AKTUELT

Kurs i rive- og orvlaging. Undredal 22 og 23. juli

Nærøyfjorden Verdensarvpark sammen med Undredal grendalag hadde kurs i å ta vare på tradisjonen og kunnskapen i å lage rive og orv. Orvet er skaftet som ljåbladet er festet i, og Hans Winjum fra Aurland var tradisjonsbærer i orvlaging, mens Bent Nilsen fra Sande i Vestfold var tradisjonsbærer i rivemaking.

Vi var tilsammen 7 deltagere og to kursholdere, det gikk over to lange dager. Alle som begynte på orv fikk ferdig ljå, mens rivemakerne ble ikke helt ferdig.

Det var oppslutning i å få laget tradisjonelle onneredskap, og håper de vil bli tatt i bruk!

 

 

Venster:Tinding av rive med Bent Nilsen. Foto: Magnus Wammen

Høgre: Hans Winjum kontrollerer at orvet ser riktig ut. Foto: Magnus Wammen

 

Nytt styre i Nærøyfjorden Verdsarvpark

På styremøte i Nærøyfjorden Verdsarvpark 02.juni vart det nye styret konstituert.

Styret i Verdsarvparken er samansett av i alt 9 personar. Vedtektene fastset at 5 av desse skal peikast ut av stiftarane. Dei øvrige 4 skal peikast ut av parkmøtet.

Dei 4 representantane frå parkmøtet er:

Marianne Bøthun (valgt for 1 år)

Vara: Charles Dee Cunningham

Svein Tufte (valgt for 1 år)

Vara: Marny Tønnesen

Leif Inge Undredal (valgt for 2 år)

Vara: Bjørg Fritsvold

Anders Tveite (valgt for 2 år)

Vara: Ingjerd Dymbe Anda

Bilete frå Åreleiken 2010

Eit vellukka arrangement samla i år omlag 70 deltakande.

Sjå bilete frå Åreleiken

Åreleiken 2010

Møtereferat

Referat frå Parkmøtet 2010 og styremøtet 19.04.2010 og 02.06.2010 er no lagt ut.

Du finn dei under Verdsarvparken-Møteprotokoll i menyen til venstre

Utflyging av Skogastova

Fredag 25.juni ble Skogastova flydd ut med 5 hiv av helikopter fra Skogane til Skoletunet i Bakka. Det var Airlift fra Førde som gjorde flyvningen som hadde løyve fra Fylkesmann i Sogn og Fjordane og Aurland kommune.

Les meir

Skogastova er ferdig demontert

Som en del av restaureringsarbeidet på Skogastova i Dyrdal har stova nå blitt demontert og registrert før transport ut fra Dyrdal. Arbeidet vart lagt opp som et kurs, og Magnus var kursleder.

Les meir

Ny partnar i Verdsarvparken - IL Modig

Ny partnar i Nærøyfjorden Verdsarvpark er idrettslaget frå Fresvik, IL Modig. Me ynskjer velkomen som partnar, og ser fram til eit godt samarbeid.

Parkmøtet 2010

Program for parkmøtet er no klart. Last ned her .Påmelding snarast og seinast innan 27 april til: erling@naroyfjorden.no eller tlf. 95 17 25 95.

Vel møtt !

 Ny partnar i Verdsarvparken - Stalheim landskapspark

Frå og med 15.april er Stalheim Landskapspark partner i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Stalheim Landskapspark er del av Fylkesmannen i Hordaland sitt landskapspark-prosjekt.

Me Ynskjer Stalheim Landskapspark velkomen som partnar og ser fram til eit godt samarbeid.

Les meir om Stalheim Landskapspark her.

 

 

Parkforvaltar går ut i permisjon

Gry Mørk, parkforvaltar for kulturminne og formidling, går frå 12. april ut i permisjon.

Silja Selfors tar over stillinga frå byrjinga av juni.Silja har bakgrunn frå Fortidsminneforeningen og vil tilføre Verdsarvparken nyttig kompetanse.

Påmelding til Åreleiken 2010

No er det mogleg å melde seg på åreleiken 2010.

Påmeldingsskjema

 

Ny partnar i Nærøyfjorden Verdsarvpark

Frøys Hus i Fresvik har teikna partenerskapsavtale med Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Frøys Hus tilbyr overnatting i eit renovert laftahus frå Gudbrandsdalen og serverar økologisk mat med råvarer frå Sogn.

Les meir på Frøys hus sine heimesider: froyshus.no

Ledig prosjektleiarstilling i Verdsarvparken

Nærøyfjorden Verdsarvpark planlegg å få utført kartlegging over, samt ein helskapeleg plan for restaurering og bruk av verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Nærøyfjordområdet, det sørlege delområdet av Vestnorsk Fjordlandskap. Til å ta hand om dette arbeidet treng vi ein kompetent personressurs i ei deltidsstilling over ein periode på om lag to år. 

Les meir om stillinga her.

Parkmøtet 2010

Dato for neste parkmøte er sett til torsdag 29.april, kl 10:00-15:00.

Stad: Fretheim Hotell, Flåm.

Meir informasjon kjem i nær framtid.

 

Nytilsett restaureringshandverkar i Verdsarvparken

I byrjinga av februar starta Magnus Wammen opp i jobben som restaureringshandverkar i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Magnus har over fleire år bygt seg opp kompetanse innan variert restaureringsarbeid. Ved sida av å vere utdanna tømrar, har han fleire kurs i restaureringsarbeid og har elles mykje arbeidsrøynsle innan feltet.

Les meir

Åreleiken 2010

 

Etter ein pause på to år er arrangementet Åreleiken tilbake.

Åreleiken blir i 2010 arrangert av Dee Cunningham og Hege Strømme i samarbeid med Statens Naturoppsyn og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Åreleiken blir i år 25. og 26. juni. Les meir om arrangementet under "Opplevingar" i menyen til venstre.

 

 

Aktivtetskalendaren er oppdateret

Aktivitetskalendaren vår er no oppdatert med kursprogrammet til Sogn Jord- og hagebruksskule for dei kommande tre månadane,
Me ynskjer å samle flest mogleg aktivtetar og kurs i kalendaren, og håpar derfor partnarane våre kan tipse oss om fleire arrangement og aktivtetar.

Vik Turlag sitt turprogram for 2010

(Foto: Anne Marie Bøtun Øyri)

Vik Turlag har no kunngjort turprogrammet for 2010. Turprogrammet og informasjon om turlaget finn du her.

Parkplanen er vedteken

Parkplanen for Nærøyfjorden Verdsarvpark er no vedteken. Parkplanen vert styrande for parken og partnarane sitt forpliktande samarbeid og samvirke kring den langsiktige satsinga på å utvikle samt ivareta verdiane i verdsarvområdet. Planen skal rullerast innan 2-år. Parkplanen kan lastast ned her: del 1 og del 2 .