skyssbåtane i Glacier Bay. Båten gjekk nært inntil land og øyar, før den kom inn i området prega av dei enorme isbreane. Undervegs formidlar Park Rangerane levande og godt om det vi såg og sette dette inn i ein større samanheng. Her hadde vi òg høve til å stille spørsmål og drøfte forvalting og utvikling.

For mange av oss vart møte med villdyra det sterkaste denne dagen. Frå båten fekk vi sjå villgeiter beite på ei flå i ei styggbratt fjellside, vi såg store koloniar av selar velte seg på berga og nyte solstrålane, kvalar braut sjøflata og sende opp søyler med sprutande vatn. Vi såg sjøotrar kike nyfikne på oss eller segle på ryggen med ein liten unge på magen, og havørner som elegant stupte etter fisk. Men det største var å oppleve bjørnane som lunta ned mot sjøkanten – roleg og sindig, kanskje med ein unge eller to på slep. På toppen av det heile fekk vi sjå to ulvar gå i skogkanten og ete markjordbær!  

Ein makelaus avsluttingsdag på ein makelaus tur! Etter dette kunne vi byrje på turen heimatt. Men som vårt fantastiske vertskap sa på avsluttingsmiddagen: Dette er ikkje ei avslutting, men ein start på eit spanande samarbeid der vi skal lære av kvarandre, ta vare på viktige verdiar og arbeide for vidare utvikling av verdsarvområda våre i fellesskap.

Vi har så vidt byrja å skisse på ein avtale om framtidig samarbeid. Vi trur vi har mykje å glede oss til…

Tusen takk til eit fantastisk vertskap i Alaska!

Tekst og foto: 

Merete Løvoll Rønneberg