Mangesyslaren Aurland kommune

4.trinn frå ABU og 3.og 4.trinn frå Flåm skule vart inviterte til ein kulturminnedag på Otternes Bygdetun. Me fortalde litt om tunet, og så gjekk me inn i eit av husa for å lære om å bruke ulike materiale, og få kunnskap om både tre og ull.

Edvin Flåm var med oss og lærte oss om tredreing og korleis han laga stoppesoppar. Elevane fekk kvar sin, som dei pussa fint og gjorde klare til bruk. Han fortalde også om korleis han hadde vore med i heile oppveksten og behandla ull. Me fekk prøve karding, fekk høyre om spinning og tvinning. Me hadde fått låne utstyr av Aurland husflidslag, så alle fekk prøve.

Og så var det til for mat - og den måtte ein også jobbe for. Elevane laga sitt eige smør, ved hjelp av tålmod, muskelkraft og samarbeid. Dette fekk dei så smake - som smørauga i grauten som Gro og Gry hadde laga til. Det var god stemning rundt bordet!

Dagen vart avslutta med ei fin forteljing, og me takkar elevar og lærarar for ein fin dag!

infoGro Nesse-Bremer2022