Pressemelding: Vestnors fjordlandskap på studietur til Glacier Bay i Alaska.

Verdsarvrådet arbeider for at den samla forvaltninga av verdsarvfjordane må bli meir heilskapeleg, fremje ei klima og miljøvenleg utvikling i tillegg til styrke langsiktig vediskaping

Fredag den 24. juni reiser ein breitt samansett delegasjon frå Vestnorsk fjordlandskap på ein 10 dagars studietur til verdsarvfjordområdet Glacier Bay, Alaska. Tilsaman 9 personar deltek fordelt på 4 frå Geirangerfjordområdet og 5 frå Nærøyfjordområdet. I tillegg deltek ein repr. frå Cruise Norway og 1 repr. frå Sjøfartsdirektoratet sjå vedlagt oversikt.

Turen er ei oppfylging av ei tilsvarande vitjing frå Glacier Bay i august 2015 og vert gjennomført som ein del av ein innleiande fase med mål om å etablere eit fast og matnyttig samarbeid mellom to verdsarvfjordområde med fleire felles utfordringar og mulige utviklingsvegar.

Føremålet er, i tillegg til å lære om fjordlandskapet, å utveksle røynsler og gjennomføre drøftingar kring aktuelle samarbeidstema som :

Hans Erik Ringkjøb, ordførar Voss kommune og leiar for verdsarvrådet. 

  • Forvaltninga av verdsarvfjordane - med særleg fokus på styring av cruiseaktiviteten, (Alaskamodellen), finansiering gjennom miljøbidrag, forsking og overvaking mv.

  • Formidling og informasjon - organisering og gjennomføring av aktivetar retta mot gjester og skular samt gjennom informasjonssentra.

  • Lokal samfunns- og næringsutvikling status og mulige strategiar.

    Hans Erik Ringkjøb Leiar av Verdsarvrådet og ordførar i Voss kommune har fylgjande kommentar:

    "Det er viktig at me får god kunnskap til korleis verdsarvområda våre kan forvaltast. I ei tid med aukande turisme, er det vår oppgåve å peike på gode løysingar som sikrar at me kan ta i vare verdsarven og legge til rette for ei god utvikling utan at me set verdsarvstatusen i fare."

  

Pressekontakt:

Hans Erik Ringkjøb, ordførar i Voss kommune og leiar av Verdsarvrådet, tlf: 971 38 720.
Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune og nestleiar i Verdsarvrådet, tlf: 464 11 001.

Kontaktinfo Verdsarvsekretariatet:

Sekretariat Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap/ Sekretariat Nærøyfjordområdet:
Erling Oppheim, Tlf: 95 17 25 95, Epost:
erling@naroyfjorden.no

Sekretariat Geirangerfjordområdet:
Katrin Blomvik, Tlf: 95 42 73 90, Epost:
katrin@verdsarvfjord.no

Pressemelding i Pdf-format. 

Deltakarlista. 

Les om våre partnarar