Geologiske verdiar

Geologisk kan området klassifiserast som eit særs velutvikla klassisk fjordlandskap.

Landskapet er eit ungt, og geologisk aktivt, glasialt landskap. Geomorfologisk er området særprega. Både fjordane sjølve og mange sidedalar utgjer gode døme på typiske isbreforma U-dalar, mellom sidedalane er det òg klassiske ”hengande sidedalar”.

Store delar av berggrunnen i området høyrer til Jotundekket. Store flak av grunnfjellsbergartar vart skuva saman og omdanna til gneis, gabbro, mangeritt og anorthositt under den kaledonske fjellkjedefoldinga. Desse bergartane er næringsfattige og harde bergartar. Dei la seg oppå yngre, fyllittiske bergartar.

Anorthositt er ein omdanna størkningsbergart som er bygd opp av mineralet feltspat. Dette er ein veldig lys bergart og kjem fram i terrenget i form av lyse gråtonar på snaufjellet. Dette kjem særleg godt fram i Bleia – Storebotn området der anorthosittiske bergartar dominerar. Eit blikkfang er òg Kvitmålane under Skomakarnipa i inngangen til Nærøyfjorden og innover mot Dyrdal. Her lyser den kvite, steile bergveggen mot alle som kjem utover frå Aurland. Anorthositt har kommersielt interessante eigenskapar. Dei viktigaste førekomstane som kan vere av næringsinteresse finn ein i eit større område kring Jordalsnuten, og særleg aust for Nærøydalen.

Ved Bleia er fjordlandskapet spesielt storfelt. På nordsida finn ein det største samanhengande relieffet i Sognefjorden, frå fjordbotnen (1000 m djupt) til toppen av Bleia (1717 moh). På nordsida av Bleia dannar ravinar og ryggar uvanleg storslegne, særmerkte formar. Dei kvartærgeologiske prosessane er her særs aktive. Topplatået av Bleia og fjellområda sørover er restar av det gamle slettelandet (peneplanet). Dei representera soleis landformene frå før istidene.

Dei bratte fjordliene gjev rike moglegheiter for å studere kvartærgeologiske fenomen som faste skredfar og raskjegler og årvisse snøskred. Inste- og Ytste Drøfti på nordsida av Bleia er dei mest markerte og særmerkte skredfara i planområdet. I Nærøyfjorden utgjer Breidskrea utom Bakka og eit markert stor skredfar like ovanfor Styvi gode døme. I Bleiaområdet, ovanfor Revsnes, trer det fram tydeleg spor etter eit større fjellskred.

Inst i dalføra finn ein gjerne markerte botnar. Her ligg ofte små vatn danna av botnbrear som har skura seg nedover i berg-grunnen. Eit særleg godt døme finn ein i Huldabotnen inst i Styvisdalen og Undredalsvotni aust for Skammadalshøgdi.

Innanfor verneområda finn ein både større brear og mindre ”evige” snøfonner. Den største breen er Fresvikbreen (1648 moh) på vestsida av Nærøyfjorden. På austsida ligg den mindre breen Syrdalsbreen (1761 moh). På austsida av toppen av Bleia (1717 moh) ligg òg ein liten bre. Nær Fresvikbreen, og i fjellområdet mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden finn ein òg fleire småbrear og evige fonner. Breidskrea utom Bakka er eit mektig døme på aktive geologiske prosessar i Nærøyfjorden.

Dei store fossane inst i Nærøydalen, Sivlefossen og Stalheimsfossen er kjende attraksjonar. Mindre kjend er fossen i Vetlahelvete, gjelet som kjem ned frå Jordalen. Alle desse er døme på større elvar som tidlegare rann mot Voss. I heile Nærøyfjorden kastar 25 fossar seg utfor. Kjelfossen med 150 m fritt fall og 840 m totalt fall har det 18. høgste totale fallet i verda. Etter at bre-isen forsvann, er det i kvartærgeologisk samanheng mykje det frie vatnet i elvar og bekkar som formar landskapet. At det finst heile vassdrag utan inngrep, der erosjons- og landformingsprosessane går naturleg, er unikt. Vassdraga Undredalselvi, Dyrdalselvi, Kolarselvi (Nordheimsdalen), Nærøydalselvi (med unntak av sideelva Jordalselvi), Nisedalselvi, Vossovassdraget og Flåmselvi i området er verna mot kraftutbygging.

Eit landskap i endring

Nærøyfjorden som del av Vestnorsk fjordlandskap, er skrive inn på Verdsarvlista til UNESCO grunna spennvidda mellom fjorden og fjella som gjev eit variert bilete av fjordfenomenet.

Området er prega av særmerkte formasjonar, levande geologiske prosessar og kontrastar i klima frå fjord til fjell.

Berggrunnen i området legg grunnlaget for vegetasjon, næringsgrunnlag og busetnad i området. Under den kaledonske fjellkjedefoldinga for over 400 millionar år sidan, vart store flak av grunnfjellsbergartar skuva saman og omdanna til næringsfattige og harde bergartar som la seg oppå yngre, fyllittiske bergartar. Dette kjem fram som karakteristiske fargenyansar i fjellet og har samstundes kommersielt interessante eigenskapar, (t.d. anorthositt-gruvene i Nærøydalen).

Fjordar og store fjorddalar

  • Nærøyfjorden

  • Aurlandsfjorden

  • Sognefjorden

  • Nærøydalen

  • Aurlandsdalen

  • Lærdalsdalen

  • Flåmsdalen

Skredfar

I dei bratte fjordliene finn vi dramatiske vitnesbyrd om den ville naturen i form av faste skredfar, raskjegler og årvisse snøskred. Dette skuldast at bergarten i området forvitrar lett og kan vere ustabil.

  • Inste – og Ytste Drøfti på nordsida av Bleia
  • Breidskrea utom Bakka
  • Bleiaområdet, ovanfor Revsnes, trer det fram tydeleg spor etter eit større fjellskred
  • Oppover dalen i Lærdal er det òg ei rekkje døme på skred og rasvifte

Brear

Innanfor området finn vi både større brear og mindre «evige» snøfonner. 

  • Fresvikbreen (1648 moh) på vestsida av Nærøyfjorden er den største breen i området
  • Den mindre breen Syrdalsbreen (1761 moh) ligg på austsida av Nærøyfjorden
  • Ein liten bre ligg og på austsida av toppen Bleia (1717 moh)
  • Nær Fresvikbreen, og i fjellområda mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden finn ein òg fleire småbrear og evige fonner
  • Det finnest store fonner og småbrear i fjellområda i Aurland. Dei viktigaste er Vargebreen og Skommabreen, Blåskavlen og Storskavlen.

Vassdrag og fossar

Dei store fossane i området er kjende attraksjonar. Etter at breisen forsvann, er det i geologisk samanheng det rennande vatnet i elver og bekkar som formar landskapet. At det finst heile vassdrag utan inngrep, der erosjons- og landformingsprosessane går naturleg, er særprega for vårt område.

  • Sivlefossen og Stalheimsfossen inst i Nærøydalen

  • Brekkefossen og Rojandefossen i Flåmsdalen

  • Stødnofossen i Lærdal

  • Turlidfossen i Aurland

  • Kjelfossen i Gudvangen

  • Huldafossen i Fresvik

  • Undredalselvi

  • Dyrdalselvi

  • Kolarselvi (Norheimsdalen)

  • Øvre del av Erdalselvi

  • Nisedalselvi

  • Vossovassdraget

  • Flåmsvassdraget

(Framsidefoto: Ruben Bøtun "Huldafossen")

Det ville livet

Planter og dyr er ein viktig del av den ville verdsarven. Fleire klimasoner frå dei høg alpine fjellområda til dei varme dalbotnane og fjordliene gjer at variasjonen i dyre og plantelivet er stor. Dette temaet tek føre seg dei viktigaste biologiske samanhengane som karakterisera området vårt.

Den relativt unge bergarten fyllitt skapar grobotn for kalkkrevjande planter og gjer at den biologiske variasjonen i området er stor. Området er difor av stor interesse for botanikarar og andre naturinteresserte. Vegetasjon som vert opplevd som sterke landskapselement i området er m.a. rike førekomstar av edellauvskog og urskogsprega vegetasjon langs fjordane, i tillegg til slåttenger og beitemark med innslag av styvingstre.

I fjellet ligg fleire område med myrar og vatn som er viktige for våtmarksfugl. Grånosmyrane naturreservat er verna først og fremst av omsyn til den rike fuglefaunaen. Nærøyfjordområdet er rikt på rovfugl med fleire hekkande artar.

Når det gjeld vilt finn vi m.a. villreinstammer i høgfjellet og ein stabil hjortestamme i lisidene og dalane. Det er få rovdyr i området, men jerven har truleg auka i tal det siste tiåret og gaupe er registrert med jamne mellomrom.

Området har fleire elvar som fører laks og sjøaure, slik som Nærøyelvi, Flåmselvi, Lærdalselvi og Aurlandselvi. I Aurlandselva er fiskebestanden så liten at det ikkje er opna for laksefiske, og Lærdalsvassdraget er angripe av lakseparasitten Gyrodactilus Salaris og er under behandling med surt aluminium.

Innanfor Verdsarvparken ligg fleire urørte og villmarksprega område. Desse inngrepsfrie områda har stor forskings- og referanseverdi for plante- og dyrelivet.

Nokre av dei særeigne fugleartane du kan vere heldig å få sjå i området

  • Kongeørn
  • Tårnfalk
  • Fjellvåk
  • Jaktfalk
  • Havørn
  • Hønsehauk
  • Sporvehauk
  • Dvergfalk
  • Kvitryggspett
  • Sjeldsynt andefugl

 

PRØV FISKELUKKA I

  • Nærøyelvi (laks og aure)
  • Flåmselvi
  • Lærdalsvassdraget er angripe av lakseparasitten Gyrodactilus Salaris og er under behandling med surt aluminium
  •  

SKOG

  • Edellauvskogane langs Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er rike og har eit høgt innslag av lind.                                                                                                    
  • Ved Morki i inngangen til Nærøyfjorden er det òg ein velutvikla lindeskog der ein mellom anna kan finne den sjeldne edellauvskogstilknytte arten huldregras.
  • I Nordheimsdalen finn ein meir samanhengande furuskog. Dei øvre delane av dalen har urskogspreg.
  • I Legdene, som ligg ovanfor Lægdaviki i Nærøyfjorden veks òg gamal furuskog.
  • Både ved Hausagjelet innanfor Revsnes og i lia aust for Instegjelet over Indre Frønningen i Bleia naturreservat er det unik furuskog, det same og ved Kristenkamben i Bleia – Storebotnen landskapsvernområde. Ved Hausagjelet finn ein truga kryptogamflora knytt til urskogsprega skog med mykje osp.

(Photo: Rein Arne Golf).

Verneområda

Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden, er sett saman av fleire verneområde av ulik kategori, samt busette område utanfor vern etter naturvernlova.

Føremål for Nærøyfjorden Landskapsvernområde
«Føremålet med Nærøyfjorden landskapsvernområde er å ta vare på det eigenarta natur- og kulturlandskapet frå fjord til fjell med eit mangfaldig plante- og dyreliv skal takast vare på. Slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne er framleis i  aktiv bruk gjennom landbruket, og dette er ein vesentleg del av landskapet sin karakter, og er ein del av landskapsvernet.» 

Føremål for Bleia – Storebotnen landskapsvernområde
”Føremålet med Bleia – Storebotn landskapsvernområde er å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur og kulturlandskap frå fjord til fjell. Her utgjer bre-isen si forming av det gamle slettelandet og fjordlandskapet med ein variert vegetasjon og fauna med villrein ein vesentleg del av landskapets karakter.”

Føremål for Bleia naturreservat
”Føremålet med fredinga er å sikre ein lokalitet med urvalmue (Papaver radicatum ssp. relictum) av særleg vitskapleg verdi og eit særmerkt fjordlandskap sin kvartærgeologi med uvanleg storskala ravinar og fjellryggar, og med eit botanisk og urskogprega verdfullt område frå fjord til høgfjell.”

Føremål for Nordheimsdalen naturreservat
”Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området utgjer eit intakt nedbørsfelt med ein skoggradient frå fjøre til fjell, og som ha eit uvanleg stort mangfald av ulike furuskogstypar som høyrer heime i dei indre fjordstroka, til dels med eit urskogpreg som truleg er det sterkaste ein finn på Vestlandet.”

Føremål for Grånosmyrane naturreservat
”Føremålet er å frede eit fjell- og våtmarksområde med hekkefunksjon for eit rikt og sårbart fugleliv.”

Mål for forvaltninga i busettingsområde
Busettingsområde som ligg innanfor verdsarvgrensene skal forvaltast på ein slik måte at natur- og kulturminneverdiar ikkje vert forringa. Med verdsarvstatus er det viktig å sikre heilskapen i landskapsbiletet på tvers av vernegrensene, og sikre dei geologiske prosessane, ta vare på det eineståande vakre landskapet, med kulturlandskapet og levande bygder.

Dei fleste busettingsområda ligg i Aurland kommune, med unnatak av gardane Stalheimsøyni og Sivlesøyni i Voss kommune. Arealforvaltninga vil i busettingsområde i hovudsak skje etter plan- og bygningslova. Føremålet til Plan og bygningslova (§ 2) er formulert slik:

”Planlegging etter loven skal legge til rette for samordning av statlig, fylkeskommunal og kommunal virksomhet og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressurser, utbygging, samt å sikre estetiske hensyn. Gjennom planlegging og ved særskilte krav til det enkelte byggetiltak skal loven legge til rette for at arealbruk og bebyggelse blir til størst mulig gavn for den enkelte og samfunnet. Ved planlegging etter loven her skal det spesielt legges til rette for å sikre barn gode oppvekstvilkår.”

(Foto: Torunn Todal Laberg)

 

Kulturarven

I Verdsarvparken fins det ein rik og variert kulturarv. Korleis har menneska her brukt landskapet gjennom tidene? Og kva spor finn me etter dette i dag? Kulturminna i området kan gje forståing for korleis menneskeleg bruk har sett sitt preg på landskapet me kan sjå i dag. Landskapet i området vårt er variert og fer frå høgfjell til lågfjell, dalar og fjordbygder. I dette landskapet har det vore menneske sidan steinalderen, som har tilpassa seg det spelerommet landskapet gjev. Til gjengjeld har den menneskelege bruken sett preg på landskapet, både i form av anlegg og konstruksjonar, men òg i form av vegetasjon og landskapsformer skapt i samband med næringsvegar og kulturlandskap

Bondesamfunnet har truleg vore den samfunnsendringa som har hatt størst påverknad på landskapet. Der det elles ville vokse skog finn me som følgje av denne bruken åkrar, slåtteteigar, beiteområde, styvingstre, gardstun, husmannsplassar og stølar. Dette ser me i dag som grender og gardar langs fjorden og i dalbotnane.

Utmarka og fjellet har vore, og er, ein stor ressurs for dei som bur her. For gardane har vedhogst, sanking av vinterfôr, jernvinne og jakt vore ein stor del av dei samla inntektene. I dag er jakt og bruken av skog og fjell knytt til fritid og rekreasjon. Nokre av dei gamle vegane som var knytt til utmarksbruken er i dag viktige turvegar.

 

Kontakt og handel

Gjennom kontakt mellom landsdelar og handel har det vokse fram sentrumsstader, som m.a. òg har vore sete for stormenn og mektige slekter som har vore med og prega historia. Desse er kjent gjennom gamle skriftlege kjelder, men òg gjennom synlege spor i landskapet, som kyrkjer, storgardar og sentrumsstader. Nokre av kyrkjene i området er frå mellomalderen, der nokre er byggverk i stein medan andre er stavkyrkjer. Av berre 28 attverande stavkyrkjer i Noreg, står tre i parkområdet, (Undredal i Aurland, Borgund i Lærdal og Hopperstad i Vik).

 

Trekk som kjenneteiknar kulturhistoria i området:

  • Jakt i fjellet, frå jegersamfunnet i steinalderen til i dag.

  • Bruk av fjordane som ferdselsvegar

  • Båtbygging

  • Kontakt og ferdsle i fjellområda mellom aust og vest

  • Bondesamfunnet frå jernalderen til i dag

  • Klyngjetun

  • Høgdegardar

  • Stølsdrift

  • Frå klassedeling til egalitært samfunn

  • Skoproduksjon

  • Stavkyrkjer

 

Besøk den levande kulturarven i området:

  • Aurlandsskoen Economuseé

  • Geitost i Undredal

  • Gamalost frå Vik

  • Kystled Nærøyfjord

  • Rallarosa stølsysteri, Flåmsdalen

  • Besøksstølen til Skjerdal, Aurland

 

Grender, gardar husmannsplassar og stølar som må opplevast er:

  • Styvi gard og gardsmuseum

  • Strandsitjarstaden på Bakka i Nærøyfjorden

  • Klyngetunet Otternes

  • Høgdegardane Stigen og Nedbergo

  • Godset på Frønningen

  • Stølen Engi i Fresvik

  • Sivle gard

  • Husmannsplassen Hausen i Lærdal

  • Sinjarheim og Almen i Aurlandsdalen

  • Husmannsplassen Nåli ved Stalheim

  • Stølen Langhuso i Undredal

 

Viktige kulturminne knytt til ferdsle i området:

  • Postvegen frå Bleiklindi til Styvi i Nærøyfjorden

  • Stalheimskleiva

  • Historisk rute i Lærdal

  • Bygningssamlinga ved Stalheim hotell

  • Stølsvegen Rimstigen

  • Flåmsbana

  • Jordalsvegen

Bakka

Grenda Bakka

Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På vei inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen. Grenda er truleg mest kjend for den kvite kyrkja, som er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, som òg stod for store delar av byutviklinga av hovudstaden Christiania. Grenda er også kjend for den populære Verdsarvturen som kvart år tek til mellom Bakka og Tufto.

Borga

Rett søraust for bnr. 2, lengst sør i grenda, ligg ei lita høgd kalla Borgahaugen. Tradisjonelt vert det sagt at det skal ha ligge ei bygdeborg på haugen. Dette er ei spanande segn, men ser ein på plasseringa til Borga, skil denne seg frå den klassiske plasseringa av bygdeborgar. For å kunne fungere som ein god tilfluktsstad måtte ei slik borg ligge på ein topp i terrenget, helst med svært bratt tilkomst, slik at det vart lett å stenge fienden ute med murar der det elles var mogleg å komme til. I arkiva les ein ofte om borg-namn i samband med gravhaugar og røyser. Dette kan vere forklaringa på namnet, ettersom det visstnok kal ha ligge ei røys på staden.

Kvinnegrav med vev

I ei anna røys som låg 200 meter nord for stova på garden vart det funne fleire kljåsteinar. Kljåsteinane var truleg utforma i kleber eller skifer og brukt som tyngder nedst på renninga på ein oppstadvev. Oppstadveven vart mest brukt i yngre jernalder og i vikingtida, og vevinga var hovudsakleg kvinnearbeid. Teknikken går ut på at den som vever står oppreist under arbeidet, det vert ikkje brukt skyttel, og skiljet skiftast med hendene. I tillegg vert innslaget slått med ei vevskei.

Ein god gard ved fjorden

Det er nærliggjande å anta at Bakka og Tufto opphavleg har vore del av ein og same gard, ettersom dei vert omtala som indre og ytre Bakke i kjelder opp til 1600-talet. Ytre Bakke (Tufto) vart fråskilt som eigen gard rundt 1750. Allereie rundt 1700 var folketalet på garden høgt, sett i høve til dei andre gardane ved Nærøyfjorden. Dette tyder på at garden var relativt stor. At gardfolket på Tufto på 1700-talet vart rekna som velstandsfolk viser òg at garden gav eit godt utkome. Såpass vidgjeten var rikdomen til bonden på Tufto, at det går ei segn om at rikdomen skulle komme frå den store gravrøysa på Holmo, på motsett side av fjorden. Sanninga er nok heller at folket på Tufto var både gode arbeids- og handelsfolk.

Bruken av utmarka

Gardane i grenda Bakka henta mykje av utkomet sitt i utmarka. Av utmarksnæringane var særskilt stølsdrifta avgjerande for talet på husdyr ein kunne fø på gardane. Til saman har det ligge seks stølar under dei to gardane: Flåtane, Seltuft, Stølsnes, Rimstigen, Breidalen og Røyrdotten. Vegen opp til fjellstølane var opphavleg ein godt opparbeida kløvjeveg, somme plassar med fine oppmuringar. Vegen heiter det same som ein av stølane, Rimstigen. I Johan Fritzners Ordbog over Det gamle norske Sprog, vert ordlekkjen -rim forklart som eit gamalnorsk ord med tydinga spile eller reim. Tydinga av namnet kan difor spele på noko som er smalt og langt.

Stadnamn fortel ofte mykje om tidlegare aktivitet på gardane og i utmarka. På Bakka finn vi stadnamnet Kolmilebakken som fortel at produksjon av trekol truleg har vore ei utmarksnæring ein gong i tida. Langs stølsvegen står det m.a. fleire almar som ber preg av styving. Truleg var det særskilt dei mange husmennene som nytta seg av denne ressursen, i tillegg til utmarksslått og fiske. Husmannsplassane låg heilt ned ved sjøen, og tuftene og murane er enno godt synlege i tillegg til fleire av nausta.

Den kvite kyrkja

I kjelder frå 1300-talet kan vi lese at kyrkja i Undredal var jordeigar og tok inn landskuld frå garden Bakka. På slutten av 1700-talet fekk bøndene høve til å kjøpe kyrkja og jorda si av kongen, og vart på den måten sjølveigarar. Etter å ha sokna til Undredalskyrkja i fleire hundre år, oppstod det diskusjon kring plasseringa og storleiken på kyrkja. For dei som sokna til kyrkja og budde i Nærøyfjorden og Nærøydalen var vegen til kyrkje både lang og utrygg, særskilt om vinteren. Eit forslag på løysing av desse problema var å flytte Undredalskyrkja til Nærøy. I 1855 vart det vedteke å opprette eit eige sokn i Nærøy. Dette kom etter eit lovpålegg om at alle kyrkjer måtte vere store nok til å romme 1/3 av dei busette i soknet. Det vart då bestemt at kommunen skulle overta kyrkja i Undredal mot at bøndene på Bakka kosta ny kyrkje der. Det enda såleis med at kyrkja i Undredal vart ståande, og at ei ny kyrkje vart teikna av den kjende arkitekten Christian Henrik Grosch. Ho vart vigsla i 1859.

Eit særmerkt miljø

Mange av bygningane på Bakka ser framleis ut som dei gjorde då dei vart bygd på 1800-talet, og tidlegare. Som heilskapleg miljø har desse stor verdi. I tillegg har einskilde bygningar stor verdi åleine. Dette gjeld t.d. eit stort naust som ligg i Blombakkaviki, med massive veggar av stein og gavlar av tre. Naustet er truleg det eldste naustet i grenda, og konstruksjonen er av ein type som strekk seg langt tilbake i tid. Våningshuset på bnr. 5 er eit tidleg døme på stovehus av midtgangstypen. Huset har klassisistisk inngangsparti og ark midt på framsida, noko som tyder på eit byggetidspunkt tidleg på 1800-talet. Likevel kan den eine delen av huset vere noko eldre.

Eit besøk på Bakka byr på opplevingar av dette godt bevarte bygningsmiljøet, og eit kulturlandskap som står i stil. Ved å ta turen opp Rimstigen får ein mogelegheit til å tenke over kva stølslivet innebar i tidlegare tider, samt få med seg store naturopplevingar. Turen vert rekna som relativt krevjande både med tanke på stigning og lengd, men er likevel svært populær blant turistar og lokalbefolkning.

Dyrdal

Ei lita grønsteinsøks frå steinalderen kan vere teikn på at det har vore busetting langt tilbake i tid i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden. Andre funn, som ei gravrøys på garden Drægo og eit felt med tre gravrøyser på garden Dyrdal frå yngre jernalder, tyder på det same. Grenda er kjend for det særprega klyngetunet nede ved fjorden, og for eit gjestfritt miljø for turfolk på fjellgarden Drægo. I grenda som ein gong hadde langt over hundre innbyggjarar, finst det ikkje lenger gardar i drift.

Vitne om jakt og fangst

Dyrdal er ein hengedal som strekk seg i retning nordvest frå vestsida av Nærøyfjorden. Nede ved fjorden ligg gardane Arnehus og Dyrdal. Sistnemnte på eit tidlegare elvedelta, der husa er trygge for snøras. Midt i dalen ligg bruket Drægali (del av garden Drægo), medan Drægo ligg øvst i dalen. Dalen ender opp på fjellet Handadalseggi, 1453 moh.

Ovanfor Drægo, både på Langafjellet og Handadalseggi, mellom Styvisdalen og Langafjellet, ligg det store fangstsystem samansett av leiegjerder, dyregraver, bogastille, skremmesteinar, stup og kløfter. Systemet er bygd opp med tanke på fangst av rein og fungerte slik at dyra, ved hjelp av skremmesteinane og leiegjerdene, vart skremde mot dyregravene og stupa. Når dyra fall utfor eit stup eller ned i ei grav, var det ei enkel oppgåve å hente fangsten for jegerane. Frå dyregravene og stupa i Handadalen eller Tundalen vart dyra frakta ned til Dyrdal via Drægo og Drægali. Alle gardsnamna er klare vitne om nettopp draging av dyr. Fangstanlegga vitnar om organisert jakt langt tilbake i tid, kan hende i jernalderen (500 f.Kr. – 1000 e.Kr).

Dyrdal i mellomalderen

Eit dokument frå 1370-åra som omhandlar sal av eit jordstykke indikerer at Dyrdal, ulikt mange andre grender, ikkje vart avfolka som fylgje av Svartedauden. Det er òg funne materielle bevis på at det levde folk i grenda i mellomalderen. Dette dreier seg om fire hustufter på stølen Vassete som ifylgje bygdebokforfattar Åsmund Ohnstad må vere av mellomalder-type i storleik og form. I grenda finst det òg tradisjon om ei segnkyrkje, som skal ha stått på Kolgrov ovanfor Arnehus i mellomalderen. Undersøkingar andre plassar på Vestlandet har vist at slike segner kan vere tufta på fakta, noko som ikkje gjer segna mindre interessant.

Livet i bygda

Likt alle andre plassar i området var det eit stort spekter i næringsgrunnlaget i Dyrdal. I tillegg til dyrehald og jordbruk, gav utmarka andre viktige tilskot til gardsøkonomien utanom jakta. På stølen Lægdene var det midt på 1800-talet god furuskog som vart hoggen. Namnet Sagelvi nedanfor stølen vitnar også om tidlegare sagbruksaktivitet. Styving av or, bjørk og lind var ei viktig næring som gav vinterfôr til dyra. Greinene på trea måtte haldast tynne for kunne nyttast til fôr. Trea vart difor haldt nede i passeleg arbeidshøgd slik at dei nye greinene kunne skjerast av og turkast og bli frakta til garden ved hjelp av båt eller slede om vinteren.

Ting- og gjestgjevarstad

Frå 1737 og til langt ut på 1800-talet var Dyrdal tingstad for Nærøy. Tinghusa låg ved sjøen på garden Arnehus, som òg hadde status som privilegert gjestgjevarstad. Det er nærliggjande å tenke seg at Arnehus og Dyrdal fekk denne rolla som ting- og handelsstad grunna tradisjonen staden hadde som lasteplass for jaktprodukt. Ettersom landevegen mellom Gudvangen og Bergen vart meir og meir utvikla, endra trafikkmønsteret seg, og Arnehus vart etterkvart usentral. Dette enda med at Gudvangen overtok gjestgjevarfunksjonen, og at ein i 1875 flytta nokre av husa frå Arnehus inn til Gudvangen, og reiste dei att der som gjestgjevarbygning.

Den kloke karen og hospitalet

Eit særtrekk i Dyrdal er at dei hadde eige hospital på 1800-talet. Dette skuldast den kloke karen Jens Larsen Drægelid som opphavleg var bonde på bruket Drægali. Etter å ha lese om tradisjonell plantemedisin lærde han seg lækjarkunsten, og vart ein vidgjeten bygdedokter. På staden «alle slag skòri» og på Solaløysa på austsida av fjorden, fann Jens dei urtene og plantene han trengde i medisingjerninga. Då Synneva Olsdotter Dyrdal, kona til Jens, omkom i ei fallulukke, overtok sonen garden medan faren bygde eit hus til seg sjølv og ei stove til å ta imot dei sjuke lenger ned mot tunet på Dyrdal. På det meste kunne Drægalien, som han vart kalla, ha 8 sengeliggjande pasientar på hospitalet.

Dyrdal i dag

I 1926 fekk staden kai og berre tre år etter eige postkontor. No er igjen postkontoret nedlagt, og heller ingen fastbuande att. Dyrdal vert i dag nytta av turgåarar som på turen får oppleve det særeigne klyngetunet på terrassen ovanfor sjøen. I tillegg kan turfolket få måltid, overnatting og kulturhistoriske vandringar på Drægo, der det no er drift om sommaren.

Styvi

Styvi er ein av dei fire grendene eller hovudgardane i Nærøyfjorden, og består sjølv av to gardsbruk og vårstølen Holmo. I tillegg har garden stølsrett på Hjølmo og Vassete i Dyrdal, på motsett side av fjorden. Før Nærøyfjordområdet fekk verdsarvstatus, vart det oppretta eit eige landskapsvernområde frå Styvi til Holmo i 1991.

Gardsnamnet Styvi

Av Oluf Rygh sin «Norske Gaardsnavne» kan vi lese at Styvi har vorte skrive på mange vis opp gjennom tidene: Styffuenn i 1563, Stiffum i 1603, Stiffuenn i 1611, Stiffue i 1667 og Stive i 1723. Slik Rygh tolka det er namnet samansett av stúfr- (=stump) og -vin (=grasslette), som tyder «Stubbe af et Træ». Andre namneforskarar meiner at namnet speglar topografien på garden, med dei smale, lange markene.

Forhistorisk tid på garden

På museet på garden finst det forhistoriske økser, både ei i stein og ei av jern. Elles finst det eitt fast fornminne som vitnar om forhistorisk tid på garden. Dette er et stor gravrøys på 15 meter i tverrmål, 1,5-2 meters høgd, og ei stor grop i midten som kjem av graving. Ei segn seier at rikdommen på garden Tufto kjem frå denne røysa, utan at dette verker særleg sannsynleg. Røysa ligg svært eksponert med godt utsyn over fjorden på det flate neset på Holmo. Denne plasseringa, kan vitne om eit ynskje om kontroll over fjordleia, og er karakteristisk for røyser som er bygd i bronsealderen (1800-500 f.Kr). Ettersom nokre rustklumpar er det einaste som er bevart frå gravinga kan vi ikkje vere sikre på dateringa av røysa, men ho vitnar uansett om busetting ein plass i nærområdet i bronse- eller jarnalderen.

Frå eitt til to bruk

Det er grunn til å tru at Styvi har vore busett før Svartedauden, og at garden vart rydda av folk frå Dyrdal. Dette kan forklare kvifor Styvi har stølsrett på Dyrdalssida av fjorden. Etter pesten vart garden rydda på nytt i 1530-40 åra. Frå dette tidspunktet og fram på 1700-talet vart garden meir og meir oppdyrka og fekk med dette høgre landskyld, eit mål på storleiken til garden. I 1763 vart garden delt i to bruk, truleg fordi tilhøva på garden var såpass gode at den kunne fø to familiar.

Postbøndene

Då postvesenet i Noreg var skipa på 1660-talet, vart det oppretta postrute mellom Bergen og Oslo, omlag på same ruta som stamvegen går i dag, med unntak av tunnelane mellom Gudvangen og Lærdal. I dei delar av året då fjorden var isfri, gjekk posten med båt mellom Lærdal og Gudvangen. Dersom isen la seg gjekk derimot ruta langs vegen frå Gudvangen til Bakka, over isen frå Bakka til Bleiklindi og derfrå langs postvegen til Styvi. Frå denne tida er det bevart ein spesiallaga farkost, ein blanding av ein båt og ein slede, som i dag er utstilt på Styvi gardsmuseum. Den 5,5 km lange vegen blei på den måten ein sentral del av postvegen mellom Bergen og Oslo, og er framleis bevart i form av ein gang- og kløvjeveg. Vegen er no restaurert og er blitt ei populær turrute.

Landskapsvernområde

Den 18. oktober 1991 oppretta Direktoratet for naturforvaltning landskapsvernområdet Styvi-Holmo, basert på det særprega og godt bevarte kulturlandskapet, vegetasjonen og den gamle postvegen. Området rundt Holmo vert rekna for å vere av særs stor verdi med lauvenger, styvingstre og stølsmiljø med bygningar. Postvegen er òg eit viktig element i landskapsvernområdet. Han fylgjer strandlina langs fjorden og er bygd opp ved hjelp av steinmurar og boltar. Murane tek seg godt ut frå sjøen, men er stadig truga av utvasking grunna bylgjene frå dei store båtane på fjorden. Dette fører til årleg behov for vedlikehald. For å minske faren for utvasking av murar og strender generelt, er det sett ned ei øvre fartsgrense på fjorden. Innanfor verneområdet ligg også Nisedalselvi som er verna mot kraftutbygging.

Gardsmuseet

For Botolv og Kjellaug Hov, som eig og skulle drive garden vidare, var verninga av området til stor frustrasjon. Samstundes som vernet la store avgrensingar på bruken, fanst det ikkje ordningar for erstatning for tap av inntekt. Heldigvis gav dei ikkje opp.

Etter opprettinga av landskapsvernområdet gjekk bruken av postvegen som turrute kraftig opp, samtidig som det stadig kom fleire turistar på besøk til Styvi. I 1993 opna gardfolket eit eige gardsmuseum og kafé. I kafeen får dei besøkande m.a. servert dei etter kvart vidgjetne vaflane til Kjellaug Hov. Museet inneheld ei stor samling av reiskap og gjenstandar som fortel om livet på garden i eldre tider. Botolv Hov beherskar sjølv gamle handverk som t.d. spinning av tau av lindebast, produksjon av hornskeier og smiing av bjøller til husdyr. Han brenn kraftig for å føre desse gamle handverkstradisjonane vidare.

Gudvangen

Bygda Gudvangen Heilt inst i Nærøyfjorden ligg bygda Gudvangen, som strekker seg frå Stalheim vest i Nærøydalen til Dyrdal ute i fjorden. Med i bygda høyrer gardane Ramsøy, Gudvangen, Skjerpi, Hemri, Hylland og Solbjørgo. Frå 1800-talet har bygda vore kjend for tettstaden ved kaia, med sine overnattingsmoglegheiter, skysstasjon og handel.

Den eldste garden i bygda

Ved å sjå på topografi og arkeologiske funn, kan vi gjere oss opp ei meining om kva som må vere den eldste garden i bygda. Mykje av området består av dalbotn på sidene av den store Nærøydalselvi. Med tanke på sollys og flaum ville ikkje dette vere den beste plassen for permanent busetting langt tilbake i tid. Ser ein derimot på garden Ramsøy, ligg denne på ei terrasse i landskapet, og kan seiast å ha den beste utsikta mot fjordbotnen. Då er det kanskje ikkje tilfeldig at det er her det eldste funnet kjem frå, ei vestlandsøks av svart basalt som kan daterast til yngre steinalder.

Postrute og masseturisme

Då statthaldar Hannibal Sejerstedt i 1647 opna postruta mellom Bergen og Oslo, vart det bygd gode vegar både over Lærdal og Filefjell, og mellom Gudvangen og Voss. Som resultat vart Gudvangen eit viktig knutepunkt i trafikken mellom Aust- og Vestlandet. I 1734 gav kongen privilegium til å drive gjestgjevarstad og handel på staden, og snart overtok Gudvangen denne rolla frå Arnehus i Dyrdal. Då jernbanen mellom Bergen og Voss opna i 1883, oppstod det ei merkbar auke i denne trafikken. Som resultat utvikla det seg ein turisme i Gudvangen som kunne stå på eigne bein. Frå englandsbåten som la til i Bergen, vart turistane skyssa med Fylkesbaatane inn i fjordane, dersom dei ikkje fylgde eigne turistskip. I Gudvangen kunne opptil 200 hestekjerrer stå klare til å ta imot reisande som skulle vidare til Stalheim, Voss og Hardanger. Mange bønder gjorde gode pengar på denne skyssen.

Byggjeskikken på tettstaden

På 1800-talet førde massane av turistar til at det vart bygd fleire hotell og andre bygningar i sentrum av Gudvangen. Den intensive byggjefasen gjer at staden har eit einskapleg og tydeleg 1800-talspreg, der sveitserstilen gjer seg særskild gjeldande. Som eit klårt bilete på dei omveltingane som gjekk føre i seg i høve til utviklinga av turismen på 1800-talet, vert tettstaden rekna som eit kulturmiljø av stor verdi i fylket. Eit framståande døme på sveitserstilen er Vikingvang hotell, som består av ein hovudbygning bygd i 1870-80, med eit påbygg frå 1890-åra. To av dei gamle gjestgjevarstovene frå Arnehus vart kjøpt på auksjon i 1739 og gjenreist på Gudvangen. Dei vart i ei tid nytta som anneks til hotellet.

Bygda i dag

Gudvangen er i dag ei levande bygd med omlag 90 innbyggjarar. I tillegg til den tradisjonelle landbruksnæringa livnærer innbyggjarane seg av handel og industri, men framleis fyrst og fremst av turisme. I tillegg til hotell og campingplassar, er det som ein del av satsinga på turisme sett i gang ei etablering av ein vikinglandsby, der vikingmarknaden står som ei viktig årleg hending. I samband med vikingprosjektet er det òg bygd ein fri rekonstruksjon av eit vikingskip, funne på Fjørtoft på Sunnmøre. Skipet blir brukt av vikinglaget til turar på fjorden, og er i tillegg meint som eit tilbod til turistar. Sett bort frå turismen ligg det òg store verdiar i førekomstane av anorthositt i området mellom Gudvangen og Mjølfjell. Anorthositten inneheld aluminiumsoksid, som er eit viktig råstoff i aluminium produksjonen, og vert elles nytta i sprengstoff, kunstgjødsel og i målings- og papirindustrien. Førekomsten har vore kjend sidan tidleg på 1900-talet, og lenge har det vore planar om bergverksdrift i stor skala. I 2005 vart det teke ut nær 200 000 tonn stein som vart eksportert og nytta m.a. til framstilling av isolasjonsmateriale.

Utvinninga av anorthositt kan m.a. vere med på å skape fleire lokale arbeidsplassar. Samstundes ligg det ei stor utfordring i samspelet mellom bergverksdrifta og dei målsetjingane UNESCO-statusen fører med seg for området.

Flåm

Bygda Flåm og Flåmsdalen, som til saman utgjer Flåm sokn, ligg i inste enden av Aurlandsfjorden. Frå å vere ei nokså typisk vestlandsbygd med større og mindre gardar, husmannsplassar og stølar, har bygda utvikla seg til det ein kan kalle ein turistmagnet. Dette skuldast i stor grad opninga av Bergensbana i 1909, og Flåmsbana i 1940.

Den fyrste busetnaden

På bakgrunn av topografi, vegetasjonshistorie og arkeologiske funn, meiner arkeolog Svein Indrelid at Fretheim og Flåm må reknast som dei eldste gardane i Flåm. På begge gardane låg det opphavleg store gravfelt, der funn frå eldre jernalder peikar mot at dei to opphavsgardane er minst 2000 år gamle. Dei eldste funna på andre gardar som t.d. Brekke er frå vikingtid, dvs. perioden 800-1050 e.Kr. Tidfestinga av desse funna, i tillegg til topografiske tilhøve, gjev grunn til å tru at denne garden vart frådelt frå Fretheim ein gong i løpet av yngre jernalder (600-1050 e.Kr).

Jernvinna i fjellet

Samstundes med den fyrste busetnaden nede i dalen, vart det drive stor produksjon og smiing av jern i fjellet ved Flåmsdalen, ved Seltuftvatnet, i Gudmedalen og ved Ryggvedlevatn. Saman med denne aktiviteten er det òg funne spor i pollendiagram som tyder på beiteaktivitet. Dette syner at det kan ha vore gardbrukarar frå Flåmsdalen som dreiv jernvinne og nytta fjellområda som stølar om sumaren.

Gardsdrift og utvandring

Frå to opphavsgardar i eldre jernalder, utvikla det seg fram til 1800-talet fleire gardar og husmannsplassar i bygda. Sjølv om dei fleste gardane var gode, var det òg nedgangstider og naud som fylgje av pest i seinmellomalderen, og krig på 16-1700-talet. I likskap med dei andre bygdene i Aurland vart Flåm ramma av ei utvandringsbylgje på 18- og 1900-talet. Dei fyrste utvandrarane frå Aurland kommune kom m.a. frå Flåm, og besto av ei familie på fire som til då hadde vore busett på Midtgarden. Dei reiste med skipet «Juno» frå Bergen til Amerika i 1844, og brukte 5 ½ veke på reisa over havet. Kjeldene viser at heile 500 menneske utvandra frå Flåm til Amerika i tida mellom 1844 og 1914.

Omveltinga i bondesamfunnet

Det seier seg sjølv at utvandringa tappa bygda for både folk og ressursar, og på toppen av dette kom industrialiseringa som òg slukte mykje arbeidskraft. Desse tilhøva gjorde det vanskeleg å halde fram med den tradisjonelle gardsdrifta. Som fylgje vart det ei endring frå naturalhushald til pengeøkonomi, nye landbruksmaskiner vart tekne i bruk, og i tillegg vart gardsarealet utskifta. Utskiftinga førte til at dei tradisjonelle klynge- og rekketuna vart oppdelte, og at husa på dei ulike bruka vart spreidde på einskilde tun. Det gamle systemet med teigblanding endra seg til at jorda vart samla til større og meir brukarvenlege einingar.

Rallarvegen

Rallarvegen kom til som resultat av bygginga av jernbanen mellom Bergen og Christiania (Oslo) i perioden 1894 til 1909. For å kunne byggje jernbanelina var det behov for anleggsvegar frå bygdene og opp på fjellet. Rallarvegen strekker seg frå Haugastøl til Myrdal, om Flåm og til Voss. På det høgste ligg vegen på 1300 moh. Dei som bygde jernbanene i Noreg vart kalla «rallarar», noko som seinare gav namn til vegen. På det meste var om lag 2400 personar i arbeid på Bergensbana.

I 1974 vart Rallarvegen opna som sykkelveg, men interessa for bruken tok seg fyrst opp på slutten av 1980-talet. Etter dette har sykkelruta vorte eit populært ferietilbod, nytta av om lag 20 000 syklistar årleg. Rallarvegen står i dag som eit godt døme på anleggsmetoden ein nytta tidleg på 1900-talet, med intakte murar og bruer frå anleggstida.

Flåmsbana

Flåmsbana går gjennom mektig vestlandsnatur med bratte fjellsider, fossar og elver. Tog strekninga er ein av dei best besøkte turistattraksjonane i Noreg. Bana kom til då det under bygginga av Bergensbana vart bestemt at det skulle byggjast ei sidebane frå denne og ned til Sognefjorden. Fyrst i 1916 vart det bestemt at traseen skulle gå frå Myrdal til Flåm. Denne sidestrekninga hadde ei lang anleggsfase frå 1923 til 1946. Grunna det steile terrenget måtte det byggast tunnelar på heile 1/3 av den totale strekninga. Ras og ulukker i samband med bygginga av bana var ikkje uvanlege hendingar gjennom desse åra.

Bana har vore i drift sidan 1941, og er i dag mest å rekne som ei regulær turistrute. I den gamle stasjonsbygningen ligg Flåmsbanemuseet med utstillingar om jernbanehistoria, og gjenstandar frå anleggstida.

 

Aurlandsvangen

Omgrepet Aurlandsvangen femner her om eit stort område, tilsvarande Vangen sokn. Dette innbefattar gardane langs fjorden frå Skjerdal til Otternes, samt gardane fram til Vassbygdevatnet. Tradisjonelt har gardane frå Vangen og nordover vore rekna som ei eiga bygd, Utbygdi. Området som her nemnast Aurlandsvangen har ei variert soge som strekk seg langt attende i tid.

Den eldste tida

Før gardane i Aurlandsområdet vart busette vart området truleg nytta på same måten som dei andre bygdene i området, i form av veiding i fjellet. Rundt Blåskavlen er det funne fleire fangstsystem med både bogastille, dyregraver og stup. Det finst ikkje eksakte dateringar for tidspunktet då drifta på gardane vart tekne opp, men graver frå førromersk jarnalder (500 f.Kr.-år 0) syner at både Aurdal og Onstad allereie då var i drift.

Aurlandsgodset

Frå den islandske ættesoga Eigilssoga, skriven på 1200-talet, kjenner vi ei mektig ætt kalla Aurlandsætta. Aurlandsætta rådde i store deler av Indre Sogn frå midten av 900-talet, og hadde ætteband til andre norske stormannsætter og til utlandet. M.a. hadde ei namngjeven kvinne, Rannveig, nære band til Olav Kyrre og det danske kongehuset. Det er òg hevda at kong Sverre si mor, Gunnhild Sultan, stamma frå Aurlands-ætta. Aurlandsætta kunne skilte med slektskapsband til dei såkalla Armødlingane på Giske på Sunnmøre, til Reins-ætta i Trøndelag, samt enkelte stormannsætter i Skottland og Irland. Det er sannsynleg at gardane Vinjum, Sult og Aurdal utgjorde kjernen i det vi kan kalle Aurlandsgodset. Desse gardane har òg gravhaugar frå vikingtida som styrker denne teorien.

To kyrkjer

I samband med innføringa av kristendommen i Noreg ser vi at mektige ætter ofte bygde kyrkjer for å markere tilhøyret sitt til den nye religionen. Like mykje som desse handlingane var tufta på religiøs overtyding, er det grunn til å tru at kyrkjebygginga var ledd i alliansebygging og maktstrukturar. Den fyrste kyrkja vi kjenner til er stavkyrkja på Rygg, som vart riven kring 1570. Kyrkja er fyrst nemnd i skriftlege kjelder i 1322, men var truleg eldre enn dette. På 1200-talet vart den gotiske steinkyrkja som i dag står på Vangen bygd. Steinkyrkja tok fyrst over som soknekyrkje då Ryggkyrkja vart riven, og truleg var det Aurlandsætta som stod bak bygginga av begge desse kyrkjene. Dette kan ha verka styrkande på bindingane mellom Aurlandsætta og kongemakta, og sambandet med ætter utanfor Noreg.

Bygdesentrum og tingstad

Fram til midten av 1800-talet, fungerte området nedanfor steinkyrkja på Vangen som bustad for strandsitjarar, naustplass og allmenning. Fram til dette tidspunktet var garden Sult (no: Onstad) på austsida av elva innehavar av viktige funksjonar i bygda. Dette hadde m.a. å gjere med ferdslevegar, der Salthella fungerte som naturleg bryggje, i tillegg til at vegen austover mot Vassbygdi gjekk på Onstad-sida, om gardane Tokvam og Loven. Den sentrale plasseringa førte til at garden fekk både handels- og gjestgjevarprivilegium på 1700-talet. I tillegg vart garden bustad for lensmannen, samt fast tingstad. Den store gravhaugen Tinghaugen, kan tyde på at staden òg hadde hatt denne funksjonen tidlegare. Då det i 1870 kom bru over elva, dampbåtbryggje på Vangen, og ny veg nord for elva i 1924 vart desse sentrumsfunksjonane flytte frå Onstad til motsett side av elva.

Frå prestegard til økologisk jordbruksskule

Frå omlag 1650 var garden Aurdal prestegard, og overtok truleg denne funksjonen frå Aabelheim på Vangen som var rekna for å vere ein svært skrinn gard. Samanlikna med andre gardar i distriktet har Aurdal uvanleg stor innmark, noko som truleg peikar attende til tida då garden var del av Aurlandsgodset. Ei rekkje prestar dreiv, og prega garden fram til han i 1937 vart teken over av Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Skulen vart oppretta i 1917, men Aurdal vart den fyrste skulegarden. På 1980-talet byrja skulen å vinkle seg inn på økologisk drift. I dag er SJH den einaste landbruksskulen i landet som i sin heilskap er godkjend som økologisk av kontrollorganisasjonen Debio. Med arrangement og kurs, samt drift av ein økologisk gardsbutikk, utgjer skulen ein drivande kraft i heile Aurland og delar av Indre Sogn. I høve til den økologiske satsinga, søkjer Aurland kommune i 2007 om å bli føregangskommune for utvikling av produksjon og forbruk av økologisk mat.

Undredal

Undredal er ei særprega lita bygd, plassert om lag midvegs inn i Aurlandsfjorden. Fram til slutten av 1980-talet var einaste veg til bygdesenteret sjøvegen. I dag er det køyreveg både vestover til Voss og Bergen og austover til Lærdal og Oslo. Vegen leier heilt ned til fjorden, der ein kan oppleve den minste kyrkja i Norden og den berømte geitosten frå dei mange geitene i dalen.

Bygda og den eldste historia

Senteret i bygda Undredal ligg i enden av Undredalen, sentralt innanfor verdsarvområdet. Til tross for fjorden som skil dei, høyrer òg gardane Horten, Nedberge, Breisnes og Kappadalen til bygda, i tillegg til Stigen og øydegarden Stokko. Bygda er best kjend for den vesle stavkyrkja, som ikkje berre er rekna for å vere den minste i Norden, men også ei av dei eldste i Noreg. Bortsett frå kyrkja veit vi lite om den eldste historia til bygda. Dei eldste arkeologiske spora finst i fjellområda sør for Undredal. Langs villreintrekket her ligg eit fangstsystem i form av oppmura dyregraver, leiegjerder og bogastille. Slike system er vanskelege å datere grunna manglande organisk materiale til 14C-datering. Arkeologane er difor tilbakehaldne med å knytte fangstanlegga opp mot dei fyrste jegerane som kom til landet i steinalderen, og meiner at bruken av anlegga snarleg må ha teke til i eldre jernalder. På grunnlag av kunnskap frå andre plassar i indre Sogn, er det sannsynleg at dei fyrste permanente busetjarane kom til bygda på byrjinga av 900-talet, sjølv om det ikkje finst arkeologiske spor etter dette.

Segna om systrene frå Undredal

Ifylgje ei gamal segn skal det ein gong i tida ha vore to systrer som eigde heile Undredal. Dei bestemde seg for å gjere noko godt for bygda. Difor bygde den eine systera kyrkja, og den andre alle vatningsveitene. Medan den eine systera vart buande i Undredal slo den andre seg ned på Langhuso. Sjølv om dette er ei segn, kan ho bere i seg ei grad av sanning. På Langhuso, som i dag er ein støl, er det i alle fall funne tufter. Den eine er 14C-datert til tidsrommet rundt år 1200. Eit anna faktum er at det er funne spor etter vatningsveiter i området der segna seier at dei skal ha blitt lagde.

Kyrkja

Frå midten av 1100-talet veit vi sikkert at det har budd folk i bygda. På denne tida vart stavkyrkja oppførd, truleg som ei såkalla høgendeskyrkje, eller privatkyrkje for ein stormann. I dei eldste kjeldene vert stavkyrkja omtala som eit kapell vigd til St. Nikolai, ein av dei mest populære helgenane i den katolske kyrkja. Frå vikingtida og fram til svartedauden i 1349-50 var Soopætta ei av fleire mektige ætter i Aurland. Kjeldene tyder på at det i ein periode var denne ætta som eigde Undredal, og ein tenkjer seg gjerne at desse var byggherrar for kyrkja.

Undredalsstova og klyngetunet

Ei røykstove frå 1736 er det eldste huset som framleis er bevart frå Undredal. Undredalsstova som ho kallast, står i dag på De Heibergske Samlinger på Vestreheim i Kaupanger. Hit vart ho flytta i 1903, då godseigar Gert Falch Heiberg kjøpte stova til folkemuseet i Sogn. Stova vart den fyrste tilflytta bygningen i museet, og var opphavleg ei lensmannsstove frå det gamle klyngetunet i Undredal, som låg like ved kyrkja, på vestsida av Undredalselvi. Etter at garden vart utskifta i 1902 vart mange av husa flytta ut av klyngetunet, men nokre få hus står framleis att i dag.

Røykstova har ei oppbygning som er svært lik årestove, ein bygningsform vi forbinder med mellomalderen. Her er grunnplanet delt inn i gang, kove og stove med opning heilt opp til taket med ljore i mønet. Medan årestovene har open eldstad midt i stova, har røykstovene røykomn med skorstein og peis i hjørnet.

Utvandring

Kyrkjebøker, bygdebøker og utvandrarlister syner at Undredal kan vere den bygda på Vestlandet med høgast tal av utvandrarar til Amerika på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Det er ikkje visst kva som var den viktigaste drivkrafta bak utvandringa, dvs. tilhøva heime eller forlokkande tilhøve i Amerika. Generelt kan det seiast at den kraftige befolkningsveksten og tronge kår danna eitt grunnleggjande bakteppe for utvandringa.

Undredal midt i verdsarven

Undredal har ei sentral rolle i verdsarven, både i høve til plasseringa på kartet og som eit godt døme på særmerkt kultur og natur. I denne grenda overgår talet på geiter talet på innbyggjarar. Desse dyra er difor med på å danne det særskilde preget som bygda har. Mellom anna er bygda vidgjeten for geitosten som vert produsert lokalt. Osten har manifestert seg som ei så sterk merkevare at det mest ikkje er mogeleg å produsere meir enn til lokalt sal. Annakvart år, den fyrste helga etter buføring (25. juli) går Geitostfestivalen av stabelen. Under festivalen vert det arrangert konsertar og dans i tillegg til at dei lokale produkta vert marknadsførte på ein positiv måte.

Vassbygdi

Sognefolket som bor over dette Vand, kaldes Vassbygder og siden strekker Prestegjeldet sig østefter op hvor Veyen gaa til Hallingdal i Aggershus Stift over en Green av Filefield. Deres døde kand de ikkje føre ned til Vangens Kirkegaard uden at bære dem i de trange Fodstier og over de fæle Afgrunde enten blott paa deres Rygge uden Liigkiste i de saakaldte kiæser paa Hester eller Øker indtil de kommer ned i Plainen hvor de da omsider legges i Kiste.» (Sokneprest Wigeboe om Vassbygdi og Aurlandsdalen i 1790-åra).

På grensa mot aust

Vassbygdi tek til i austre enden av Vassbygdevatnet, og delar seg der i tre dalføre: Aurlandsdalen, Midjedalen og Stondalen. Av 13 gardar totalt, ligg berre fem nede ved vatnet og heile seks gardar i Aurlandsdalen. Gardane i dalføra reknast som høgdegardar. Bygda har til alle tider hatt vel so mykje orientering mot aust som mot vest når det gjeld kontaktar og kommunikasjon. Dette skuldast at vegen frå høgdegardane i dalane og ned til Aurandsvangen var lang og vond. På den måten vart det ofte lettare å gå over fjellet mot Hallingdal dersom ein skule selje varer frå garden eller stølen. Rakaste vegen frå Aurland til Hol og Hallingskeidsmarknaden vart rekna for å gå om Grindsete til Stondalen og vidare austover.

Skålgroper

Bygda kan by på eit breitt spekter av fornminne. T.d. er det på garden Veim funne to graver frå jernalderen, og tre såkalla gropsteinar. Steinane ligg på ein rundt kolle, Kvaolahaugen, der det er ei rydd flate 25 m ovanfor ei hustuft. På to av gropesteinane er det funne 10-20 skålgroper. Skålgroper er små prikkhogne groper i stein eller berg, og viser seg ofte å ha vore laga i eldre jernalder. Funksjonen og meininga bak er uviss, men lokaliseringa som ofte knyt seg til stølsmiljø fortel kanskje noko. I nyare tid la budeiene ofte ut smør i gropene, og då dette kan vere restar av ein gamal tradisjon, trur mange at gropene har vore offergroper, t.d. til smør, blod eller talg. Skålgropene er såleis ei kjelde til tru og ritual langt tilbake i tid.

Høgdegardane

Historia til Vassbygdi er i stor grad prega av fokuset på høgdegardane, og særskilt dei i Aurlandsdalen. Desse vart godt kjend i inn- og utland frå slutten 1800-talet, då fleire av dei fråflytte gardane vart tilrettelagde for fotturistar. Fråflyttinga skuldast i stor grad utferda til Amerika, truleg som fylgje av stigande folketal, uår og nedgangstider generelt. Før dette var folket på høgdegardane vande til å leve til dels isolerte liv i lite farbare dalar, der einaste vegen opp bratte heng og fjellveggar var ved hjelp av trestiger. Ferdsle med dyr gjekk difor over fjellet og ikkje langs dalføra. Frå siste del av 1800-talet vart nokre av dei brattaste plassane sprengde ut til smale galdar (bratte bakkar eller bergrygger med stig over), t.d. Sinjarheimgalden og Nesbøgalden.

Turen frå Østerbø til Vassbygdevatnet

Ei populær turrute går frå turisthytta Østerbø ved riksveg 50, ned Aurlandsdalen og til Vassbygdevatnet. På denne turen ligg det fleire attraksjonar og fråflytte gardar. Gardane Sinjarheim og Almen har dei siste åra vore restaureringprosjekt. Sinjarheim var den siste garden i dalen som vart fråflytta i 1922. Etter at restaureringsarbeidet har gått føre seg sidan 1988, er husa her i god stand og vel verdt eit besøk. Mange let seg òg fascinere av den særmerkte plasseringa til Almastova. Ho er bygd under ein stor overhengande stein for å unngå ras og steinsprang.

På turen kan ein velje å gå Bjørnestigvarden som m.a. er kjent gjennom eit måleri av Johannes Flintoe. Måleriet vart til etter at han vandra Aurlandsdalen i 1819. Ikkje langt frå Børnestigvarden ligg det ei stor jettegryte fylt med vatn, kalla for Vetlehelvete. Ei segn seier at det boblar i Vetlahelvete dersom ein kastar ein stein i «Svartatjødnet», 200-300 meter unna.

Idealisme og dugnadsinnsats

Restaureringa av gardane i Aurlandsdalen er resultat av enorm dugnadsinnsats og samarbeid mellom fleire grupper. Eit samarbeidsorgan for alle desse er Aurlandsdalen Kulturlandskap, som arbeider med restaurering og vedlikehald av bygningar, skjøtsel av kulturlandskap og ettersyn av stien. Ei av gruppene som er med i samarbeidet er Dugnadsgruppa Aurlandsdalen, som driv restaureringsprosjekt saman med Fortidsminneforeningen og Aurland Naturverkstad. Med i det heilskapelege samarbeidet i dalen er også grunneigarar og handverkarar, Guidegruppa frå ANKA (Aurland Natur- og Kulturarv), Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland Kommune, Aurland og Lærdal Reiselivslag, og Den Norske Turistforening.

(Foto. Ivan Midje Baltov). 

Fresvik

Bygda FresvikBygda Fresvik ligg på sørsida av Sognefjorden like ved inngangen til Aurlandsfjorden. Bygda høyrer no til Vik kommune, men låg tidlegare under Leikanger. Bygda livnærer seg fyrst og fremst av tradisjonelt jordbruk og turisme basert på den vakre naturen og ei rik kulturhistorisk arv.

Stadnamnet Fresvik

Namnet på bygda var opphavleg Frøysvik, avleidd av det norrøne gudenamnet Frøy. Frå den norrøne mytologien kjenner vi Frøy som ein av vanegudane, som etter eit oppgjer med æsene vart utveksla til desse som gissel samen med far sin, Njord og systera Frøya. Framfor alt var Frøy gud for grøderikdom og ver, i tillegg til velstand, lukke og fred. Mykje tyder på at Frøy var ein svært mykje dyrka guddom i eldre jernalder, ei tid då grøde og vokster var av stor tyding for menneske som rydda gardar og livnærte seg av jorda. Per H. Bøthun såg for seg at garden Hov kunne vore staden der hovet (det norrøne gudshuset) til Frøy hadde vore.

Opphavsgarden

Mykje peikar mot at garden Bøtun er den eldste garden i bygda, og at dei andre gardane spring ut frå denne. Dette byggjer i stor grad på etymologien, der namnet «bø» kjem frå det gamalnorske «bær/byr», med tydinga gard. Stilt samen med namneleddet «-tun» er det nærliggjande å tru at dette til samen tyder «tunet på garden». Dette kom kanskje til etter at folketalet på garden auka, og fleire tun vart utskilte. Namnet botnar såleis i eit behov for å namngje det eldste tunet på opphavsgarden.

Fresvikbreen

Fresvikbreen dekkjer eit område på om lag 15 km2, og ligg aust for fjellet Huldakyrkja, aust for Fresvik-bygda. Det høgste punktet på breen ligg 1648 moh., men brearmane byrjar ved 12-1300 moh. På brearmane har ein kunne ferdast utan tau, i motsetnad til sjølve hovudbreen (Fresvikbreen), nokre hundre meter unna. Sør for breen ligg Langafjellet og Handadalseggi med sine 1511 og 1431 moh. På Handadalseggi er det funne fangstanlegg i form av leiegjerde, dyregraver og bogastille til bruk for fangst av villrein. Slike leiegjerde finst òg ved Fresvikbreen, der nokre av dei forsvinn inn under brekappa. Dette er eit synleg prov på at breen hadde ei mindre utbreiing i den tida fangssystema var i bruk, tilbake i jernalderen eller tidlegare.

Ei huldresegn frå Heljedalen

Aust for Fresvikbreen ligg Heljedalen, der det tilbake i tid låg ein fjellstøl. Ei segn frå denne stølen fortel at dei var mykje plaga med huldrer, og at dette særleg gjaldt ei ung budeie. Kvar einaste laurdag vart ho jaga av huldrefylgjet og ein huldrekall som ville gifte seg med henne. For å halde dei underjordiske vekke måtte kjærasten til jenta komme til stølen og spele på munnharpa si, men ein kveld han hadde mist harpa, byrja huldrefylgjet å pynte jenta til brur. Det enda med at guten måtte hente presten, som då bar heilag eld ut i dalen og skremde vekk huldrene. Etter den dagen skal dalen ha bore namnet Heljedalen.

Fresvik-Jordalen

Alle gardane i bygda hadde fjellstøl i Fresvik-Jordalen. Stølsvegen er 3 mil lang, tek 6-7 timar å gå, og går høgt over havet. På enkelte punkt kryssar vegen utkanten av breen, og høgste punktet ligg på Rjupeskar, på 1240 moh. Eit landemerke på stølsvegen er Fresvikvarden som har vorte ofra til opp til våre dagar. I bygdeboka frå 1965 la Per H. Bøthun fram ein interessant teori om at varden, som opphavleg skulle ha bore namnet Røssevarden, var bygd til guden Frøy. Dette kjem av det gamalnorske ordet «hross» (=hest), og kunnskapen om at Frøy var forbunde med hestar og hestekult. Fresvik-Jordalen er kjend for å vere eit særs godt beiteområde, og vi kjenner til fleire døme på strid mellom folk frå Fresvik og Vik om retten til bruken av stølsområda.

Fresvik i nyare tid

I dag bur det omlag 280 menneske i bygda og sett bort frå gardane er Fresvik Produkt den størte arbeidsplassen. Det er mest liv i bygda om sommaren når det kjem både norske og utanlandske turistar. Den vakre naturen og dei gode turmoglegheitene utgjer her den største attraksjonen.

(Foto: Ruben Bøtun)

Stalheim

Gardane Stalheim, Brekke, Sivle og Sivlesøy i Voss kommune utgjer grenda Stalheim. Bygda kan sjåast som inngangsporten til Nærøydalen og området som vert femna av Verdsarv Nærøyfjorden. Namnet Stalheim kjem truleg av den bratte Stalheimskleiva, og tyder «garden ved Stadall» av verbet «standa, stå».

Jernaldergraver på Sivle

På garden Sivle kan vi fylgje busetnaden tilbake til eldre jernalder grunna arkeologiske funn. På bruksnummer 1 på garden vart det m.a. tidleg på 1900-talet grave i den såkalla «Kjempehaugen», som låg nordvest for garden mot elva. I haugen fann gravarane to graver. Den eine inneheldt ein beltestein, våpen, reiskap og hesteutstyr, som truleg kan tidfestast til fokevandringstid (om lag 400-600 e.Kr.). Beltesteinane vart som namnet seier båre i beltet. Dei vart nytta til å gjere opp eld ved at ein slo eit syl liknande jernreiskap mot steinen. Den andre grava som låg i haugen var truleg plyndra på eit tidlegare tidspunkt ettersom gravgodset var omrota. Innhaldet i grava tyder likevel på at personen her var ein mann som vart gravlagt i yngre jernalder. Grava frå folkevandringstida er det eldste funnet vi kjenner frå grenda så langt.

Diktaren Per Sivle

Den kjende diktaren Per Sivle vart fødd i 1857 i Flåm, og veks for det meste opp på Brekke, nabogarden til Sivle. Per sitt livsløp var prega av tragiske hendingar, som då mor hans døydde då han to og eit halvt år gamal. Ettersom faren var fehandlar og mykje på reisefot, vart Per sett vekk til slektningar. Då han var seks år kom han til Brekke der han fekk ein god oppvekst. Den tragiske lagnaden heldt fram med sjukdom, øydelagde augo, hovudverk, og tungsinn som gjekk ut over diktinga. Lyspunkt i livet var kona Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen, og dottera dei fekk i 1888. Berre 47 år gamal, den 6. september 1904, tok Per likevel sitt eige liv.

Diktinga hans er velkjend blant fleire generasjonar nordmenn, der dei mest kjende verka er songen, «Den fyrste song» og forteljinga «Berre ein hund». I dikta skildra han ofte dei svake i samfunnet og hendingar frå miljøet i grenda der han veks opp.

Drakehiet

Forteljinga «Berre ein hund» handlar om ein skotsk fårehund som forsøkte å berge den engelske eigaren sin, som slo seg ihel da han forsøkte å nå det såkalla «Drakehiet». Drakehiet er ei hole i fjellet på vegen til Jordalen langs foten av Jordalsnuten, som tidligare var heilt isolert. Vegen om Nåli var einaste farbare sommarveg, der det var sett opp ein wire som vern mot stupet nedanfor. Ifylgje segna husa hola ein drage med sju hovud, eitt for kvart av dalføra som er synlege frå toppen av fjellet.

Vegen mellom Voss og Nærøydalen

I heftet «Hotel Stalheim og Nærødalen», truleg skrive på byrjinga av 1900-talet, skildrar Professor Dr. Yngvar Nielsen vegen mellom Voss og Stalheim som ein geitesti: «Det var en af disse Veie, i Anledning af hvilke det oftere er sagt, at Gjeden maa ha været Norges første Veimester, ¿. Af den Grund søgte den Reisende ikkje saa gjerne hen til Veien over Voss og Stalheim naar de frå Bergen skulde reise til det østlige Norge.» Denne vegruta mellom Aust- og Vestlandet har vore ei særs viktig ferdsleåre tilbake til dei eldste tider, men vegen vart for fyrste gong regulert veg i samband med opprettinga av postruta mellom Oslo og Bergen i 1647. På ruta fekk enkelte gardar ansvar for framføring av post, og blant desse var bonden på Stalheim.

Stalheim hotell

Alt frå mellomalderen veit vi at Stalheim fungerte som skysstasjon og gjestgjevarstad. Den store trafikken langs postvegen, danna auka grunnlag for skysstasjonen. I 1885 flytta Johann Andersen hotelldrifta si frå Vossevangen til Stalheim. Allereie då hadde hotellet plass til 150 gjestar. Hotellet vart fort vidgjete i både inn- og utland for den gode standarden og den framifrå utsikta. Blant dei berømte gjestane i pionerfasen finn vi Keiser Wilhelm II. Eitt av utsiktspunkta ved hotellet, Wilhelmshøi, ber namn etter keisaren. Det er her reist ein minnestein med innskrifta "Til Minde om Keiser Wilhelm II besøg på Stalheim" Dagens hotell er det fjerde i rekka av hotell på Stalheim.

Turtilbod i grenda

Ein fin tur frå Stalheim går til husmannsplassen Nåli, som høyrer under garden Sivle. Plassen ligg på ei «fjellhylle» langs den gamle ferdslevegen mellom Stalheim og Jordalen. Turen til Nåli frå Stalheim tek ca. 1 time, i dramatisk og storslått landskap. Turvegen er sikra og utbetra og er eit spanande besøksobjekt både for ålmenta og turistar. Det er òg mogleg å gå den gamle kongevegen som var ferdsleveg til Stalheim før køyrevegen Staheimkleiva vart bygd i tida mellom 1844-1849. Turen inn til fossen tek ca. eit kvarter og egnar seg både for unge og gamle. I tillegg er vegen tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Frønningen

Bygda Frønningen ligg mellom Revsnes og innløpet til Aurlandsfjorden, og høyrer til Lærdal kommune. Bygda grensar mot Kaupanger og Fresvik langs fjorden, og mot Aurland og Lærdal statsallmenning på land. Aust-søraust for bygda ligg fjellet Bleia, med ei høgd på over 1700 moh. Bleia naturreservat og skogen frå Indre Frønningen opp mot Bleia, er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Namnet Frønningen

Den etymologiske tydinga av namnet er uviss, men eitt av forslaga er tydinga «godt gjødsla, feit eller grøderik jord». Mange meiner at dette ikkje stemmer med dei faktiske tilhøva. Ei anna tolking av namnet er difor «fråde», avleidd frå fossen på Frønningen, som kan ha båre namnet Frønningr.

Den eldste historia

Berre nokre få arkeologiske funn vitnar om at det har vore menneskeleg aktivitet i området før mellomalderen. Eitt av desse funna er ei fin øks i bergart med bora hol til skaftet, ei såkalla skaftholøks, frå tida då jordbruket kom til bygda mot slutten av steinalderen eller byrjinga av bronsealderen. Dei to andre funna, ei øks og eit spyd, er truleg vitne om aktivitetar i yngre jernalder, dvs. perioden frå 600-1050 e.Kr. Slike funn er vanlegvis knytt til graver, men det er ikkje funne synlege teikn på slike graver i landskapet.

Medan nokre av gardane i bygda ligg nede langs stranda, ligg dei fleste gardane oppe på eit 400-500 meter høgt platå, kalla Flata eller Åsen, som ei tid vart kalla «Lagmannsås». Den eldste busetnaden i bygda ligg her, medan gardane nede ved stranda er noko yngre. Dei skriftlege kjeldene tyder på at tre gardar var busett i mellomalderen. Dette var Lagmannsås, Lagmannsvik (Buene) og Indre Frønningen. Buene var opphavleg naustplassen som høyrde til Lagmannsås. Denne garden fekk truleg namn etter at garden låg under ein lagmann, etter segna sett inn av kong Sverre. Kjeldene fortel òg at Frønningen så tidleg som 12-1300-talet inngjekk i ei større godssamling, adelsgodset til Kvålsætti i Sogn. På 1300-talet vart godset underlagt kongemakta. Ein reknar med at i alle fall delar av bygda låg aude etter Svartedauden i 1349-50.

Godset

Lem-slekta sat lenge med store eigedommar på Frønningen. Truleg hadde Hans Pedersøn Lem fyrst arva eigedomen frå mor si, den kjende fru Inger til Austrått. Då han døydde vart jorda seld, m.a. til Bergensborgarar som dreiv sagbruk. Truleg etter at Nils Pedersen Lem kjøpte eigedomen som del av ei større pakke jordegods i Sogn, var flata Lagmannsås odelsgods for Lem-familien frå 1620-talet. Lem-slekta eigde Frønningen-godset fram til 1869. Då Jan Clausson Rumohr frå garden Rikheim i Lærdal vart inngift i Lem-familien overtok han godset etter at den siste i Lem-slekta døydde utan etterkommarar. Godset er framleis i Rumohr-familien si eige, og dagens eigar er Vilhelm Rumohr.

Skogen og sagbruka

Tradisjonelt kjenner vi ikkje til at det vart drive skogbruk på Frønningen før Svartedauden. Funnet av ei øks frå jernalderen kan likevel tyde på at skogen har hatt ei viktig rolle attende i historia. Fyrst i samband med den hollandske skipsfarta, skipsbygging og gruvedrift, samt framveksten av byane på 15-1600-talet, finst det skriftlege kjelder som fortel om skogs- og sagbruksverksemd på Frønningen. Det vart bygd fleire sager i bygda, på det meste seks oppgangssager. Berre ei av desse, Gamle Sagi, er att i dag. Den store tømmerrenna som førte tømmeret frå Flata og ned til fjorden er ikkje lenger intakt, men restar etter henne er enno synlege. Drifta vart kraftig effektivisert då sagene etterkvart vart bygde nær dei store skogsteigane. Den intensive drifta førde til at det no er lite sagtømmer att, men skogen veks godt på Frønningen, slik at det om nokre år atter står sagtømmer her.

Skule, post og ferje

Medan Lem- og Rumohr-familiane hadde guvernante eller eigen huslærar til ungane sine, gjekk borna elles i bygda på skule annankvar dag. Den fyrste skulen stod på Kvedhushaugen, i nærleiken av Nyborg. I 1961-62 vart det bygt nytt skulehus like ved bruket Stølen på Flata. Dei fleste hadde tung skuleveg. Kanskje spesielt dei som budde på Buene, som hadde ein times skuleveg til fots oppover Buadalen. Andre, slik som dei på Indre Frønningen og Vetlefrønningen hadde sjøveg og måtte bu heimanfrå, t.d. på Stølen.

I 1858 starta Fylkesbaatane den fyrste ruta si i Sogn. Etter påtrykk frå godseigaren, stoppa rutebåten på Frønningen på signal. På den måten vart det omsett varer, og utveksla post og telegram. Fram til om lag 1965 heldt post- og telegrafkontoret til i hovudhuset, medan godseigaren fungerte som ekspeditør og postopnar. Etter dette vart kontoret flytt ned til kaia.

Det moderne Frønningen

Frønningen spela ei viktig rolle under siste vekene av 2. Verdskrigen, då motstandsgruppa «Siskin» heldt til her med sine våpenlager. Etter krigen har folketalet gradvis gått nedover til om lag 15 fastbuande i 2007. Frønningen grendalag som vart skipa i 1991, har gjort ein stor innsats for å bevare Frønningen som eit levande bygdesamfunn, trass i det låge innbyggjartalet. Frå 1998 dreiv Frønningen Turistservice restaurant og landhandel nede ved sjøen, men dette er no nedlagt.

Frønningen er i dag den største skogeigedomen på Vestlandet, med eit samla areal på 65 000 dekar. Av desse er om lag 50 000 dekar skog. På Frønningen er det mogleg å vitja hovudhuset, oppgangssaga og gardsmuseet som består av gamle sognehus, samla av kunstnaren Knut Rumohr. Frå ferja mellom Kaupanger og Gudvangen er det råd å bli sleppt i land på Frønningen dersom ein ber om det spesielt. Men hugs på å avtale henting med ferja på vegen heim att!

(Foto: Magnhild Aspevik)

Les om våre partnarar