Parkprisen 2022

For første gang i historia skal me dela ut ein parkpris! Parkprisen skal gå til nokon som har utmerket seg positivt med sitt arbeid med og i ein park. Frivillige, organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar kan alle vere kandidatar.

Me ynskjer å heidre dei som står på i regionalparkane, gir det lille ekstra, og byr på seg sjølv.

Kva hadde regionalparkane vore uten dei som brenn for den?

Vinnarane får meir enn heider og ære

Parkprisen blir delt ut under vår Levende Landskap konferanse 10. – 12. mai 2022 i Nærøyfjorden Verdsarvpark. 

  • Prisen består av 5000 kr, diplom og ein kunstgjenstand frå ein lokal kunstnar.

  • I tillegg vil me i Norske Parker intervjue vinnarane, og publisere intervjuet i våre kanalar.

  • For 2022 delast det ut 2 parkprisar.

  • Frist for nominasjon er 20. april

  • Alle kan nominera kandidatar til Parkprisen.

Kriterier for nominasjon

Alle kriterier må møtast for å vere ein kandidat til prisen.

  • Prisen delast ut til ein organisasjon, bedrift, enkeltperson eller forening som skapar positiv utvikling.

  • Den/dei er aktive i ein natur-og kulturpark/regionalpark.

  • Det er ein fordel, men ingen krav om at den nominerte er parkpartnar.

  • Engasjementet/arbeidet må foregå i parken sitt geografiske område.


Nominer din kandidat her