Konferanse på Galapagosøyane 27-31.august

UNESCO sin tredje Verdsarvkonferanse for marine område vart halden på Galapagosøyane i august. Sentrale tema i år var klimaendringar, berekraftig fiskeri og samarbeid.

galapagosM.Santana.jpg

Forvaltarar og områdekoordinatorar frå 49 marine område som er på UNESCO si Verdsarvliste var samla for å diskutere løysingar når det gjeld dei mest presserande utfordringane desse sårbare områda står ovanfor. Erling Oppheim deltok som representant  for Vestnorsk fjordlandskap. Hovedfokus var vern/bevaring av områda, naudsynte tilpassingar til klimaendringane og  marknadsbaserte tilnærmingar for å kunne styrke eit mål om berekraftig fiskeri. Saman med leiande ekspertar og representantar for naturvern hadde dei som mål å finne berekraftige løysingar som kan vere vegen vidare for å ta vare på verda sine mest ikoniske marine område. 

Les om våre partnarar